Kategorier


Arkiv

 Luttfest tek koronagrep og gjer prisutdelinga digital

Luttfest tek koronagrep og gjer prisutdelinga digital

Foto: Øystein Torheim

For å få kåra årets artist blir den planlagde Luttfesten i januar digital. – Det er umogleg å planlegge ein stor musikkfestival med publikum i januar, seier festivalsjef for Luttfest, Svein Inge Bjørkedal.


Heilt sidan 2006 har Luttprisen blitt delt ut til dei beste artistane i Sogn og Fjordane med fest, glitter, stas og konsert. Festivalen hadde publikumsrekord i januar i år. I 2021 derimot set koronapandemien ei bremse på for musikkfesten. Den planlagde festen i januar blir erstatta med ei digital prisutdeling.

Måtte tilpasse seg
– Musikklivet i Vestland har fått kjenne på følgene av pandemien. Vi håpte i det lengste at vi kunne lage festival, seier festivalsjefen. Han har jobba i lang tid saman med styret i Luttfest for å finne måtar å arrangere festival innanfor smittevernreglane. Men signala frå helsemyndigheitene gjer det umogleg å planlegge ein stor fest med publikum i januar 2021.

- Prisen viktigare enn nokon gong


Luttprisen skal på turné
Sjølv om den tradisjonelle Luttfesten utgår, er planen likevel å dele ut Luttprisane for året som har gått.
– I denne tida er prisen viktigare enn nokon gong, seier Stian Sjursen Takle. Han har i alle år vore prosjektleiar for Luttprisen, og er både programleiar og musikkansvarleg i NRK Vestland. Han meiner artistane treng all merksemd og heider dei kan få i eit år der det meste av jobbar har forsvunne.


Publikum kan røyste
Dei nominerte til Luttprisane vert annonsert i januar. Så skal folk og fagjuryen få seie sitt, før festivalen skal ut på turné for å dele ut prisane i februar.
– Med oss i bagasjen skal vi ha kamera, sjekkar, diplom, blomar, heider og ære. Vi skal dele ut prisar til årets artist, årets nykommar og årets eldsjel, seier Bjørkedal. Det heile blir sydd saman til ei digital utdeling, og sendt direkte på ei rekke lokalaviser og NRK-radio i Sogn og Fjordane.

Knøtteblest i 2020. Foto: Øystein Torheim

Knøtteblest i 2020. Foto: Øystein Torheim


Mindre arrangement
I tillegg er planen å gjennomføre mindre aktivitetar, kurs og konsertar utover i 2021. Eit døme er Knøttelutt, som inviterer dei yngste til konsert.
– Barnekonserten på årets festival vart elska av borna. Vi håpar å kunne invitere inn eksisterande kohortar til konsert, til dømes barnehageavdelingar eller skuleklassar. Vi er også i god dialog med Eggstockfestivalen og kulturskulen i Sunnfjord om andre aktivitetar for unge og framstormande musikarar, legg festivalsjefen til.

Svein Inge Bjørkedal og Janne Karin Støylen. Foto: Roy Sunde

Svein Inge Bjørkedal og Janne Karin Støylen. Foto: Roy Sunde

– Fleire forfattarar utforskar nye måtar å formidle på



Nye samarbeid
I 2021 får vi også sjå første utgåve av Lutteratur, eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Rom for ord og Luttfest.
– Litteratur og musikk heng ofte tett saman, og vi har mykje å lære av kvarandre, seier Bjørkedal, som ser fram til det nye samarbeidet.

– Fleire forfattarar utforskar nye måtar å formidle på, og mange dreg vekslar på musikken i formidlinga si, seier kunstnarleg leiar for Rom for ord, Janne Karin Støylen.
Ein av dei som verkeleg har omfamna musikken og leikar seg med ulike sjangrar på scena er Tore Renberg. Han kjem til Førde som fersk vinnar av bokhandlarprisen for ein av haustens mest omtalte og omtykte romanar, «Tollak til Ingeborg». Med seg har han gitarist Aleksander Flotve, nye låtar, men og nokre gamle heltar frå bøkene som har gjort Tore Renberg til ein av dei mest leste forfattarane i landet.

– Denne gongen skriv eg på luringane sitt språk, seier Renberg om haustens roman, som er skriven på nynorsk.

– Luttfest har lukkast i å løfte unge musikarar frå regionen i ei årrekkje, draumen er å få til det same for unge skrivande. Å kunne rigge den nye litteraturfesten ved sidan av musikkfesten, gir også store mulegheiter for spanande, kunstnarlege samarbeid. Vi skal få sjå nokre fine døme på dette allereie i januar, lovar Støylen.

Heile programmet for den nye litteraturfesten vert lansert veka før jul, både på Luttfest og Rom for ord sine heimesider.

 
 
sMarte Matvalg – gjennom gode rutinar

sMarte Matvalg – gjennom gode rutinar

Jobben min: Brått sto Even i frontlina i kampen mot covid-19

Jobben min: Brått sto Even i frontlina i kampen mot covid-19