Digital småbrukar – og altmoglegmann
I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?
At Håvar Larsen enda som småbrukar, var eigentlig ikkje eit val. Han har alltid visst at det var det han skulle bli.
– Eg er fødd og oppvaksen på garden i Grimelandshågjen, som eg no driv, og eg skulle bli småbrukar. Eg fann igjen ei gamal skuledagbok frå barneskulen. «Kva vil du bli når du blir stor?» Då svara eg portør og bonde. Det var nok ganske farga av far min, som hadde det som leveveg, seier han og held fram.
– Både far og farfar har drive garden før meg, sidan 1954. Far min var idolet mitt. Eg var med han i floren frå før eg kunne gå. Eg har eit bilete der han ber meg i bæremeis medan han steller dyra. Diverre døydde han i helikopterulukka i Vevring i 1996, då eg var 8 år. Då la vi ned gardsdrifta, og garden var utan dyr i vel 20 år før eg overtok. Sidan rann eg rundt på gardane og hjelpte til, fordi eg syns det er kjekt og interessant. Det å miste ein som sto meg så nær i så ung alder, det gjorde også at eg lærte mykje om empati. Eg fekk mykje hjelp av folk, og eg ønska å gi det tilbake seinare i livet, seier han.
– Eg skulle bli småbrukar!
Ikkje nok med ein jobb...
Og sidan han er ein rastlaus sjel, med mykje pågangsmot, jobbar han også som altmoglegmann i selskapet Larsen Multiservice.
– At eg vart altmoglegmann er vel ein direkte konsekvens av lærelyst, stort nettverk og ein god porsjon tilfeldigheiter, seier han og fortel om vegen dit.
– Eg har jobba med mykje rart, og har vel alltid hatt deltidsjobb attåt fulltidsjobb i større eller mindre grad. Eg var grådig i stuss på om eg skulle velje tømrar eller mekanisk linje då eg skulle velje skule, seier han og fortel at det vart det siste.
– Eg gjekk lære som bilmekanikar, og har fagbrev som det. Etter eg tok det vart det populært å reise i oljen. Det var noko som freista. Eg gjekk helgeskule i brønnboring og tok kurs på si, samstundes som eg jobba som mekanikar. Det var eit hardt halvår, som til sjuande og sist ikkje løna seg. Når eg var ferdig kom oljekrakket, seier han med eit smil.
– Eg har jobba med mykje rart
Seie nei til alt, eller ja
Etter ei tid med uvisse, gikk han for å vende heim og prøve noko nytt.
– Etter eit halvår på ei oljebedrift på Mongstad innsåg eg vel at dette var ikkje eit liv for meg. Når prøvetida var over fekk eg spørsmål om eg ville ha fast jobb, men valde å flytte heim. Der kom eg i prat med Knut Kongsvik på Bildeler Førde, som tilbydde meg jobb i vente på noko fast. Det var då oppdraga som altmoglegmann byrja å ta seg litt opp. Nok til at eg måtte ta eit val. Enten seie nei til alt, eller satse på det som levebrød. Det var starten på ei reise med mange rare og artige førespurnader, og no har eg jobba lenger som handverkar enn som mekanikar, seier han og fortel at han sjeldan seier nei, til noko.
– Eg har vanskeleg for det, men det gjer at eg blir kjent med mykje folk, og havnar i situasjonar ein ikkje får oppleve om ein seier nei. Eg prioriterer gjerne andre før førefallande arbeid heime. Ofte står det i stampe heime, så eg må i skippertaksmodus. Det å takke ja, og å utfordre seg sjølv, er det ofte mykje læring i, seier han og ler.
– Kva forma deg på vegen dit?
– Det at eg har måtte og ville lære mykje sjølv har nok vore ein viktig faktor. Eg hadde og ein kamerat som hadde drive for seg sjølv i fleire år, som meinte at det var behov for fleire som kunne ta småjobbar.
– Det å takke ja, og å utfordre seg sjølv, er det ofte mykje læring i
Om salet av varer og produkt er digitalt, så er det framleis mykje fysisk arbeid på bruket.
Så godt som alltid i rørsle
– Beskriv ein vanleg arbeidsdag for deg?
– Om eg har ein jobb i nærleiken, står eg opp, gjer dyra fôr, reiser på jobb som kan til dømes vere å renovere ei leilegheit, sette opp gjerde eller liknande. Etter jobb er det heim, og lage seg litt middag. Om eg har lyst på selskap til maten og ikkje gidd å lage mat sjølv reiser eg på Coop-kafeen og kjøper middagen der, seier han.
– Så er det ut å ta kveldsstell, plukke og vaske egg og å gjere eit kvart meir på garden før kvelden.
– Kva gjer du på når du ikkje jobbar?
– Eg har vel aldri heilt fri, seier han og ler. – Men eg med i Raude Kross, spelar i Angedalsrevyen. Eg køyrer motorsykkel og veteranbil, jobbar i snikkarboda, møter vener og kjente. Og så har eg i det siste fått interessa for innandørs klatring.
Du må vere digital, kreativ og frampå som småbrukar i dag
– Korleis er det å leve av eit småbruk i dag?
– For å leve av eit småbruk må ein vere kreativ, frampå og vere tåleleg god på marknadsføring for å nå ut til kundane. Du bør gjerne vere litt glad i å prate. Det er få som lev berre av småbruk i dag, diverre. Dei fleste har det som biinntekt. Eg har kutta ut dei dyreslaga som ikkje er inntening på, og valt å leige slåttekarar framfor å kjøpe maskiner sjølv. Og så tek eg salsjobben på produkta sjølv, framfor å la andre gjere det, seier han.
Håvard sel produkta sine frå garden via namnet Angedalen Gardsutsal på sosiale medium, og han deler små og store stunder frå gardsdrifta der.
– Når eg først skulle starte som bonde var det den lettaste måten å nå kundane på. Og det har fungert utruleg godt. Folk tek kontakt heilt frå Bergen for å handle hjå meg. I starten var det i samarbeid med Martha Angedal som driv Angedal Gard, men vi kom fram til at det var mest praktisk og mindre logistikk om vi selde kvar for oss under kvart vårt merkjenamn, seier han.
Du kan følgje, og kjøpe varer, frå Angedalen Gardsutsal på Facebook og Instagram