Kategorier


Arkiv

Hekta på hest

Hekta på hest

I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?


Harald Løtuft er lærar. Men det er verken algebra, engelsk eller diktanalyse han fyller dagane med: det går i hest, dagen lang. Han er nemleg lærar i hestefag på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Og på fritida trener han på køyring med hest, og driv unghestoppdrett.


Og då er det kanskje ikkje så rart at når journalisten ringer for å finne ut kvar han er når klokka er ti, som avtalt, så er svaret logisk nok:

– Då er eg nok i stallen, svarar Harald.
Og på slaget ti kjem han ut frå stallen, og kan røpe at han sjølvsagt også eig nokre hestar. 

– Eg selde nett ein hest, så no har eg berre to igjen, seier han med eit smil, og tek med meg for å helse på ein av dei to han har igjen.
– Dette er Oscar. Han er 1,5 år gammal, så han har litt unghestnykker. Han er barnebarnet mitt, Ellinor si favoritt, så ho gikk her og vakta på han og passa på at det ikkje var feil hest som for. Det er ho som fann på namnet. Ho bestemt seg før eg kjøpte den at den neste hesten skulle vere hennar, og heite Oscar eller Oline, seier han og smiler.
Oskar er også den heldige som skal vere fotomodell til saka. Noko som interesserer han sånn passe. Spesielt når ein flokk med hestar ikkje berre får sleppe ut av stallen, men i tillegg skal inn i den nye hestehallen og trene.
– Du ser det at det er ein unghest, med nykker. Nett som ungdommen, seier Harald med eit smil, og klarar til slutt å få Oscar til å poserer nokre sekund, før snøen og andre hestar blir for spennande.



–  Eg selde nett ein hest, så no har eg berre to igjen

Hesten Oscar, i eit mindre samarbeidsvillig augneblikk

Hesten Oscar, i eit mindre samarbeidsvillig augneblikk

Skulle bli bonde, men...
Den eigentlige planen til Harald, då han var ung, var å bli bonde. Slik skulle det ikkje bli. I staden tok han eit vikariat på Mo Jordbruksskule i 1981 – og der vart han. 

– I blant blir berre livet slik, seier han og smiler.
– I utgangspunktet skulle eg overta ein gard i Naustdal, der eg kjem frå, men det vart ikkje noko av. Så eg vart eigentlig litt altmoglegmann. Eg tok litt utdanning i 20-åra, jobba i gardsdrifta med Mo Jordbrukskule ved sidan og hjelpte mine foreldre med gardsdrifta på garden i Naustdal. Så vart det ledig eit vikariat på Mo som lærar. Det fekk eg. Og då vart det til at eg tok ein del vidareutdanning,  blant anna PPU, slik at eg kunne behalde jobben etter at vikariatet gikk ut. Det var aldri ein plan bak det, det var slik at vegen vart til etterkvart, slår han fast.



I blant blir berre livet slik



Byrja med ein hest
– Kvifor ville du bli hestefag-lærar?
– Det byrja med at vi kjøpte ein familiehest, til dottera mi. Så vart hestelinja etablert omtrent samtidig. Dermed flytta det ein lærar hit til Mo, Ove Natland, som klarte å gjere meg nysgjerrig på hestesport. Eg byrja sjølv med hestekøyring som sport, og byrja å undervise litt på hestelinja. Det vart ein gradvis overgang på 5-6 år, der eg veksla mellom hest og husdyrundervisning. Når Ove slutta i 2012, fikk eg klar beskjed om at den jobben skulle eg søke! Og sidan har eg vore hestefag-lærar, seier han.

Hekta på hest
Om du kikkar innom Facebook-profilen hans går det mykje i hest. Mykje! Om ein ser vekk frå familien, så er sida hans stort sett dedisert til hesterelatert verksemd.

Harald driv med hestekøyring, held kurs, trenar ungdom i hestekøyring, er teknisk personell på køyrestemner og er særdeles oppteken av utviklinga av fjordhesten. Det er hest som hobby, hest som idrett og hest på jobb.

– Eg har alltid vore hekta på idrett. Når eg var ung var det skihopping, og orientering. Når eg fikk barn byrja dei med alpint, så då tok eg trenarutdanning. Dermed vart eg alpint-trenar også. Og seinare vart det altså hestekøyring, seier han og innrømmer at han gikk inn i det med opne auge.

– Eg var heilt klar over kva som kom til å skje når vi kjøpte familiehest. Eg har jobba med husdyr og heile livet, og eg vaks opp på ein gard. Eg visste at ein blir glad i dyra, og kopla opp mot idrettsinteressa så visste eg at eg kom til å bli hekta på hest også, når eg byrja med køyring. Utan at eg tenkte så mykje på det den gang, smiler han.

– Kva forhold har du til hest i dag?

– I utgangspunktet er hest eit idrettsobjekt for meg, men dei blir jo så mykje meir enn det. Om ein skal samanlikne, så blir jo både hesten og slalåmskia brukt til å utøve idrett, men blir jo glad i ein hest, på ein litt anna måte enn skia. I alle fall blir eg det, smiler han.
– Samspelet mellom menneske og hest fasinerer meg, og det gjer til at eg held fram med dette år etter år.



– Eg var heilt klar over kva som kom til å skje når vi kjøpte familiehest

Den nye hestehallen på Mo er ein stad der både Harald, hestar og elevar trivast

Den nye hestehallen på Mo er ein stad der både Harald, hestar og elevar trivast

Ei idrettsutdanning
– Kva er eigentlig ein hestefag-lærar.

– Då er du lærar på hestelinja, på ein vidaregåande skule. Det finnast ei slik i kvart fylke, omtrent, medan vi i Vestland etter samanslåinga til eit fylke faktisk har tre. Studieretninga det ligg under er naturbruk. Før var eg husdyrlærar. Det liknar litt, bortsett frå at i tilfellet med hestelinja så forheld vi oss til ei dyr som utfører eit arbeid, ikkje ein produksjon. Enkelt sagt kan du seie at det handlar om å lære folk å køyre og ri med hest, men det ligg mykje anna hestekunnskap under også, frå foringslære til anatomi, seier han.
– Hestelinja liknar på andre idrettsutdanningar. Ein har jo linjer for skiskyting, fotball, alpinistar, og gud vete kva idrett som ikkje har eiga linje, seier han og ler.
– Så då må vi sjølvsagt ha ei linje for hesteaktivitet.

 

Du bør like hest, for å seie det slik
– Likar du jobben din, og ville du anbefalt den til andre?

– Eg likar den veldig god. Om eg vil anbefale den til andre, det kjem ann på. Du bør vere litt hekta på hest for å ofre deg for noko sånt, seier han med eit smil.
– Blir ein mest glad i elevane, eller hestane?
– Det er nok faktisk elevane. Det beste med jobben min er å sjå framgangen deira. Skal du ha ein slik jobb, så må du trivast med å vere med ungdommar i alderen 16-19 år. Det er ein alder der det skjer mykje, og det er mange utfordringar, men det er kjekt når dei utviklar seg. Ein blir jo glad i elevane sine. Og det same gjeld hestane. Difor er eg så engasjert i unghestutvikling, det er utruleg kjekt sjå framgangen dei gjer.



– Du bør vere litt hekta på hest



Bur nesten på jobben
Når du er hestelærar på Mo, og samtidig har eit par hestar du skal trene, så er det kanskje like greitt å busette seg på Mo.

– Eg har jobba her sidan 1981, litt til og frå dei første åra. At eg enda opp med å bu her, var ein av desse tilfeldigheitene. Det vart bygd ein del hus på skulen på 60 og 70-talet, som eg til slutt enda opp med å kjøpe eit av, etter 12-13 år i byggefelt i Førde. Eg har eit veldig nært og kjært forhold til Mo, og ikkje minst til skulen. Eg trivast med å få vere ei lita brikke i å utvikle den vidare. No har jo vi også fått på plass ein hestehall, som gir oss særs gode treningsvilkår.

– Kva bruker du fritida på?
– Eg er ikkje så frykteleg aktiv på fritida lenger. Det blir ofte til at eg slappar litt av. Om vinteren prøvar eg å komme meg ut på ski, og stå slalåm, og så blir det kurs i køyring med hest og unghestutdanning. Eg driv også med unghestoppdrett. Det går mykje i trening av hest. No blir det mykje hest!, seier han og tek ei pause.
– Søren også, no må eg tenke meg litt om her. Eg hadde tenkt å komme på noko lurt som ikkje handla om hest, seier han og ler.
– Det er visst mykje hest det går i. Men eg har sterke band til mine no vaksne barn, og barnebarnet mitt Ellinor. Det er nok der resten av fritida mi blir brukt, seier han og reddar seg litt inn.  

Frå tunge løft til lange turar (med våpen)

Frå tunge løft til lange turar (med våpen)

Nordisk meister i naturfotografering

Nordisk meister i naturfotografering