Kategorier


Arkiv

Jobben min: Astrid Marie Vie

Jobben min: Astrid Marie Vie

I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?


Astrid Marie Vie er utdanna marknadsøkonom og førskulelærar, har mastergrad i organisasjon, leiing og utdanningsleiing og er utdanna interiørdesignar. Og inntil nyleg hadde ho to jobbar, som var så ulike som det er mogleg å få dei: Rådgivar i Kommunesektorens Organisasjon – og dagleg leiar av selskapet Pur Interiør, som tilbyr interiørdesign, bustadstyling og eigedomsfotografering. Men no handlar alt om Pur Interiør– for ho har sagt opp den andre jobben for å satse som interiørdesignar.

Samanhengande skulegang i 12 år etter grunnskule
– Du trivast godt med å lære?
– Eg har gått på skule samanhengande i 12 år etter grunnskulen. Sidan har eg jobba som førskulelærar i 10 år og som rådgjevar i KS i 4 år, seier Astrid Marie Vie, som vaks opp på ein gard på Vie i Førde. 
– No bur eg på nabotomta til garden, med sambuar og to barn. Planen er å ta over garden etter kvart. Då skal vi finne ein alternativ måte å drive garden på, sidan grunnlaget for gardsdrift ikkje er til stades lenger. Og helst noko som kan kombinerast med jobbane vi har no, seier ho.

Det er stor sjanse for at det blir noko kreativt.

– Hobbyane mine har lenge vore interiør og foto, men eg jobbar så mykje med interiør no at på fritida prøver eg å gjere andre ting. Eg er interiørfotograf, og generelt veldig glad i å ta bilete. Når eg ikkje er på jobb likar eg å ta naturbilete eller portrett. Eg er glad i å eksperimentere med lys og redigering og kan bruke mykje tid på dette. No skal det seiast at fritid er ikkje noko eg har mykje av og den vesle tida eg har brukar eg på familien. Men når barna er i seng og eg ikkje har deadline på noko, så kan eg forsvinne inn i fotoverda, seier ho.


–  Fritid er ikkje noko eg har mykje av

Før styling

Før styling

Etter styling

Etter styling

Frå interesse til levebrød
Astrid Marie har lenge vore interessert i interiør, så det er ikkje så rart at ho til slutt valte å satse på dette som yrke. 

– Interiørinteressa har eg hatt så lenge eg kan hugse. Når eg gjekk på barneskulen ommøblerte eg og ordna rommet mitt heile tida. Når mamma og pappa kom heim frå jobb kunne eg plutseleg ha flytta på gjesterommet i kjellaren, eller byta rom med bror min. I 2009 bygde eg hus og starta ein interiørblogg. Eg tok utdanning som interiørdesignar og hadde eit ønskje om å jobbe med dette på sida av jobben min, som då var førskulelærar, men det blei med tanken dei neste 7 åra. I 2016 laga eg Instagram-profilen min som vart inngangsporten til det heile. Eg fekk fleire og fleire følgjarar og førespurnadar frå folk som ønskja mi hjelp. Det starta med små oppdrag som blei fleire og fleire, seier ho.

 

Tida strakk ikkje til
Etter fleire år der ho dreiv med interiør og interiørrettleiing på sida av sin vanlege jobb auka talet førespurnadar frå folk som ønska hjelp til oppussing og val av møblement.
– Eg blei kontakta av meklarar som ønska å bruke meg fast som stylist. Og av Skeidar, som ønska å samarbeide. Til slutt måtte eg ta eit val, og eg landa på å satse fullt på å jobbe som interiørdesignar. Teamet eg hadde i ryggen med faste meklarar og varehussjefen på Skeidar gjorde meg trygg på at dette kom til å gå bra, seier ho.


– I tillegg hadde eg då interiørutdanninga mi, som eg følte eg kunne utnytte meir enn eg hadde gjort før. Eg var usikker på om eg skulle tørre å satse fullt på dette, sidan marknaden i Førde var avgrensa, og eg jobba som rådgjevar i KS. Det var ein jobb eg stortrivast i, der eg fikk utvikle meg, reise mykje og arrangere møter der politikarar, rådmenn og kommunalsjefar tok viktige avgjersler. Eg følte at eg hadde landa draumejobben og fikk vere med å gjere ein forskjell i samfunnet. Samtidig tok interiør og foto mykje av tida mi. Eg gleda meg heile tida til å kome heim frå jobb og få gjort noko kreativt. Eg har alltid vore ei kreativ sjel, seier ho.
Lenge var håpet at ho skulle kunne kombinere sine to særs ulike yrke.
– Oppdragsmengda vart til slutt så stor, i tillegg til at eg hadde mange reisedøgn i KS, at det vart vanskeleg å kombinere jobbane. Eg kom til eit punkt der eg var nøydd å ta eit val. Enten måtte eg satse fullt på bedrifta mi, eller byrje å takke nei til oppdrag. På ei interiørmesse kom eg i prat med Per Olav Sølvberg, ein kjent norsk stylist. Han spurte meg om råd til ei bustadstyling og skrytte veldig av arbeidet mitt. Det var nok det som bikka det og gjorde at eg fekk trua på meg sjølv for alvor og klarte å ta avgjersla om å satse fullt på interiørdesign, seier ho.

Bilde 12.08.2019, 17 11 08.jpeg

– Eg har alltid vore ei kreativ sjel 


Brennande interesse
– Kva må til for å lukkast som stylist og interiørdesignar?
– Du bør ha ei brennande interesse for interiør og design. Ein treng ikkje utdanning for å jobbe som bustadstylist, men ein bør ha auge for det og vite korleis ein set saman fargar og komposisjonar. Det skal sjå bra ut og materialane skal passe saman. Ein må heile tida halde seg oppdatert på trendar, og gjerne delta på messer og foredrag med trendsettarar. Pej-gruppen er eit av dei viktigaste inspirasjonssystema på Skandinaviske trendar. Dei er tidleg ute med å førespegle trendar som gjerne kjem 1-2 år seinare, seier ho.

Sjølv er ho både bustadstylist og interiørdesignar. Det er ikkje krav til utdanning, men ho seier det er ein styrke å ha det.

– Eg vil påstå at det er viktig. Ein kan lese seg opp og lære mykje sjølv, men for kundane er det ei tryggheit å vite at den som skal designe heimen deira faktisk kan det dei driv med. Skal ein jobbe som interiørdesignar, altså å planlegge og designe for bustadar og offentlige bygg, bør ein ha ei form for utdanning innan dette. Ein kan utdanne seg til interiørarkitekt, som er ei masterutdanning og ein kan som meg utdanne seg til interiørdesignar, som er eit kortare studium. Her lærer ein å bruke avanserte teikneprogram, kva som er viktig å tenke på når ein skal planlegge for både privat og offentlig rom, kva ein må ha med i eit design som skal presenterast til kunde, universal utforming, lover og reglar, lyssetting og fargelære blant anna, seier ho.



– Du bør ha ei brennande interesse for interiør og design



Styrer seg sjølv
– Kva er det beste med jobben din?
– At eg får jobbe med interessene min. Eg har ein veldig variert arbeidsdag der ingen oppdrag er like. Eg kan i teorien bestemme sjølv kor tid eg vil jobbe og kor tid eg vil ta fri, i praksis jobbar eg stort sett heile tida, men det håper eg blir betre etter kvart. Det kjekkaste med jobben min er når eit prosjekt er ferdig og ein får sjå kor fint og gjennomført det blir og kundane er godt nøgde. Eg får bruke kreativiteten min og leike meg med fargar og ulike materialar. Eg har landa eit stort prosjekt som eg skal til på rett over nytt år (med atterhald om godkjenning frå kommunen). Det vil bli utfordrande med tanke på arbeidsmengde, tid og forventningar. Men det vil vere eit fantastisk prosjekt å få vere med å designe, og eg vil nok lære mykje det neste halve året. 

 

Krevjande både psykisk og fysisk
– Ville du anbefalt jobben din til andre?

– Eg likar jobben min godt, men den er krevjande, både fysisk og psykisk. Som bustadstylist er det mykje bæring og tunge løft. Ein driv i praksis eit flyttebyrå med ein person. Psykisk er det krevjande fordi ein ikkje veit frå veke til veke om ein har arbeid og klarer å ta ut løn. I tillegg er eg åleine på jobb og det kan i lengda vere einsamt.  Det er mange administrative oppgåver som tek mykje tid og som ein ikkje tenker over når ein startar for seg sjølv. Det er vanskeleg å kople ut jobb, og ein kan fort kjenne på presset når kundar og samarbeidspartar helst skulle hatt svar i går. Eg har eit håp om at eg etterkvart får så mykje arbeid at eg kan tilsette ein eller to til, slik at eg får selskap og kan delegere oppgåver til andre. Eg vil anbefale jobben min viss ein går med ein draum om å jobbe med interiør og design, men eg ville kanskje prøvd å få jobba for nokon andre enn å starta for meg sjølv. Det er mykje jobb å drive sitt eige selskap. I alle fall i starten, avsluttar ho

IMG_8985red.jpg
 
– Du kan ete alt – men ikkje alltid

– Du kan ete alt – men ikkje alltid

«Vinterjobb» ved verdas ende

«Vinterjobb» ved verdas ende