Vil du studere, eller studere med relevant jobb i tillegg?
ANNONSØRINNHALD FOR STUDENTJOBB
Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har samla krefter i prosjektet Studentjobb – som tilbyr studentar på teknologistudia i Førde relevante deltidsjobbar.
Målsetnaden er å auke rekrutteringa av studentar til Sunnfjord-regionen, ved å få på plass 30 deltidsstillingar til studentar som byrjar på eit av dei fire teknologistudia i Førde i haust.
– Dermed får studentane både relevant praksis og bygger CV frå dag ein – samtidig som bedriftene får arbeidskraft, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som er initiativtakar til prosjektet.
Studentjobbar gir Førde som studiestad ein unik kvalitet
Studentjobb er nytenking i praksis, og det skjer i Førde, i form av eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling og næringslivet i Førde. Inspirasjonen kjem frå Danmark.
– Danmark har ei studentjobb-ordning, men det finst ikkje tilsvarande i Noreg. Vi tenkte at dette hadde vore utruleg bra å få til her. Det gir Førde som studiestad ein unik tilleggskvalitet. Om eg fekk spørsmålet: Vil du studere, eller studere med relevant jobb i tillegg?, hadde valet vore lett, seier Fidjestøl.
SKAL DU STUDERE I FØRDE? SLIK FUNGERER STUDENTJOBB:
Studentjobb betyr at du som student at får eit unikt høve til å få ein kjempestart på arbeidskarrieren din. Studentjobb gjer det enklare for studentar å få relevant jobb i Førde under studia. I samarbeid med næringslivet får studentar som tek følgjande teknologiutdanning i Førde tilbod om lønna, relevant erfaring.
Automatisering m/robotikk (inkludert y-veg, stu.med fagbrev)
Elkraftteknikk (inkl.y-veg)
Byggingeniør (inkl.y-veg)
Informasjonsteknologi
«Kva må eg gjere for å få jobb?»
Om du aksepterer eit av studietilboda ovanfor blir du kontakta med tilbod om jobbintervju. Sjå studentpraksis.no
Bedrift som vil sikre deg relevant kompetanse?
Om di bedrift har lyst til å vere med på laget, kontakt prosjektleiar Bente Hauge på telefon: 95 26 13 59 eller E-post: bente.hauge@sunnfjord.no
Vinn-vinn situasjon
– Vi i Høgskulen på Vestlandet set stor pris på dette initiativet frå Sparebankstiftinga som Sunnfjord Utvikling gjennomfører og utviklar vidare. Vi har mange gode samarbeidspartnerar i bransjeorganisasjonar og enkeltbedrifter, og Studentjobb-prosjektet passar godt inn i heilskapen, seier Eli Nummedal, assisterande instituttleiar i institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag. Ho trekk fram at det både er viktig for studentar å bygge nettverk og bli kjent med næringslivet, og viktig for næringslivet å bli kjent med kva studentar som er i vår region. Studentjobb vil bidra til dette, samtidig som studentane får trekt den praktiske lærdommen inn i undervisninga.
– Å bli utfordra på og meistre faglege utfordringar i ei bedrift vil kunne styrke studentane på mange måtar, som auka motivasjon for å læra faga, utvikling av identitet knytt til fagretninga og etablering av nettverk, seier ho og held fram:
– Mange av studentane våre har alt arbeidserfaring frå eller deltidsjobb innan dei fagfelta dei no studerer, men Studentjobb vil gi alle studentane høve til å finne fram til rette bedriftene og jobbane, seier ho og fortel om god respons så langt.
– Forventningane våre i høve til søkjartal og fornøgde studentar er store. Mellom anna har studentar på eittårig forkurs og realfagkurs sagt at Studentjobb kan gjera at dei prioriterer å søkja opptak i Førde i staden for andre høgskular.
Studentjobb styrkar Førde som studentby
Ordførar Olve Grotle applauderer Studentjobb-prosjektet.
– Høgskulen på Vestlandet og Campus Førde har hatt ei fin utvikling. Det skjer veldig mykje positivt, og studentane i Førde trivst veldig godt! Det er no òg sett i gang det største samarbeidsprosjektet Sunnfjord kommune har hatt med Campus Førde og studentane, og dette kjem til å munne ut i ein strategi for korleis Førde skal bli endå betre som studentby. Samtidig som mange ting går bra, er det ikkje til å stikke under stol at konkurransen om studentane er hard, og at dette ikkje kjem til å endre seg. Kanskje heller tvert om ettersom årskulla kjem til å gå ned framover. Det er derfor heilt avgjerande å kunne stikke seg ut i denne konkurransen, og då kan det å skilte med relevant deltidsjobbar vere det som skal til, seier Grotle.
– Det å introdusere studentar for næringslivet har òg verdi utover det rekrutteringsmessige. Både studentane og næringslivet vil få nytte av samarbeidet, og for ein som er opptatt av folketalsvekst er det ikkje vanskeleg å tenkje seg at dette òg vil auke sjansane for at studentane blir buande i regionen vår.
Studentjobb skal bidra til rekruttering
Det er ikkje berre Grotle som trur Studentjobb kan styrke rekrutteringa til regionen vår.
– Rekruttering er ei stor utfordring for Distrikts-Noreg. Vår region har eit næringsliv i vekst, i stort sett alle bransjar, og treng folk. Det krev at vi har relevante utdanningar, og at det er attraktivt å studere her. Studentjobb skal bidra til å hjelpe bedrifter med rekruttering, skaffe innbyggarar til regionen og støtte oppunder Campus Førde og Førde som studiestad, seier Fidjestøl.
Sunnfjord Utvikling er nav i prosessen, og dei var særs positive til Studentjobb.
– Vi hadde eit eige prosjekt gåande på rekruttering av arbeidskraft til Sunnfjord. Næringsplanen til kommunen peikar på tilgang på kompetanse som ei stor utfordring i framtida. Studentjobb er eit flott bidrag til å skaffe relevant kompetanse via utdanning, kombinert med relevant praksis, i stillegg til å styrke utdanningsinstitusjonane våre, seier Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling, som er prosjektleiar for Studentjobb.
– Eit slikt prosjekt krev mykje oppfølging. Sunnfjord Utvikling sit i «vegkrysset» mot næringslivet, og tek dette frå luftig ide til konkret handling, seier Fidjestøl.
Vil styrke Førde som studiestad
Årsaka til satsinga er så enkelt som at utdanning er eit potent rekrutteringsverktøy.
– Utdanning er eit viktig verkemiddel for å rekruttere. Sjå berre kva Sogndal har fått til Høgskulen har fantastiske tal: 4 av 5 lokale studentar blir buande etter studia. For tilreisande studentar er talet 1 av 4. Å lukkast innan utdanning gjer noko med folketalet. Difor må vi ha utdanningar som er riktige og relevante for næringslivet vårt. Misser vi dei, blir rekruttering vanskelegare, seier Fidjestøl.
– Sunnfjord kommune jobbar med ein strategi for studentbyen Førde. Det er eit prosjekt som heng saman med dette, så det er viktig å koordinere alt, og få mest mogleg ut av ressursane. Det er kjekt at Sparebankstiftinga er så positive til å støtte Studentjobb og andre rekrutteringsprosjekt, seier Hauge.
–Sparebankstiftinga deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, så for oss er det naturlig å vere med på å støtte ting som gagnar lokalt næringsliv. Vi støttar alle utdanningane i Førde. Det er ei «egoistisk investering», på vegne av regionen vår. Vi må stå samla om å styrke Førde som studiestad, og løfte det faglege og sosiale for studentane. Studentjobb slår fleire floger i ein smekk, seier Fidjestøl.
Møtt med jubel og entusiasme frå næringslivet
Responsen frå næringslivet har vore utruleg god.
– Sunnfjord Utvikling si rolle er å få næringslivet til å sjå verdien i dette, og få dei med på laget. Til no har vi fått med 15 bedrifter, og 30 læreplassar. Og det er berre starten. Det er inspirerande å jobbe med eit prosjekt med så mykje entusiasme rundt. Studentjobb blir møtt med applaus frå næringslivet. «Dette skal vi vere med på!», seier Hauge.
– Om Førde skal lukkast, må vi få eit breitt samarbeid mellom næringsliv, utdanning, finans, næringsapparat, Framtidsfylket og IT-Forum, der alle trekk mot same mål. Det gjer prosjekt som Studentjobb lettare å gjennomføre. At bedrifter tek samfunnsansvar, som dei no har gjort ved å gi studentar arbeid, er utruleg viktig. Det er vinn-vinn: Studentar får relevant jobb og erfaring – og bedriftene arbeidskraft. Det krev litt arbeid for bedriftene no, i byte mot lettare tilgang på arbeidskraft i framtida. Når det gjeld rekruttering er det viktig å vere framsynt: Treng du folk om fem år, så bør du gjere noko no. Rekruttering tek tid. Dette jobbar bedriftene godt med, men ikkje koordinert.