Kategorier


Arkiv

Steffen slutta i fast, god betalt jobb for å få meir familietid

Steffen slutta i fast, god betalt jobb for å få meir familietid

Steffen Herstad har lang fartstid og brei yrkeserfaring som elektrikar, både frå Land  og sjø. No har han valt å starte for seg sjølv, i selskapet Berre Elektro AS


Steffen gikk ut av elektrolinja på Øyrane vidaregåande skule i 1999, og byrja som lærling i ABB Installasjon i Førde same år. Der hausta han erfaring frå eit breitt spekter av oppdrag, både innan privatbustadar og næringsbygg. I 2009 byrja han å jobbe som elektrikar på produksjonsplattformar offshore. Sidan 2013 har han jobba som elektrikar på flyterigg. Snart byrjar eit nytt kapittel, som sjølvstendig næringsdrivande.

Ikkje fødd slik, han vart slik
– Kvifor valte du akkurat elektrikar som yrke?
– Ikkje fordi eg visste det var det eg ville i alle fall. Eg var ein av dei som ikkje visste kva eg ville bli når eg var 15, seier han og ler.
– Heldigvis visste mor mi det. Det var ikkje slik at eg fikk beskjed om å søke på elektrikar på vidaregåande, men eg fikk venleg beskjed om at eg burde søke. Eg har alltid vore klåfingra rundt elektronikk og dippeduttar, så kanskje det var det ho tenkte? Eg såg ikkje for meg noko form for akademisk utdanning då. I seinare år har eg funne glede i å søke meir teoretisk kunnskap, så eg tippar eg at eg er ein typisk «late bloomer» på det feltet, seier han.



– Eg var ein av dei som ikkje visste kva eg ville bli når eg var 15



Motivasjonen steig når han vart sjølvgåande
– Når visste du at dette var eit god yrkesval for deg då?

– Ikkje før eg hadde teke fagbrev. Eg var ikkje nokon rebell på yrkesskulen, men eg haldt faktisk på å droppe ut med eit halvt år igjen på skulen. Eg følte eg ikkje skjønte kva eg bala med, og kva faget gikk i. Karakterane var ok, så eg skjønte det tydeligvis, men eg følte det ikkje. Eg sleit med motivasjonen, seier han og held fram.
– 
Heldigvis kom det ein juleferie, som gav pusterom slik at fornufta vant over ungdomlege impulsar. Læretida gikk greitt, men verkeleg kjekt å jobbe som elektrikar vart det ikkje før eg tok fagbrev. Når eg fikk jobbe sjølvstendig kom trivselen. Eg er kanskje litt sånn av natur at eg likar å prøve å finne ut av ting på eigen hand, seier han og smiler.
– Kva er det beste med yrket ditt?
– At det er eit handverksfag, der du kan vere sjølvhjelpt, uavhengig av andre. Det er eit veldig konkrekt fag, samtidig som er det litt artig når folk syns det vi driv med framstår som «magi». Det er også eit vidt felt, med mange retningar å velje: Energimontør, skipselektrikar, tavlebyggar, automatikkar og ikkje minst elektrikar, seier han og beskriv seg sjølv som ein «alt-mogleg-elektrikar».  


– Når eg fikk jobbe sjølvstendig kom trivselen

Steffen på jobb på plattform.

Steffen på jobb på plattform.

Ut på havet
Etterkvart søkte Steffen seg ut i Nordsjøen.
– Å jobbe i Nordsjøen var slikt som «alle» drøymte om. Ein trur at der ute er alt på stell, og at det er dei beste av dei beste som jobbar der ute. I tillegg til god løn, og mykje fri. Men etter kvart ramlar den visjonen litt i grus, seier han og ler.
– Det var friperiodane og lønna som motiverte meg den gangen. Å jobbe som elektrikar på flyterigg er utruleg lærerikt og spennande. Du møter eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som rigg-elektrikar. Om du vil lære, og er motivert for å omsette lærdommen etterpå, så får du brei og god erfaring å ta med deg vidare. Samtidig nyt ein som elektrikar stor tillit i arbeidsmiljøet, og får arbeidsro med å løyse problema du skal løyse, men ein kjenner likevel presset under feilsøking på utstyr som ikkje fungerer på boredekk. Etter 15 min stopp så er vi på nedetid, og når døgnraten på riggen er fleire hundretusen dollar så gir vi oss ikkje før problemet er lokalisert og løyst.  Alt i alt er det ein fin jobb, seier han.

Valte vekk høg løn for å vere meir med familien
Etter 12 år i Nordsjøen, ventar ein ny kvardag. Steffen har så smått starta for seg sjølv, i selskapet Berre Elektro. Han skal gjere unna to turar til på plattform, så byrjar han for fullt for seg sjølv til sommaren.
– På papiret høyres det flott ut å reise ut i to veker, og så vere heime i fire veker, men det har blitt kjipare og kjipare å reise ut, i takt med at familien veks. No har eg tre born, frå 6 månadar til sju år, og det er ikkje noko kjekt å vere så mykje vekke frå dei. Når eg er vekke i to veker, så er også kona mi åleine om alt  heime. Ho misser moglegheitene til å vere sosial og gjere ting på kveldane. Dette har eg kjent meir og meir på, seier han. 
– Ho er ei fantastisk dame, og har aldri klaga på at eg er vekke i periodar så det er ikkje ho som har bede meg om å «gå i land», understrekar han.

Å slutte med plattformlivet gir seg utslag på lønna. Å vere elektrikar offshore er temmeleg godt betalt.
– Eg såg på førre lønnsslipp, og tenkte at det er teit å velje vekk dette. Det medfører ein stor reduksjon i løn. Samtidig er huset bygd, og bilane betalt, så no prioriterer eg familietid. Og dei fleste her til lands klarar seg på «vanlige» lønningar, så det må vi også vere. Eg føler meg litt privilegert som kan velje dette, heldigvis betyr familie og vener meir for meg enn årsinntekta mi.



– Eg såg på førre lønnsslipp, og tenkte at det er teit å velje vekk dette



Ville ut av komfortsona
Å gå frå ein trygg jobb med god inntekt, til å vere sjølvstendig næringsdrivande kan vere skummelt. Ei kjensle han ønskjer velkommen
– Eg trivast godt med å bestemme sjølv kva eg skal gjere, og når. Det trur eg kjenneteiknar dei som startar for seg sjølv, seier han med eit smil.
– Som sjølvstendig næringsdrivande kan ein styre eigen dag, gjere eigne erfaringar og få ting til sjølv. Vi menneske likar å ha det trygt, komfortabelt og behageleg. Søker ein seg inn i den sona heile tida, blir livet litt kjedeleg. Etterkvar som ein blir eldre, får ein meir livserfaring. Då trur eg også det er lurt å søke det ukjente, og komme seg ut av komfortsona, for å utvikle seg. Ein føler ein lev litt meir då, smiler han.
For å kunne utføre arbeid på andre sitt elektriske anlegg, må ein ta elektroinstallatørprøva.
– Eg tok difor ei toårig utdanning innan elkraft, ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, og avla elektroinstallatørprøva hausten 2019. Så starta eg bedrift i fjor, og registerte den i el-verksemdregisteret. Då var alt det på formelle på plass og godkjent, så eg hoppa i det. No har eg to turar igjen i Nordsjøen, så handlar framtida om Berre Elektro, smiler han.
– Eg trur ikkje dette fører til mindre jobb, kanskje heller det motsette. Men håpet er at eg blir meir fleksibel, og i større grad kan velje når eg jobbar og styre dagen meir i høve familien.

Utflytta naustedøl
Steffen har blitt 40 år gamal, og beskriv seg sjølv som utflytta naustedøling, no busett i Farsundfeltet i Førde. Før i tida var han ein ivrig stisyklist, og særdeles aktiv. No er det familien som rår over fritida.
– No er det ungane som er primærfokuset, men er det opning så prøvar eg framleis å komme meg ut på ski eller sykkel, gjerne med ungane. Det er kvalitetstid det! Men ofte blir det heller å gjere unna førefallande ting ein har utsett for lenge. Trening er eit tilbakelagt kapittel for min del. No handlar det berre å halde lekamen i ein viss standard, seier han og ler.



Sjå nettsida til Berre Elektro

 
Ein hardtslåande vestlending

Ein hardtslåande vestlending

– Eg vart ein ny person i Nordsjøen

– Eg vart ein ny person i Nordsjøen