Kategorier


Arkiv

Om du saknar noko – start det sjølv då vel

Om du saknar noko – start det sjølv då vel

Martha Angedal hadde lenge sakna ein urban kaffibar i Førde. Så til slutt tok ho likegodt og starta den sjølv. Midt i pandemirestriksjonane vart byen ein attraksjon rikare i november, då Kardemomme Kaffibar opna i sentrum sør.


– Det er ganske modig å starte opp ein kaffibar i ei tid då ein ikkje heilt veit om ein får ha gjestar dei neste vekene?

– Eg veit, seier Martha og ler. – Samtidig er det er kult å vise at det går ann å satse, sjølv om det er vanskeleg. Vi har lagt oss på eit nivå der vi klarar å tilpasse oss dei restriksjonane som gjeld til ei kvar tid. Vi merkar det når det kjem nye, men vi justere vaktlister og tiltak i takt med dei. Og eg hadde ikkje turt dette om det berre var meg. Eg står i front, men eg er langt frå åleine. Vi er fire eigarar, som legg ned stor eigeninnsats. Eg ville nok ikkje gjort dette utan å ha Drew og Maria, baristaane våre, med på laget. Konseptet hadde blitt heilt annleis utan dei. Barista er eit yrke. Eg har vore på kurs, men eg er ikkje så veldig god, seier ho og ler.


–  Eg står i front, men eg er langt frå åleine

Lite fritid
Ho starta ikkje Kardemomme Kaffibar for å skape sin eigen arbeidsplass. Kvardagane blir lett fylt av hennar eigentlige arbeidsplass: Angedalen Gard. Ein «Inn på tunet» gard med mange ulike tilbod, som blant anna tilbyr barn, ungdom, og vaksne med ulike utfordringar individuelt tilpassa tilbod på garden. Med gardsdrift, dyr, natur og sosialt samvær som ramme, er målet å gi ein aktiv og innhaldsrik kvardag fylt av ein god blanding av arbeid og leik og moro, med fokus på mestring og gode opplevingar. 
– Eg har halde på med Angedalen Gard dei siste ti åra. Tidligare budde vi der også, med sidan vi jobbar i medlevar-turnus, altså at dei tilsette bur på garden saman med ungdommane i fleire døgn samanhengande, vart det veldig lite skilje mellom jobb og fritid. Når vi fikk barn sjølv flytta vi til sentrum. Å skape eit skilje mellom jobb og fritid var litt vere eller ikkje vere i høve den jobben. Parallelt restaurerte vi hus. Heldigvis gikk eg gravid på overtid, så vi rakk akkurat å flytte inn. No har vi tre barn, og trivast godt i sentrum.


– Tre barn og to bedrifter, du kjeder deg vel sjeldan då?

– Det kan du seie. Og så er det ein del eg har lyst til å gjere, men ikkje finn tid til, seier ho med eit smil.
– Av og til lurer eg litt på det: Kvifor kaste seg ut i ei bedrift til? Når ein driv for seg sjølv blir det aldri 8-4. Men det botnar i ungdommane. Dei er drivkrafta mi. Kombinert med at Førde fortener ein slik stad. Skal vi vere ein by, må vi ha slike tilbod. Eg gjer dette fordi eg likar det og fordi eg har høg arbeidskapasitet. Økonomisk hadde det sikkert vore meir smart å ikkje gjort det, seier ho og ler.  

IMG_9034red.jpg

– Førde fortener ein slik stad



Svolten på byvibbar
Kardemomme Kaffibar er berre 1,5 månad gamal. Og frå dei bestemte seg, til dei opna, gikk det under eit halvt år. Men ideen er mykje eldre.

– Eg har lenge sakna ein skikkeleg urban kaffibar i Førde. Eg og ein kollega har snakka om at vi kunne tenkt oss ein slik, og drodla rundt dette. Angedalen Gard er ein viktig del av motivasjonen. Det er vanskeleg for mange ungdommar å komme ut i arbeidsmarknaden, spesielt for dei som ikkje er A4. Ungdommane våre har evner og ressursar, og kjempelyst til å jobbe, men dei treng gjerne tilrettelegging. Filosofien på Angedalen Gard er at dei skal lære at kjøttdeiga ikkje ligg ferdig i butikken av seg sjølv. Dei er med i prosessen frå dyr til råvare til ferdig produkt, og prisinga av dette, lærer mykje og veks på det. Dette er det ikkje alle vaksne som ser heller, så det er mange som hadde hatt godt av å oppleve det, seier ho med eit smil.
– Vi prata om korleis vi skulle få desse ungdommane opp og ut, og korleis vi kunne skape gode arenaer for dei. Det er ei side av dette. Ein ny kime var sådd for to år sidan, då Maria Gumul og Drew Cohen-Cox på Angedalen Gard på eit work away-opplegg. Dei budde i London, og hadde aldri vore på ein gard før. Då vart det også mykje prat om at spesielt eg sakna ein slik kaffibar her i Førde. Ein som gav litt byvibbar, så det var ein kime til, seier ho.  

IMG_9040red.jpg

Alt klaffa
Sidan gikk praten, og åra. Men brått byrja brikkene å falle på plass.

– Eg hadde lyst å få til noko, helst i Sentrum Sør der eg har kontor. Brått dukka vart dette lokalet ledig. Eg kontakta huseigar, og fortalte han alle planane og ideane. Han tenkte nok sitt, men etter eit møte der eg forklare planane såg han lysare på det, seier ho og ler.

– Då vi lanserte planane om å opne her, så var ein del folk kritiske til det, og meinte det ville vore tryggare på eit av sentera. Men det er her eg vil vere. Eg ser stort potensiale, det er mykje bedrifter og folk her. Vi treng kjøpesentera, men alt treng ikkje å vere der, seier ho og held fram.
– Så sende eg melding til Drew og spurte om dei hadde lyst å flytte til Førde. «Vi kjem» var svaret. På to månadar hadde dei seld alt dei hadde i London, og flytta hit. Det er kult.

Alt klaffa. Vi fikk tilgang til lokala i midten av juli, slik at vi kunne rydde og byrje å gjere dei klare. Det vart ein travel sommar. Det ligg enormt mange timar bak. Det er dyrt å starte noko, så vi har prøvd å gjer mest mogleg sjølv. Mange lurte på kor tid vi skulle opne, men vi trengte tida fram til opning i november, seier ho og fortel at det har vore mykje folk innom.

– Mottakinga har vore over det vi venta. Det har vore ei kjempekjekk tid, men mykje folk innom frå dag 1. Det er litt Førde: Alle skal innom i starten. Men det har halde fram også, folk har vore kjempeflinke til å nytte oss. Kardemomme Kaffibar er framleis veldig nytt, men det er mange som heiar og seier at Førde trengte dette. Og det same gjer vi: Førde treng alle serveringsstadane vi har, og fleire til. Det handlar ikkje om å gå kvarandre i næringa, men å komplimenterer kvarandre og skape eit breitt og godt tilbod til folk.



– Det er mange som heiar og seier at Førde trengte dette

IMG_9003red.jpg

Steg for steg mot målet
Ideen bak Kardemomme Kaffibar var å skape eit urbant møtepunkt. Dei har fått realisert mykje av det dei ønska, samtidig som dei har planar om å utvikle konseptet vidare.
– Har Kardemomme Kaffibar blitt det du ønska?  
– Vi skal snart ha eit strategimøte der vi set kursen, men målet å utvikle oss steg for steg. Om vi ser nokre år fram, håpar vi å ha fått skjenkeløyve. Ikkje for å skape ein partyplass, men for å gi eit tilbod der ein kan gå ut, drikke ei øl eller eit glas vin, få noko godt å ete og kunne kose seg nokre timar. Ein rolig stad, der folk kan møtast og slappe av. Det er eit byfenomen som vi håpar å skape i Førde også. Målet er også at det skal skje ting i lokala her. Vi har hatt yoga her, og håpar å kunne gjere meir slikt etterkvart. Men vi kan ikkje ta alle stega på ein gang, seier ho.

 
Hekta på pudder

Hekta på pudder

– Du kan ete alt – men ikkje alltid

– Du kan ete alt – men ikkje alltid