Kategorier


Arkiv

Prøvar å verkeleg leve – kvar dag

Prøvar å verkeleg leve – kvar dag

I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?


Anita Veberg er personlig trenar, på Spenst Førde og Florø, så for ho handlar mykje av livet om trening, både på jobb og på fritid.
– Kva gjer du på når du ikkje jobbar?

– Då er eg med familien min. Eg nyt verkeleg å berre vere heime og vere rundt dei eg er glad i. Elles er eg på trening på min andre heim, som også er min arbeidsplass. Trening er både min største hobby og mitt levebrød. Når eg så lenge ikkje visste kva eg ville bli, føler eg meg særs heldig som kan leve av det eg likar best å drive med, og samtidig hjelpe andre, seier ho.

Anita er 37 år, og beskriv seg sjølv som stolt sunnfjording og evig førdianar.
– Det er her eg er fødd og oppvaksen, og her blir eg. Sjølv om eit strandhus i varmare strok ikkje hadde vore å forakte no, seier ho og fortel at ho har busett seg høgt og fritt: i Sundsdalen.  
– Der nyt eg livet med mann, tre born barn, hund og katt og alt som høyrer til det gode familieliv, seier ho.

Måtte langt ned, før ho fann sin veg
Anita var blant dei som brukte lang tid på å finne ut kva ho ville utdanne seg til.
– Eg sleit med å velje retning då eg skulle gå vidare på skule etter ungdomskulen, og var misunneleg på dei som visste kva dei ville gjere med livet sitt! Eg prøvde ulike studieretningar, men fann aldri heilt det rette. Samtidig byrja eg å slite med synet på eigen kropp: Eg vart aldri god nok, og eg vart tyngre, trist og følte meg mindreverdig. Det var dette som gjorde til at eg valte denne utdanninga og dette yrket. Eg måtte falle langt ned, for å kunne reise meg igjen. Gjennom den erfaringa fant eg endelig det eg ville gjere. Mitt ønske er å kunne hjelpe andre ut av det svarte holet, gjennom trening, gode råd, hjelp og støtte. Trening og fokus på betre helse, og ikkje minst at eg investerte pengar i helsa mi ved å bestille timar hos personlig trenar, var min veg ut av den tunge tida. No håpar eg å kunne hjelpe mange på same vis, seier ho.



–  Eg sleit med å velje retning når eg skulle vidare på skule


Reiste nesten heim igjen
Sjølv om ho no visste kvar ho ville, var det eit stykke veg å gå.

– Akkurat som vegen frå ungdomskulen til å vite kva eg ville gjere. Då eg bestemte meg var eg i mammapermisjon med minstemann, så eg tok nettbasert utdanning via «AFPT- Akademiet for personlig trening». Det verste var praksisen. Då var eg borte frå familien min i 2 veker, og eg fekk ikkje oppleve minstemann sin første bursdag. Det var ein forferdelig tung dag, og eg reiste nesten heim frå Oslo. Eg er så glad eg haldt ut, for han hadde jo ikkje peiling på at han hadde 1-årsdag den dagen. Kvifor skulle eg risikere utdanninga mi for noko vi allereie hadde feira ilag før eg reiste dit, seier ho.

– Det tok meg seks år å bli personleg trenar på Spenst. Eg vart sykkelinstruktør først, og jobba heimanfrå som onlinecoach og med nettbaserte kurs, før eg tok steget til å bli “senter-PT”. Det er eg veldig glad for at eg gjorde.  Å trene andre og sjå gleda deira ved mestring, er verdt alle åra det tok for meg å finne ut av livet, og å bli personlig trenar. Og det er fleire kundar som fortel at dei skulle begynt tidlegare med styrketrening, fordi det er jo så gøy! Og eg er heilt einig, eg hadde byrja med det mykje tidlegare sjølv, om eg hadde visst at eg kom til å elske det slik eg gjer!


Å trene andre og sjå gleda deira ved mestring, er verdt alle åra det tok for meg å finne ut av livet

 



Får bli kjent med menneske
– Kva er det beste med jobben din?

– Å få bli så godt kjent med så mange gode menneske, og at eg får hjelpe dei til eit betre liv! Det er jo det ein personlig trenar gjer: Vi hjelp menneske til eit betre liv, gjennom å styrke kroppen deira, hjelpe dei til betre psykisk og fysisk helse, til betre vaner og betre kosthald, og til mestring og treningsglede. Når dei går ut av Spenst er dei fulle i endorfinar som gir ei fantastisk lykkekjensle. Det er så verdt det å komme seg over dørstokken og ned på trening ein times tid, seier ho og deler den andre sida.
– Det verste med jobben min? Det må vere at eg føler at eg har så mykje å gi, og så mange eg vil hjelpe, men at eg ikkje når ut til alle eg ønsker å gi mi hjelp til. Det er så mange der ute som ikkje eingong har prøvd trening, som ikkje tør å gå på treningssenter, når det kan vere det som manglar i livet deira! Det er ein litt tung tanke. Kanskje fordi eg sjølv har vore der at eg hadde treningssenterskrekk og følte meg for tjukk og utrent til å gå dit. Men det er ikkje sånn det burde vere! Trening er for alle, og vi PT-er har så lyst å hjelpe alle vi kan, seier ho.


– Det er så verdt det å komme seg over dørstokken og ned på trening ein times tid


Du må sjå andre
– Kva eigenskapar krev yrket ditt?

– Den viktigaste eigenskapen ein personlig trenar må ha er å kunne verkeleg sjå andre menneske, vere i stand til å hjelpe den einskilde kunden dit ho/han ønsker og gjere vårt beste for å støtte dei og hjelpe dei på vegen. Å vere personlig trenar er også ein sals-jobb, så å kunne selje oss sjølve og våre tenester er ekstremt viktig. Difor må ein vere både ein dyktig seljar og eit godt medmenneske for å lukkast i karrieren sin. I tillegg til å elske trening så klart, seier ho.  

– Kva er din livsfilosofi?

– Då kan seier eg det eg har tatovert på leggen min, som følger meg kvar dag: “May I live all the days of my life”. At livet ikkje lenger bare skal gå meg forbi, men at eg verkeleg lever kvar dag, og gjer det beste ut av det eg har og der eg er. I jobbsamanheng har eg og mottoet: “Tren for livet”, fordi å trene gir meg eit betre liv, og det trur eg trening kan gjere for mange andre og, om dei berre tørr å prøve, seier ho.  

 
Brukte brørne som forsøkskaninar

Brukte brørne som forsøkskaninar

Deler tida mellom bryllaupskjolar og dansekostymer

Deler tida mellom bryllaupskjolar og dansekostymer