Kategorier


Arkiv

Byrja på Mo og Jølster – kom til Stortinget

Byrja på Mo og Jølster – kom til Stortinget

I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?


Siri-Ann Roska starta karrieren med bachelor i journalistikk i Volda, som førte ho innom både TV 2, Firda og NRK, i tillegg til å ha vore medielærar på Hafstad Vgs.  Seinare har ho utvida studia med språk, religionsvitskap, statsvitskap og ein master i dokumentar og journalistikk. I dag jobbar ho som kommunikasjonsrådgivar for Høgre si stortingsgruppe.

Siri-Ann er fødd og oppvaksen i Førde, men dei siste ni åra har ho brukt på utdanning og arbeid andre stader. Blant anna Volda, Oslo, Bergen og eit semester i California og eit i Australia.
–Førde er framleis «heime», sjølv om også Oslo er blitt det. Eg er stadig tilbake, også for lengre periodar, og likar å vere der. Eg har framleis eit stort nettverk i Førde, seier ho og beskriv seg sjølv .
– I oppveksten likte eg å danse og synge, og brukte mykje av fritida på det. No går det meir i vanlege ting: gå på tur (som vestlendingar flest), sjå på seriar (som alle andre), samt prøve å trene av og til (slik som alle). Eg er kanskje litt for kjedeleg på hobbyfronten. Eg har ein draum om å begynne på selskapsdans! Kanskje etter korona…



–  Førde er framleis «heime», sjølv om Oslo også er blitt det


Byrja med ein interesse for foto, men... 
Mange unge brukar tid på å finne ut «kva dei skal bli». Siri-Ann sikta seg tidlig inn på sin veg.
– Eg visste alt i 8.klasse at eg ville gå linja Medium og kommunikasjon på vidaregåande. På den tida hadde medielinja få plassar og var svært populær, så eg visste at eg måtte jobbe for å få gode karakterar, for å sikre ein av dei 12 plassane. Det var først og fremst interessa for foto som gjorde at medielinja freista. Etter eit besøk på Jølster var eg sikker i mi sak – her skulle eg gå! Og det berre for dei spennande faga sin del. Om det sosiale hadde vore fokuset, hadde eg nok søkt meg til Hafstad vgs., som alle vennane mine. Men eg har alltid tredd ut på eigne stiar, og ikkje vore så redd for å møte verda aleine, seier ho.
– Det var ei veldig kjekk og kreativ tid på medielinja. Vi fekk prøve det meste innan mediearbeid, og eg fann ut at foto ikkje var det mest interessante for meg likevel. Blant anna elska eg grafisk design, reklame og kommunikasjon. Det som er litt ironisk er at journalistikk ikkje var eit av favorittemna, men at det likevel var det eg begynte å studere.


Eg visste alt i 8.klasse at eg ville gå linja Medium og kommunikasjon

web6.jpg



Strategisk val
I løpet av vidaregåande bestemte ho seg for kva retning ho skulle vidare.
– 
På vidaregåande høyrde eg det gode ryktet om journalistutdanninga i Volda, som hadde relativt høgt karaktersnitt for å komme inn. Det stod mellom den og linja «PR, kommunikasjon og media». Men eg visste, frå medieteorien på skulen, at journalistar var ettertrakta i kommunikasjonsbransjen, og at det var enklare å gå frå journalistikk til kommunikasjon, enn omvendt. Sidan eg hadde gode nok karakterar til å kome inn på journalistlinja, verka det som det strategisk beste valet, ettersom begge dørene ville stå opne i framtida, slår ho fast.
CV-en omfattar studiar på Høgskulen i Volda, California State University Fullerton, samt Universitetet i Bergen, Oslo og Nord. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Siri-Ann likar å lære.
– Heilt frå eg var liten har eg vore ein person som snakkar mykje og som stiller mange spørsmål. Ein gong fekk eg ein «nysgjerrigheitspris» på ein leirskule fordi eg hadde så mange spørsmål. Eg er glad i å lære nye ting, og kunne nok vore ein evig student. Men etter nesten sju år med studium var eg litt lei, og no er eg svært glad for at eg er i arbeid.




– Ein gong fekk eg ein «nysgjerrigheitspris»




Målretta – men litt tilfeldigheiter likevel
Siri-Ann seier ho alltid har vore målretta, og visst sånn cirka kvar ho ville.
– Likevel blir livet til medan ein går, så litt tilfeldigheiter har jo dukka opp, slik som vikariatet som medielærar på Hafstad vgs. Då tok eg permisjon frå studia for å fokusere 100 prosent på jobben som lærar. Og jobben eg har no dukka også opp litt tilfeldig. Eg var i ein situasjon i livet der plutseleg alt kjendes utrygt. Eg var mellom studium og jobb, vikariatet i NRK var i ferd med å gå ut, jobbutsiktene var usikre, busituasjonen var usikker, og mest av alt - mi trygge mamma hadde nett blitt riven brått frå meg. Grunnmuren rasa under beina, og eg kjende på eit enormt behov for tryggleik og stabilitet, i form av fast jobb, fast inntekt og moglegheit for å kunne kjøpe og skape min eigen trygge heim, seier ho og held fram.

– Eg bestemte meg for å søke på faste jobbar, også i kommunikasjonsbransjen, ikkje berre  innan journalistikk. Så såg eg stillinga i Høgre utlyst. Eg tenkte at det verka som ein veldig spennande og interessant kommunikasjonsjobb. Det var den første jobben eg søkte på, og eg hadde eigentleg ikkje trudd at eg kom til få den, men så gjorde eg det – noko eg syns var stor stas! Eg er veldig glad for det no, og spesielt etter korona kom. No har eg den tryggleiken eg sårt trengde, med fast jobb og eigen leilegheit. Det er godt å ha, særleg i desse dagar, seier ho.

To sider av formidling
– Kva gjer ein kommunikasjonsrådgivar?

– Vegen fram til kommunikasjonsrådgivar går via å studere anten journalistikk, eller eigne studium innan kommunikasjon og PR. Kommunikasjonsarbeidarar og journalistar er begge formidlarar som skal nå ut med ein bodskap til folk. Skilnaden er at medan journalisten er fri og uavhengig, så er kommunikasjonsrådgjevaren bunden av ein oppdragsgjevar. Høgre er min., seier ho og fortel om sin jobb.

– Eg skal formidle Høgre sin politikk, hovudsakleg utdanningspolitikk, både internt i partiet og ut til folk. Kommunikasjonsbransjen har vokse fort dei siste 10-20 åra fordi stadig fleire bedrifter treng hjelp til å bygge eit godt omdømme for å nå måla sine, som i mitt tilfelle er å vinne val. Høgre og politikarane må kommunisere med potensielle veljarar og gjere gode figurar både i tradisjonelle og sosiale medium. Då er kommunikasjonsrådgjevarar gode å ha, seier ho og held fram.

– Sjølv om eg arbeider for heile partiet og stortingsgruppa, så jobbar eg hovudsakleg for Høgre sin utdanningsfraksjon. Altså Høgre sine politikarar som sit i forskings- og utdanningskomiteen på Stortinget. Jobben min handlar for det meste om å formidle Høgre sin utdanningspolitikk internt og eksternt, og bistå representantane med pressearbeid, seier ho og fortel at utdanningsfeltet interesserer ho.  
– Det er ikkje alle fagfelt eg kunne jobba med, men utdanning har alltid interessert meg. Eg har studert mykje sjølv, og det er ikkje lenge sidan eg sjølv var student. Eg har også jobba som vikar både på barneskule og i SFO, og som medielærar på vidaregåande skule.

 
 
web4.jpg

 Varierte arbeidsdagar – men mykje skriving
– Beskriv ein normal arbeidsdag?

– Akkurat no er ingenting normalt. Vi er inne i ein ny periode med heimekontor, og heile året eg har jobba der har vore spesielt på grunn av korona. Arbeidsdagane er varierte, men det faste er at den ofte består av ulike møter, både med kommunikasjonsavdelinga, utdanningsfraksjonen, regjeringspartia i Kunnskapsdepartementet, Høgre si stortingsgruppe, Høgre-medlemmar eller eksterne interesseorganisasjonar, seier ho og held fram.

– Arbeidsdagen består alltid av skriving, anten det er kronikkar eller debattinnlegg som skal ut i media, interne dokument eller informasjon til partiet. I tillegg er eg som regel alltid i kontakt med journalistar som vil intervjue politikarar, eller omvendt - at eg kontaktar pressa for å tipse dei om politiske saker eller debattar. Den viktigaste delen av jobben handlar om å løfte gode politiske saker som set dagsorden. Då er det nyttig å ha eit stort nettverk av journalistar. Det har eg både frå redaksjonane eg har arbeidd i, men òg tidlegare medstudentar og venner som no er journalistar i medium over heile landet.

 
 

– Akkurat no er ingenting normalt




The Dark side
Tradisjonelt har det gått eit skilje mellom journalistikk og kommunikasjon.

– I motsetning til mange journalistar, har eg aldri vore framand for å gå over til kommunikasjonsbransjen. For mange journalistar er det å gå over til «den mørke sida», som mange kallar det, uaktuelt og blir sett på som negativt. Ein sviktar på ein måte den journalistiske samfunnsrolla, for å tene eit anna formål. Yrka har klare fellestrekk og omgås mykje, men arbeidspraksisen er ulik. Derfor har kommunikasjonsfolk og journalistar ein litt spesiell relasjon, kanskje eit slags hat-elsk forhold basert på gjensidig avhengigheit. I medieforsking blir det kalla eit bytteforhold, ein bytter informasjon mot merksemd. Men det har blitt mykje vanlegare å bytte rolle no enn det var før, så det var ikkje mange som heva augebryna då eg gjekk over, seier ho.

– Kommunikasjon var faktisk eitt av emna eg likte best då eg gjekk på vidaregåande, og det var også noko eg vurderte sterkt å studere, så det å bytte beite har alltid vore ei dør som stod open for min del. Eg synest kommunikasjon er eit like spennande fagfelt som journalistikk.

 

Midt i maktas auge
– Korleis er det for ein tidligare journalist å sitte så tett på «makta»?

– Noko som er litt morosamt, er at som journalist var eg livredd for å bli sendt på Stortinget for å intervjue politikarar på direkten om kompliserte saker eg ikkje kunne noko om. Eg hadde ingen ønsker om å vere politisk journalist, sjølv om eg var samfunnsengasjert og interessert i politikk, seier ho.

– Eg har stor respekt for institusjonen, så det er sjølvsagt stas å ha eit eige kontor på Stortinget, og sjå og snakke med menneske med så mykje makt, som folk flest berre ser på TV. Men som alt anna blir ein vant til det og. Dessutan er det ikkje sjeldan at politikarar eller andre kjente ansikt er å sjå i gangane i mediehusa eg har jobba i tidlegare, så heilt nytt er ikkje det. Som tidlegare/utdanna journalist er det veldig spennande å sjå politikken, prosessane og taktikken frå innsida. Det som før var «hemmeleg» er no ope og tilgjengeleg, seier ho.




– Som journalist var eg livredd for å bli sendt på Stortinget




Ein jobb for deg som er interessert i politikk og kommunikasjon
– Likar du jobben din, og ville du anbefalt den til andre?

– Eg likar den veldig godt og ville anbefalt den til andre som har interesse for kommunikasjon og politikk. Men viss ein manglar ein av dei to interessene, då er det ikkje noko for deg. Og så bør ein vere mest einig med Høgre sin politikk, elles blir det ein krevjande jobb, seier ho med eit smil.

 
Yogaliv

Yogaliv

Jobben min: Stine Marie Stølsvik

Jobben min: Stine Marie Stølsvik