Kategorier


Arkiv

No kjem det ny musikk frå Erlend Apneseth

No kjem det ny musikk frå Erlend Apneseth

Erlend Apneseth, ein av våre mest markante lokale musikarar, slepp no ny singel: 12. mars kjem det nye albumet til Erlend Apneseth Trio.


Erlend er ein av Noreg sine mest renommerte Hardingfele-utøvarar, og ein musikar/komponist som verkeleg har utmerka seg. Han jobbar både med personlige prosjekt, og saman med andre på i ulike grupper og sjangrar, i tillegg til å lage filmmusikk, musikk til dansegrupper og meir til.  Han har gitt ut sju studioalbum med eigen musikk og har vore musikar på heiltid i snart ti år. Han fekk Spellemann for albumet «Salika, Molika» som kom i fjor, med blant anna arkiv-opptak frå Sogn og Fjordane.

 

To tiår med hardingfele
Erlend vaks opp på Jølster, men er no busett i Ål. Men grunnsteinen til karrieren vart langt heime i Sunnfjord.
– Eg byrja å spele i 10-års alderen. At det vart hardingfela var litt tilfeldig. Eg hadde prøvd litt gitar og ulike instrument og kjente etterkvart at eg hadde lett for å spele strengeinstrument, og så hadde vi ei lita fele liggande heime. I tillegg var det eit godt miljø for folkemusikk i Sunnfjord på den tida, med mange unge som spelte. Det miljøet var nok grunnen til at eg kom over kneika og vart med lenge nok til å skjønne at dette kunne eg få til. I 14-års alderen bestemte eg meg for at eg skulle leve av musikken, seier han.
Etter tre år på musikklinja på Firda VGS byrja han på Ole Bull Akademiet på Voss, der han studerte utøvande folkemusikk.

Erlend Apneseth Trio består av Stephan Meidell, Erlend Apneseth og Øyvind Hegg-Lund.

Erlend Apneseth Trio består av Stephan Meidell, Erlend Apneseth og Øyvind Hegg-Lund.

– At det vart hardingfela var litt tilfeldig



Vert lada heime i Sunnfjord
– Korleis har oppveksten på Jølster prega deg som musikar og komponist?

– Det er vanskeleg å sei konkret, men openbart er barndommen og oppveksten noko som pregar ein på ein grunnleggande måte. Eg noterte dette frå ei bok eg las nett, kanskje det samanfattar noko: «Barndommen er ein eineståande kapital, som aldri kan brukast opp, uansett kor mykje ein auser av den. Alle seinare hendingar er, om enn skjebnesvangre, ikkje anna enn gjentakingar». Og eg lengtar ofte heim. Eg kjenner det med ein gang eg svingar inn i heimtraktene, at det er noko ved denne plassen som eg aldri blir ferdig med. Eg blir veldig lada av å vere i Sunnfjord.

 

«Lokk»
Den nye singelen vart slept 12. februar. Og ein knapp månad etter, kjem det nye albumet: «Lokk».

– Singelen er no ute, og albumet «Lokk» kjem på CD, vinyl og alle streaming-plattformar 12.mars, seier han.
– Plata starta som eit bestillingsverk til dansekompaniet Frikar i 2019, og har seinare blitt miksa på ny og tilpassa plateformatet. Det er mykje beats og klubbmusikk-referansar. Det er ein ganske annleis retning enn trioen har gått før, og eg gler meg veldig til å sleppe den laus, seier han.



– Det er mykje beats og klubbmusikk-referansar

webLive-2-ErlendApnesethTrio-Punkt2016-20160901_2048.jpg

Bevegar seg mellom sjangrar
– Du beveger deg mellom ulike sjangrar. Definerer du deg som folke- eller jazzmusikar?
– Eg trur ikkje det tener til så mykje å definere meg sjølv på den måten, det kan kritikarar og andre få gjere. Folkemusikken er utgangspunktet og grunnsteinen, språket mitt på eit vis. Og så lagar eg musikk utifrå det, som går i ulike retningar, fortel han.  

Det gjer han til mykje ros og god kritikk så langt. Erlend har vore nominert til Spellemann-prisar, og vunne ein, saman med mange andre prisar. Han har sprengt grenser som folkemusikar, etablert seg som komponist og lagar musikk som får kritikarar-ros i Europa. 

– Eg føler meg veldig heldig som har blitt sett på den måten, og tek det som ei oppmuntring og inspirasjon til å forsette arbeidet og utforskinga eg driv med. Å stå for eit eige uttrykk er skjørt, og det er godt å få ei stadfesting på at det eg putlar på med er verdt noko, også for andre enn meg sjølv, seier han og fortel kvar inspirasjonen til å skape musikk kjem frå.   

– Alt mogleg eigentleg: instrumentet mitt, andre musikarar og plater eg kjem over. Litteratur og andre kunstformer også. Og av og til er det jo spesifikke bestillingar, som eg må forholda meg til, om det er ei danseførestilling eller til ein festival eller liknande. Då er det kanskje nokre sette parameter på førehand.



Folkemusikken er utgangspunkt og grunnsteinen, språket mitt på ein måte



To bein å stå på
Som så mange andre utøvande kunstnarar, har han fått smake på eit annleis år grunna pandemien. Då er det godt å ha komponistkarrieren i tillegg.

– Det er lettare å være komponist enn musikar, då kan ein tross alt jobbe heimanfrå -  og eg har heldigvis kunna stø meg på ein del komponistoppdrag gjennom perioden sidan alt av live-jobbar har vore avlyst. Når det letna litt i sommar fekk eg gjort litt festivalar, blant anna Moldejazz og Oslojazz, så eg fekk litt ut av det då. Men dette har gått veldig hardt utover musikarane, og spesielt dei som baserer alt på livespeling. Svært mange kunstnarar er organisert som sjølvstendige, og har ikkje noko apparat rundt seg når noko slikt som dette kjem. Eg håpar difor kompensasjonsordningane vert halden ved like heilt fram til vi er sikre på at vi ser enden av dette, seier han.

Under kan du høyre den nye singelen til Erlend Apneseth Trio, og det førre albumet hans.

 
 
 
 
Møtte isbjørn på 1,5 meter avstand

Møtte isbjørn på 1,5 meter avstand

Vil du studere, eller studere med relevant jobb i tillegg?

Vil du studere, eller studere med relevant jobb i tillegg?