No er Førdepatrioten digital
Førde Stadion er den fysiske heimen til Førde Fotball, der vi kjempar om poeng. Fordepatrioten.no blir den digitale arenaen, der vi skal kjempe om Førde-hjarter, spreie entusiasme og dele dei gode historiene om mangt og mykje.
– Førdepatrioten har i ei årrekkje vore Førde Fotball sitt sponsormagasin. Her har vi delt historier, både om fotballen og våre støttespelarar. No blir fordepatrioten.no eit nettmagasin, som skal modernisere kommunikasjonen vår ut mot publikum. Vår digitale heimebane, som skal spreie det gode bodskap om Førde Fotball og deira samarbeidspartnarar, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag.
Ein må kommunisere godt digitalt i dag
– Førdepatrioten som papirmagasin har vore eit godt samarbeid mellom Førde Fotball og deira sponsorar, men no er tida er kommen for å tenke nytt. Den digitale kvardagen grip stadig meir om seg, og det er viktig å henge med. Førde Fotball og VOOKAL har i fellesskap komme fram til at tida er moden for å digitalisere meir av kommunikasjonsflyten frå Førde Fotball ut mot publikum og sponsorar. Fordepatrioten.no blir ei digital nettavis for fotballen, sponsorar og samarbeidspartar, med artiklar, videoar og informasjon. Vi bygger ein SoMe-fauna rundt, som skal bidra med å bygge merkevara Førde Fotball, seier Ole Jonny Klopstad, dagleg leiar i VOOKAL.
– Vi må vere der publikum er
Lene Ellingsund er digital byråleiar i VOOKAL. Ho har ein master i digital marknadsføring og analyse, og jobbar dagleg med digital kommunikasjon.
– Det er viktig å oppsøke ditt publikum der dei er. I dag er så godt som alle, både eldre og yngre, til stades i ulike sosiale medium. Kva kanalar som er rett å bruke varierer ut frå kva målgruppe du skal nå. Til dømes brukar flest vaksne Facebook, dei yngre finn du gjerne på TikTok og Snapchat, seier Lene og held fram.
– Det er stor konkurranse om merksemda til brukarar i sosiale medium. For å skilje seg ut må ein målrette bodskapane sine mot konkrete målgrupper. Sidan Førde Fotball ønskjer å nå både dei yngste og dei eldste patriotane, vil dei bruke ulike sosiale medium, med innhald og bodskap tilpassa ulike målgrupper. På sikt er målet å digitalisere det meste av informasjonsflyten deira ut til publikum. Til dømes i form av QR-koder som sender deg til eit digitalt kampprogram, med videointervju med trenar/spelarar osv.
– Vi ser alltid framover
Målet til fordepatrioten.no er å styrke merkevara Førde Fotball, og skape moglegheiter for større sponsorinntekter.
– Som klubb ønskjer vi å alltid sjå på kvar vi kan bli betre. I dag skjer det meste av informasjonsflyt digitalt. Ved å styrke oss på digital kommunikasjon, håpar vi å kunne bli i stand til å gi enno meir tilbake til våre sponsorar og støttespelarar, året rundt. Førdepatrioten kom på papir to gongar i året, no kan vi spreie gode historier året rundt om vi ønskjer det. Då er vi alltid er på ballen. Det gir både oss og våre samarbeidspartar store moglegheiter framover, seier Arild Sandvoll, styreleiar i Førde Fotball. – Vi snakkar mykje om sponsorar og fotball generelt. Men ein viktig ting med Førdepatrioten er også å bygge patriotisme rundt fotballen og ikkje minst byen. Ein informativ nettside, der ein spreier glede, patriotisme og gode saker om næringslivet og fotballen gjennom ulike sosiale medium gjer oss meir synleg for folk flest. Vi må vere der publikum er. Og i dag er det i den digitale sfæren ein finn dei, avsluttar den patriotiske gjengen