Kategorier


Arkiv

– Du kan ete alt – men ikkje alltid

– Du kan ete alt – men ikkje alltid

Foto: Sandra Marie Kråkenes

Med jula trygt bak oss, er det mange som ønskjer å byrje på eit nytt og sunnare liv. Difor tok vi ein prat med Linda Marie Stuhaug, som har gjort sunt mat til levebrød.


Hennar beste tips til deg som har lyst på eit nytt og sunnare liv i 2021 er å byrje i det små:
– Start med små endringar! Vi menneske er vanedyr og det er fort å dette av lasset visst ein skal gjere alt på ein gang. Start til dømes med å tilføre litt frukt og grønt i kvart måltid, og gjer dette til ei vane. Etter nokre veker kan du gjere ein ny endring, og slik held du fram. Om ein har lyst å starte eit nytt og sunnare liv, er ein ute etter varig endring, med eit kosthold ein trivast med og kan følge over lang tid. Derfor anbefaler eg heller ikkje å begynne på diettar eller stenge kosthaldsregime, for det klarer ein (oftast) ikkje å følge over lengre tid, det er som regel ei kortvarig løysing, seier matbloggar, foredragshaldar og forfattar Linda Marie Stuhaug. 

 

Det er rom for å kose seg
 – Kva er din filosofi rundt mat, ernæring og helse?
– Du kan ete alt, men ikkje alltid! Det er ikkje noko meir fancy enn det, seier ho med eit smil.
– Så lenge ein et sunt og næringsrikt mesteparten av tida, er det sjølvsagt rom for å kose seg også. Maten skal ikkje berre vere drivstoff for kroppen, men litt av det vi et skal også vere drivstoff for sjela! Dette gjelder uansett utgangspunkt og mål, om ein berre vil bli sunnare, om ein vil opp i vekt, ned i vekt, ønsker betre resultat av trening etc. 

Treng det å vere komplisert å leve sunt?
– Nei. Små endringar kan utgjere ein stor forskjell. Det er ikkje alltid ein trenger å bytte ut noko i kostholdet eingong, ofte held det med å tilføre ingrediensar - då tenker eg spesielt på frukt og grønt - for å gjere måltider meir næringsrikt.


–  Litt av det vi et skal også vere drivstoff for sjela!

Lev av og for lidenskapen sin for mat
Linda Marie er 26 år, og kjem frå Naustdal. Heilt frå ho var liten, visste ho at ho skulle jobbe med mat, og lidenskapen for mat, ernæring, helse og ein aktiv livsstil har vakse med åra.

– Interessa for mat har eg hatt heile livet. Eg var berre 4-5 år første gang eg sa eg skulle bli kokk når eg blei stor. Når eg i ungdomsåra la om livsstilen min og sjølv fekk erfare og oppleve kor viktig det var med sunn mat og riktig ernæring, så blei også interessa mi her større og større. Men sjølv om dette er ein stor lidenskap for meg og ikkje minst jobben min, så er eg på ingen måte over-opptatt av det, seier ho og fortel om jobben sin. 
– Eg har ein bachelorgrad i Samfunnsernæring og jobbar i mitt eige aksjeselskap som bloggar, foredragsholdar, forfattar, med sosiale medium m.m. Jobben min er kort fortalt å lage mat, dele oppskrifter på mat, inspirere og motivere til en sunn livsstil gjennom bøker og mine ulike kanalar. På fritida så finn du meg stort sett på ein eller anna fjelltopp eller med anna aktivitet utandørs. Eg elska friluftslivet og nytter ein kvar muligheit til å komme meg ut på tur! 

 

Tre gode middagar å byrje reisa med

 
 

Kjapp og sunn mat for deg som er på farten
– Alt-i-ett er perfekt når man har det travelt! Mange av oppskriftene kan og klargjerast kvelden før, så ein berre gjer siste finish ved middagstider, seier ho.  

Her er ein variant frå bloggen hennar:
Alt-i-ett pølsegryte med pasta & grønnsaker

Skjermbilde-2021-01-05-kl.-14.53.31.jpg
 
 

Sunn og enkel middag for heile familien
– Lompepizza synes eg er genialt! Då kan alle lage sine egne pizzaer, og det tar ikkje meir enn 8-10 minutt på varmluft før pizzaen er ferdig i omnen. Eg har mange variantar på bloggen, og ein av dei er med skinke, seier ho.

Her finn du oppskrifta:
Enkel lompepizza med skinke

Skjermbilde-2021-01-05-kl.-14.59.54.jpg
 
 

Kvardagsfavoritten din
– Akkurat no er laks med agurksalat min kvardagsfavoritt, men dette varierer, seier ho med eit smil.

Her finn du oppskrifta:
Laks med agurksalat

Skjermbilde-2021-01-05-kl.-15.08.07.jpg
 
 


Du kan følgje Linda Marie Stuhaug her:
Blogg | Instagram | Facebook

 
Om du saknar noko – start det sjølv då vel

Om du saknar noko – start det sjølv då vel

Jobben min: Astrid Marie Vie

Jobben min: Astrid Marie Vie