Flytande overgang mellom jobb og fritid
I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?
Anders Furevik valte verken det trygge eller enkle når han skulle sikte seg inn mot yrkeslivet: Han reiste ut i verda for å bli animatør, og jakta leia han både til Storbritannia, Kina og Luxembourg. I dag jobbar han i selskapet Dirtybit i Bergen.
Anders beskriv seg sjølv som ein heilt vanleg førdianar, sjølv om han har ein heilt uvanleg jobb.
– Eg kjem frå Furevika litt ute i Førdefjorden. Mine første 18 år, og nokre til seinare, brukte eg her i Førde. No er eg 33 år og bur i Bergen, der eg driv med spelutvikling. Det er ikkje så mange av oss i denne bransjen, men bortsett frå det er eg vel ein ganske vanleg førdianar: regelmessig på fjellet, oppdregen med kaffibesøk, og elles glad i utepils på Pikant ein sommarkveld, seier han.
– Ein ganske vanleg førdianar
Den i klassen som var glad i å teikne
– Av alle ting ein kan bli, kvifor ønska du å bli animatør?
– Det er ei relativt kjend historie for dei som er i min bransje: På barne- og ungdomskulen var eg den i klassen som likte å teikne, og eg hadde den biten spikra med tanke på studieplanar. Når det kom til studieval var det litt meir tilfeldig, då eg ikkje visste heilt kva veg eg skulle gå. Å jobbe med spelutvikling trudde eg var urealistisk, så det var ikkje noko eg vurderte. På ein tur innom studiemessa i Bergen, der illustrasjon var målet, fekk eg ein gjennomgang av porteføljen min, og vart anbefalt å sjekke ut animasjonslinja i Bournemouth. Etter litt undersøking fant eg ut at det var ei solid linje og ein fin plass, så eg gjekk for den, seier han.
– Å jobbe med spelutvikling
trudde eg var urealistisk
Ramla inn i spelindustrien
– Når fann du ut at du skulle byrje å jobbe med å lage mobilspel?
– Det kom litt etterkvart. Etter studia jobba eg med animasjon og illustrasjon i ein periode, før eg fann ut at spelbransjen, spesielt mobilspel, har ein bra kombinasjon av spennande, varierte oppgåver og greie arbeidsforhold. I England, der eg var då, er spelindustrien langt meir utbreidd, og eg såg at fleire av mine studievener enda opp nettopp der. Eg fekk etterkvart jobb i eit oppstarts-selskap i London, gjennom studievener, og der fekk eg erfaring som kom godt med når eg skulle søke på jobben med mobilspel i Bergen, seier han.
– Du kan ikkje leve av å spele data!
– Å vere speldesignar, er det den ultimate hemnen for alle som har fått beskjed om at ein ikkje kan leve av å spele dataspel?
– Jepp! Men det har vore ein lang veg gjennom meir og mindre trygge jobbar og frilansing, for å endeleg lande ein stabil jobb i Noreg. Det er diverre ikkje mykje arbeid å finne her, men heldigvis byrjar myndigheitene å få opp auga for verdien av spel som eksportvare. Faktisk så er spelindustrien den største eksportøren av norsk kultur, og det er på tross av at bransjen er utruleg liten i Noreg samanlikna med Sverige og Finland. Myndigheitene har heldigvis fått opp auga for dette, og Norsk Filminstitutt har fått dobla sitt budsjett til støtte av Norske spel, det er tøft!
– Norsk Filminstitutt har fått dobla sitt budsjett til støtte av Norske spel, det er tøft!
Game artist
– Kva jobbar du med i Dirtybit?
– Eg er ein Game Artist. Det vil seie at eg er ein slags altmoglegmann når det kjem til produksjon av dei visuelle delane av eit spel. Det er alt frå visuell konseptutvikling til illustrering av karakterar og landskap, 3D-modellering, og animasjon.
– Beskriv ein normal arbeidsdag?
– Når eg får ei oppgåve byrjar eg med å skissere korleis dette skal sjå ut og fungere i spelet. Eg får ein såkalla spec, som forklarer kva funksjonen til det eg skal lage er i spelet. Deretter byrjar eg å skissere korleis det kan sjå ut og ivareta funksjonen det skal ha. Når skissa er godkjend av designaren byrjar eg å sjå på korleis dette skal implementerast i spelmotoren, og gjerast forståeleg for eventuelle andre som skal jobbe vidare med det etterpå? Så byrjar for alvor produksjonen av «produktet», anten det er ein 3D-modell med handmalte teksturar, ein digital illustrasjon, eller animasjons-snutt. Det kan til dømes vere nokre tre til eit landskap, ein karakter som spring, eller fyrverkeri som eksploderer, seier han.
Korleis kan andre komme dit du er?
– Beskriv vegen fram til ein slik jobb?
– Tradisjonell, handteikna animasjon er eit bra startpunkt, då får ein dekka mykje grunnleggande fundament innan figurativ kunst. Elles er det svært mange gode ressursar tilgjengeleg gjennom Youtube og andre rimelege læringskanalar på nettet no. Ein treng ikkje nødvendigvis å ta ei grad for å komme seg inn i bransjen. Ein må likevel vere veldig driven og ha disiplinen på plass om denne strategien skal fungere. Det bør ein ha uansett, sidan det er så mange om beinet. Det som er bra med studie er nettverksbygginga, den har kome godt med for min del. Det var gjennom den eg fekk både min første, andre, og tredje jobb, seier han.
– Tradisjonell, handteikna animasjon er eit bra startpunkt
Flytande overgang frå jobb til fritid
– Kva gjer du på når du ikkje jobbar?
– Eg jobbar med liknande ting på fritida også, men då mine eigne prosjekt. Det går i teikning, modellering og så har eg prøvd å lære meg litt skripting. Så må eg jo gjere litt undersøking også. Elles blir det no ein fjelltur her og der, og litt trening må til. Under vanlege, koronafrie omstende pleier eg å gå på akt-teikning ein gong i veka, og så er eg glad i konsertar, kino, og restaurantbesøk -vanlege ting altså, slår han fast.
– Likar du jobben din, og ville du anbefalt den til andre?
– Er dette eit retorisk spørsmål? Jau, det er kjekke folk og kjekt arbeid. Ein har jo deadlines, og til tider press av ulikt slag, og diverse utfordringar som ein har i alle jobbar, men utfordringar det må vi ha. Nokon ting likar ein meir, og nokon mindre. Alt i alt, godt nøgd. Det er ein jobb eg vil anbefale for dei som er veldig interesserte og gjerne driv med slikt på hobbybasis allereie. Det er ikkje lett å få seg ein sikker jobb, det er ein lang veg som eg berre vil anbefale vis du verkeleg, verkeleg vil, og er villig til å ofre litt for å komme dit.
Sjå Anders sin Instagram