Nattope i Førde - fredag 14. november 2025
Slik deltek du:
Bongar finn du på alle butikkar som har gitt premie. Lista ligg under, og blir oppdatert framover.
Bongane finn du i butikkane frå måndag 10. november. Du kan levere bongar til og med fredag 14. november, kl 19:30.
Bongane må leverast ferdig utfylt i ein av dei bongkassane. Desse er er tydeleg merka (sjå bilete lenger oppe) og dei står plassert på Extra Kronborg, Alti og Elvetorget. OBS: 1 bong per handel over kr 100,-. Du kan levere bongar fram til klokka 19.30 på fredag 14.november, då blir boksane tømt og levert til trekking.
Det blir trekning av premiar på Torgplassen ved Elvetorget klokka 21.00, fredag 14. november. Du må vere til stades under trekninga for å kunne vinne.
Du kan levere bongane i kassene på Alti, Elvetorget eller Coop Extra Kronborg i perioden 10. november til kl 19:30, 14. november