Jobben min: Stine Marie Stølsvik
I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?
Stine Marie Stølsvik er utdanna interiør-arkitekt, med Bachelor frå Dublin i Irland. Ho er 32 år gamal, frå Førde, der ho i dag bur med sambuar og eit barn på to år.
– Når fann du at dette er det du vil bli?
– Eg har alltid vore fasinert av byggebransjen og var utruleg stolt av far min og alt han skapte i Førde og omeign. Det var alltid kjekt å gå forbi nye hus i gata og vite at der har han bygd, samtidig som eg var imponert over kor mykje ein tømrar faktisk skal kunne. Eg tok eit friår etter vidaregåande, og jobba som rydde- og vaskehjelp hos Byggmester Stølsvik. På den tid haldt dei på å bygge Førde Terrasse. Eg fikk sjå heile prosessen fram til ferdig bygg, med 54 ulike einingar. Eg huskar kor fasinert eg var over at dei ca. 30 leilegheitene som var like i storleik, kunne bli så ulike innvending. Både i fargar, planløysing, lyssetting og material. Der fekk eg interesse for interiørfaget og bestemte meg for at det var det eg ville satse på.
– Eg har alltid vore fasinert av byggebransjen
Interiørarkitekt
– Kva er ein interiørarkitekt?
– Interiørarkitekt er ein særs allsidig- og omfangsrik jobb. Vi hjelp kundar med å finne gode opphaldsløysingar for både private og offentlege prosjekt. Vi skal få fargar, lys, plassering av rom og opplevinga i bygget til å sjå naturleg, praktisk og behageleg ut, innan lovpålagte krav. Vi kan og hjelpe til med alt av møblement og plassbygde spesialløysingar, seier ho.
– Sidan eg starta i jobben min har eg tatt ei vending meir inn mot arkitektyrket enn interiørarkitektfaget. Planen var å flytte heim til Førde etter studia, og få meg jobb på eit arkitektkontor om det let seg gjere. Men foreldra mine følgde meg tett i utdanninga, og såg at det eg jobba med var høgst aktuelt for byggebransjen. Siste gang far min besøkte meg i Dublin tilbydde han meg jobb, der eg ville lære både det praktiske og delta i byggeprosessen frå teikning til slutt. Det vart for freistande. Eg var svolten på å lære meir, og få tryggleiken frå å forstå heile byggeprosessen. Eg bad om litt tenketid, men eg trur eg ringte han same veka og takka ja.
– Korleis er det å jobbe i ei familiebedrift?
– Det er sjølvsagt både og. Vi får både sjå dei gode sidene til kvarandre, og dei negative. Vi kjem tettare innpå kvarandre på denne måten. Samtidig er vi kanskje ikkje like mykje på besøk på fritida som andre, då vi ser kvarandre kvar dag. Alt i alt syns eg vi klare å løyse dette på ein grei måte, seier ho og svarer på kva ho brukar fritida på.
– Det meste av tida går med til jobb og familien, så det blir diverre ikkje så mykje fritid lenger men når eg har moglegheit likar eg å gå tur, trene (sjølv om det sjølvsagt kunne blitt meir av), og elskar å reise på hytta med familien i Solund, der far min kjem frå.
– Eg var svolten på å lære meir, og få tryggleiken frå å forstå heile byggeprosessen
Hektisk, stressande og kjekt
– Beskriv ein vanleg arbeidsdag for deg?
– Det er vanskeleg då eg er innom så utruleg mykje forskjellig. Du kan berre tenke deg når eit prosjekt varar i fleire år, heilt i frå ein får tak i ei tomt, til kundar har fått flytta inn i husværet sitt, kor mange fasar og kor mykje som skal diskuterast, teiknast, og planleggast frå start til slutt. Det kjem heilt an på kva dag ein spør meg. Om eg tek utgangspunkt der vi er no, i starten på eit nytt år, så held eg på med eit nytt bustadhus, der kunden skal bygge på huset sitt med ein omsorgsbustad. Dette skal plasserast på tomta, der ein planlegg kvar tun, hage og korleis huset skal vere vinkla i høve terreng, sol og skygge. Så held vi på å ferdigstille hus B i Pinndalen, der eg må bestille material til dei tre siste leilegheitene. Eg må planlegge dagen ut i frå kva som hastar mest, samtidig som ein held oppe framdrifta på nye planlagde prosjekt. Dagane vekslar mellom ulike oppgåver. Noko som ofte er stressande, men også spennande fordi det ikkje er einsidig. Eg har tenkt mange gangar på korleis det ville vere å skifte jobb på grunn av stress, men endar opp med at eg elskar skapardelen i byggebransjen for høgt, og kunne difor ikkje tenkt meg noko anna. Samtidig er eg også med i ei gruppe der vi jobbar med å finne eit nytt føretakssystem for at kommunikasjonen enklast mogleg skal bli formidla frå oss inne på kontoret til dei ute på byggeplassen. Her skal alle lovpålagte rutinar, vedtak frå kommunen, teikningar, sjekklister med meir ligge ute, slik at alle har same informasjonen.
– Dagane vekslar mellom ulike oppgåver. Noko som ofte er stressande, men også spennande
Fekk teikne drøymeoppdraget
Stine Marie er så heldig at ho har fått jobbe med drøymeoppdraget sitt: Smestad-prosjektet.
– Det er ikkje kvar dag ein får lov å teikne eit moderne bygg på 29 leilegheiter nesten midt i kjernen i Førde. Eigarane gav meg tillit frå dag ein til å sette preg på bygget og uteområdet. Men eg måtte ha hjelp i sluttfasen av prosjektet, då eg gjekk ut i mammapermisjon i 2018. Då kom Kathrine Bruland inn på utplassering som byggingeniør. Ho fullførte mine skisser, som låg til grunn, då vi tok eit val på å modernisering av fasadane ytlegare. Ho var med på å finne nye og spenstige løysingar, samt at ho fullførte alt av teikningar. Eigarane måtte nok gått til ein anna arkitekt i tida eg var vekke om det ikkje hadde var for ho, seier ho og trekk fram eit prosjekt til.
– Bygget til Malar Rune Skilbrei i Naustdal. Det er stort å bli spurt som 26-åring om eg kunne hjelpe dei med ein så stor jobb. Eg fikk teikne eit nytt kontorbygg på litt over 1200m2 i tre etasjar, og dei gav meg full kreativ fridom. Det er det eg likar best, og på den måten får eg også utvikle meg. Draumejobben no er å få vere med på rehabilitering av fasadar og uteområde i Førde. Eg er glødande interessert i kva som skjer med Førde og har mange tankar og idear rundt byplanlegging. Då siktar eg vel høgt, men er det ikkje difor ein skal drøyme? Eg kunne og tenkt meg å fått frie rammer på eit litt større bustadhus i moderne stil. Det er viktig å ha små og store draumar, slår ho fast.
– Draumejobben no er å få vere med på rehabilitering av fasadar og uteområde i Førde.
Korleis blir ein interiørarkitekt?
– Eg har ikkje full oversikt over alternativa i dag, men i utgangspunktet er det vel både ei Bachelor- og Masterutdanning i Noreg. I min Bachelor valde eg å ta deler av skulegongen i utlandet, der Dublin, Barcelona eller New-Zealand var alternativet. Eg valde det næraste alternativet då eg er utruleg heimekjær, samtidig som eg har høyrt mykje positivt om skulen og ikkje minst folket i Irland. Eg byrja med å ta to år på Norges Kreative fagskule (I dag heiter dei Kristiania). No har dei utvida til 3-årig skulegang med avsluttande Bachelorgrad. Det alternativet hadde eg ikkje den gange, så eg reiste til utlandet og to års pensum på eit år. Det var eit svært intensivt, men lærerikt år. Eg fekk ikkje ei normal studietid, med artige fritidsaktivitetar og festar som mange fortel om etterpå. Men alt i alt er eg glad for at eg gjekk den vegen eg gjorde, seier ho
Gikk i veggen – og vende tilbake
– Likar du jobben din, og ville du anbefalt den til andre?
– Eg er veldig glad i jobben min, men det er ikkje for kven som helst. Ein må tåle å stå i høgt press, og klare å holde hovudet kaldt. Eg må innrømme at eg alt har møtt den berømte veggen, noko eg blei åtvara om i forkant av både vener og familie. Då måtte verda stoppe heilt opp for at eg skulle finne roen igjen. Eg var vekke i frå jobb i ca. 6 månadar, og kom tilbake i gradert opptrening. Det var beintøft, men ein god lærdom vidare i livet. Om ein klarar å balansere arbeidsmengde og unngå å ta med for mykje heim, vil eg seie eg har verdens beste jobb.