Kategorier


Arkiv

Vellukka russefeiring, takka vere velvilje frå lokalsamfunnet

Vellukka russefeiring, takka vere velvilje frå lokalsamfunnet

Etter to år utan russefeiring, så var det mange som var spente før årets utgåve. Det enda med mykje skryt til russen, og ditto tilbake til lokalsamfunnet frå årets russ.

 

– Korleis var det å vere første russegruppa som fikk feire på nokre år?

– Veldig kjekt! Det var mange som undervegs frykta at vi ikkje skulle få feire. Det trur eg også var medverkande til at alle russane var med å dra lasset og skape ei god russetid for alle, fordi ein var så glad for å få feire igjen. Eg må skryte av foreldra til årets russ, som verkeleg sto på for å hjelpe oss å få eit godt opplegg. Russen var sjølv også utruleg flinke til å engasjerer seg. Det var eit fantastisk flott samarbeid mellom russestyra, med Mo og Øyrane-president Mathias Bøyum i spissen, som bidrog til at det vart ei bra feiring for alle, seier Tuva Viken, russepresident for Hafstad-russen, som fortel at alle ønska å hjelpe til.
– Alle var veldig engasjerte, og det var så mykje idear at vi tidvis snakka i munnen på kvarandre, men slik blir det jo når alle ønskjer å bidra, seier ho og smiler.
– Eg trur vi har lukkast med å skape ein god, inkluderande russetid for alle, slik oppfatta i alle fall eg det, seier

 

Utruleg takksame for hjelp og støtte

Med Festplassen ute av drift, var det ikkje berre comeback for russefeiringa, men også ein ny arena for russen: Moskog!

– Vi var på Moskog i år. Det var ei flott løysing: Vi slapp unna mange naboklagar på det, og vi fikk «vere i fred». Plasseringa gjorde det enklare å skilje vekk både yngre og eldre kull, sidan dei ikkje gadd reise dit, så det var mange fordeler med dette, seier ho.

Plasseringa skapte også nokre utfordringar, som vart løyst takka vere velvilje frå folk. 

– Vi fikk utruleg god støtte og hjelp frå alt frå næringsliv til kommunen, seier ho og takkar på vegne av årets russ dei involverte. 

– Sunnfjord Kommune og politiet for eit veldig godt samarbeid, og Røde kors som deltok på 16. mai i Hafstadparken. Firda Billag, som stilte med bussar og sjåførar på dei tidspunkta på natta vi ønska, og bussjåførar, og Nortura, Magne Hafstad AS, Harald Kapstad AS, Enivest AS, Berge & Co AS, Dvergsdal & Sunde AS og Scandic Sunnfjord Hotel og Spa som gjorde det økonomisk mogeleg med buss kvar natt frå Moskog til Førde. I tillegg fikk vi søppelcontainer og søppeldunkar frå Norsk Gjenvinning, Førde Bilberging transportere kioskvogna til og frå Moskog, samt varmestove og toalett frå Mesta. Og ein takk til Vookal, som lagar takkeannonse for oss.

Valde moderne kjøkken frå JKE Førde – etter 28 år med eikekjøkken

Valde moderne kjøkken frå JKE Førde – etter 28 år med eikekjøkken

Ungt par valte RAV4 PLug-in Hybrid som familiebil

Ungt par valte RAV4 PLug-in Hybrid som familiebil