Deler tida mellom bryllaupskjolar og dansekostymer
Foto: Hilde Ormberg
I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?
Tuva er utdanna ved Moteskolen AS Esmod i Oslo, til motedesignar. Men i yrkeslivet har ho valt å spisse seg på å lage bryllaupskjolar, som sjølvstendig næringsdrivande.
– Eg har nettopp flytta inn i ei skikkelig drømme-leilegheit her i Oslo, saman med kjærasten min. I hovudsak jobbar eg meg brudekjolemerket mitt: «Tuva Listau - Tilpasset deg», men også frilans som kostymedesignar for film, TV og teater, seier Tuva.
Det var ikkje noko plan frå start om å jobbe med å designe bryllaupskjolar, men ho byrja tidlig å skape.
– Eg har alltid likt å være kreativ, sjølv om eg ikkje følte eg hadde talent for maling, teikning eller noko særlig teknisk kompetanse. Men eg kunne sy, slår ho fast.
– I tillegg har eg alltid hatt god fantasi, så eg hadde ei tanke om å jobbe med kostymer. Eg fann ikkje mykje informasjon om korleis ein vart kostymedesignar, men skulen Esmod dukka opp på radaren. Då tenkte eg at eg kunne starte med å lære meg å designe og sy klede først, seier ho.
Skulert med fransk skremselstaktikk
– Fortel litt om vegen fram til ferdig utdanna motedesignar?
– Det er ingen spasertur i parken å utdanne seg på Esmod. Dei stiller utruleg høge krav, og bygger litt på fransk skremselstaktikk-pedagogikk. Det trur eg er unødig tøft for mange, og ganske urimeleg etter norsk standard og kva vi er vant med frå norsk skulevesen, seier ho og fortel at ho takla det.
– Eg er sta, likte det eg lærte og kjente på meistring, så eg haldt ut. Heldigvis hadde vi fleire utruleg dyktige og inspirerande lærarar. Så sjølv om arbeidskrav- og mengde kom som eit sjokk i første klasse, enda eg som ein engasjert og inspirert diplomstudent, med ein opparbeida arbeidsmoral- og kapasitet som eg har vore takksam for seinare, seier ho og fortel at planen var å bygge ut med kunsthistorie eller liknande, medan ho jobba seg mot kostymedesign.
– Så vart eg litt distrahert på vegen, seier ho og smiler. – Åra på moteskulen fikk meg til å føle at suksess vart målt i kor raskt du fikk jobb etter utdanning, gjerne hos ein anerkjend designar eller merke. Så eg søke i eit lite års tid før eg fikk fast stilling, delt mellom to norske firma som dreiv med klede og skinnvesker.
– Det var ingen spasertur i parken å utdanne seg på Esmod
Burde teke det meir med ro
Om ho skulle gjort noko annleis, så var det dette med å ta seg tid.
– Når eg ser tilbake no tenker eg at eg var alt for ung, at eg burde tatt det meir med ro og bygd på utdanninga mi med fleire ting. Til dømes med kunsthistoria eg tenkte på, eller ved å ta svennebrev, som eg no veit det ofte blir stilt krav om viss ein skal sy kostymer på store institusjonsteater eller ved Operaen. Som sjølvstendig næringsdrivande skulle eg gjerne ha teke grafisk design eller økonomi også, som hadde vore veldig til hjelp i eige virke, seier ho.
– Om 35 år gamle Tuva skulle gitt 23 år gamle Tuva eit råd, så ville det vore å roe ned og lært meg litt fleire ting. I tillegg var Esmod et svært krevjande studie, så eit halvår med deltidsjobb og rolige dagar ville nok også vært smart. Fokuset på suksess er heilt vilt i dag, men eg følte på det for 12 år sidan også. Det jaga meg kanskje fortare mot nye mål enn det burde.
Foto Ingvild Kolnes
– Ta livet med ro og lært meg litt fleire ting
Sjølvstendig næringsdrivande litt mot eigen vilje
– Det var heilt tilfeldig, og litt mot min vilje, at eg starta for meg sjølv. Etter utdanninga sa eg at eg ikkje skulle starte eige firma eller merkevare. Eg ville jobbe for andre, i litt tryggare råmer, med faste arbeidsoppgåver, seier ho og fortel at ho etter seks år endra meining.
– Jobben min gikk ikkje heilt i den retning eg var førespegla. Parallelt med at eg aktiv søkte på aktuelle stillingar, sydde eg brudekjole til mi venninne Susanne Wergeland, som då var sportsanker i TV2. Bryllaupet, og særlig kjolen hennar, fikk mykje merksemd i media. Det førte til spørsmål om eg kunne sy fleire. Det var faktisk mor mi som sette meg på tanken om å starte firma, etter ein haust der eg fleire gangar vart innstilt som andre eller tredje kandidat til spennande stillingar. “Kan du ikkje berre satse på brudekjolane då? Det verste som skjer er at det ikkje er liv laget og at du går tilbake til å søke jobbar”.
Tok mot til seg og sa opp
Etter et halvår med brudekjolar som deltidsjobb, fikk ho eit marknadsavklaringstilskot av Innovasjon Norge.
– Dei hadde trua på brudekjolekonseptet mitt. Då tok eg mot til meg, sa opp jobben og starta fullt som sjølvstendig næringsdrivande. Eg fikk seinare også kommersialiseringstilskot av dei, men eg har heile vegen hatt deltidsjobb ved sidan av. Ganske tidlig fikk eg jobb i kostymeavdelinga til «Skal vi Danse», der eg har jobba fast kvar haust dei siste åra. Det har også opna dørene for fleire frilansoppdrag innan kostyme. Så sjølv om det å være sjølvstendig næringsdrivande ikkje sto på lista over drømmejobbar, så har eg fått inn kostymedesign etter en liten omveg. Det er veldig stas! Og ein perfekt kombinasjon med brudekjolane, som er sesongbasert. Det er difor nokre månadar i året der det er ganske stille, seier ho.
Har brukt 2020 til å legge eit godt grunnlag for framtida
– Korleis har det vore å designe brudekjolar i eit annleis år prega av korona?
– Eg har ikkje lyst å vere negativ, for koronaen har prega alle bransjar som lever av å samle folk. Alle er like utsett, og alle har opplevd koronaen som krevjande. 13.mars drog eg på kontoret og ferdigstilte alle påbyrja oppdrag, fakturerte og sendte ut alle kjolar. Så vart det nesten heilt stille. Eg var heldig: Alle aktive oppdrag eg hadde då verda stengte ned i mars, vart betalt utan problem, og eg har hatt nokre få bruder i løpet av sommaren. Så sette eg ting litt på pause, seier ho.
– Det kjentes unaturlig ut å pushe inspirasjon og oppmodingar om kjolekjøp i ei tid der alle som hadde det på agendaen levde med utryggleik på kva dei kunne arrangere. I høve forretningsplanen min skulle 2020 vere året der eg tok firmaet frå sin spede gründerstart til auka omsetnad, eg skulle reinvestering i varelageret og byrje å ta ut lønn. Sånn vart det ikkje, men eg vart oppmuntra av at talla ved årets slutt viste at eg alt i mars 2020 hadde nådd driftsbudsjettet. Det betyr at målet om lønn og vekst i 2020 absolutt var innanfor rekkevidde, seier ho.
– Eg vel då å tenke at eg har lagt eit grunnlag som gjer at merkevara mi er klar igjen når vi vender tilbake til meir normale tider.
– Alle er like utsett, og alle har opplevd koronaen som krevjande
Ei feiring av kjærleiken
– Kva er det beste med jobben din?
– Eg jobbar med å hjelpe kvinner med å føle seg som den vakraste og råaste versjonen av seg sjølv, på ein dag der dei skal feire kjærleiken. Det er utruleg stas. Eg får møte mange spennande og ulike kvinner i jobben som brudekjoledesignar. Som kostymedesignar får eg jobbe i heilt andre univers, som gjer at eg kan bruke fantasien på ein anna måte. I tillegg får eg jobbe kreativt i team, noko eg enn så lenge gjer aleine i brudekjolefirmaet.
Mange vegar fram
– Kva må til for å bli motedesignar?
– Det er mange vegar dit, men om ein vil jobbe for etablerte merkevarer og firma må ein ta utdanning som klededesignar. Du kan også ta svennebrev og jobbe med søm og fysiske produkt, men det er diverre ikkje så mange merkevarer som gjer denne jobben sjølv lenger. Det blir satt bort til leverandører i utlandet. Det høres litt sprøtt ut, men eg kan nesten seie at om du vil jobbe med mote og design, så bør du kanskje først og fremst ha utdanning innan økonomi og sal. Dette fordi dei store kommersielle aktørane stort sett tilsett fleire som kjøper inn, enn designarar. Då er det viktigare å kunne gjere gode kalkuleringar og analyser. Men det å ha designkompetanse i botn er ikkje negativt, om du ønskjer deg inn i kommersiell mote.
– Du bør kanskje først og fremst ha utdanning innan økonomi og sal
Foto Michaela Klouda
Prøvde å steppe seg gjennom pandemien
– Kva gjer du på når du ikkje jobbar?
– Når eg ikkje jobbar så dansar eg vanlegvis Lindyhop så ofte eg kan. Men det er en pardans som blir dansa sosialt, det vil seie at ein ikkje dansar med fast partner. Og slike ting kan ein ikkje drive med under ein pandemi. I haust starta eg difor på steppekurs, for det kan ein danse åleine. Det var skikkelig gøy! Det vart diverre ein stopper for det også, når Oslo stengte ned fullstendig i november. Så det har blitt mykje springing og skiturar dei siste månadane. Når ein jobbar med hobbyen og lidenskapen sin, meiner eg det er heilt naudsynt med ein aktivitet der ein må vere helt skrudd av frå jobb. Når eg dansar med ein tilfeldig partner må eg fokusere på kva vi gjer saman og lytte til musikken. Då er det ikkje plass til to-do lister og strategiplaner. Og så får eg røre på meg, og det trengs. Eg sit tidvis ganske kroka saman over symaskinen.