Møtte isbjørn på 1,5 meter avstand
Anstein Felde slepp å uroe seg over pandemien når han går på jobb. Han jobbar for Meteorologisk institutt, og bur saman med tre kollegaar på øya Hopen, over 290 km unna nærmaste nabo, i Longyearbyen. I staden må han vere på vakt for isbjørnar.
Øya Hopen ligg mo åleine i Barentshavet, 185 km aust for sydspissen av Spitsbergen, som ein kvit strek på 33 km, omgitt av is. Der trivast isbjørnar særs godt. Det er ingen nabo å spøke med: Isbjørnen, Ursus maritimus, er nemleg verdas største landlevande rov-pattedyr.
– Det er ganske fasinerande og absurd. Du ser ut vindauget, og så er det gjerne 3-4 isbjørnar der ute. Det er litt uverkeleg. Og difor må ein passe på når ein går ut av hus, når ein jobbar ute eller skal på tur. Du må vere forsiktig, og på vakt, frå du opnar døra til du har lukka døra bak deg i neste bygg. Og alltid ha våpen og knallskot med, og ekstra skot og knallskot/penn, seier Anstein.
– Korleis er det å ha eit så stort rovdyr så tett innpå?
– Det kan vere ganske nervepirrande til tider. Nokre av dei er veldig nærgåande, og ikkje så redde av seg. Andre er litt meir skvetten, og då treng ein berre å rope eller klappe, så spring dei. Isbjørnar er med andre ord veldig ulike. Det er store og tydelige forskjellar på dei ulike individa. Og du veit aldri kva type du møter, eller om den er aggressiv. Sjølv om dei er rolige, og ikkje virkar spesielt interessert, er det kanskje den som lurer deg? Det vil ein helst unngå. Dei er lydlause, og dukkar opp som troll i øskje, trass storleiken. Det er nok med eit lite bakkeløp i terrenget, så kan ein isbjørn ligge heilt flat og være usynleg for deg. Difor er det viktig å følgje med på omgivnadane og unngå enkelte hushjørner, samt dumpar og kantar i terrenget, seier han.
– Nokre av dei kjem liksom ut av intet, og ein kvepp godt når den brått står der framfor deg.
– Du ser ut vindauget, og så er det gjerne 3-4 isbjørnar der ute
Auge til auge med isbjørnen
Ein vaksen hannbjørn kan bli opp til 800 kg, med ei kroppslengde på 250 cm. Nyleg fikk Arnstein eit nærmøte med ein ganske stor kar.
– Eg hadde tidelegvakt ein morgon, og her er det framleis veldig mørkt om morgonen, og skulle ut og hente nedbørspotta. Når eg kom ut såg eg ein isbjørn eit stykke ut på isen i lyset frå lommelykta. Det såg ut som den var på veg forbi. Eg tok med meg bøtta inn, registrerte data og sendte det frå meg. Så sette eg meg i karnappet, for å drikke kaffi. Brått byrja eine hunden å bjeffe som besett. Eg kikka ut vindauget, men såg ingenting, så eg sette meg ned og byrja å lese nokre jobbdokument, fortel Anstein.
– Brått såg eg ein stor hannbjørn ute på plassen, framfor karnappet. Den tok eit raskt byks mot meg, og reiste seg opp framfor vindauget. Det var ikkje meir enn 1,5 meter mellom oss. Der vart den ståande og stirre inn. Når eg rørte på armen min festa den blikket i meg, men når eg prøvde å gripe kameraet kvapp både bjørnen og meg, og den raste av stad, seier han og fortel at det var ein røseleg kar.
– Ein vaksen hannbjørn som står oppreist kan vere mellom 250-330 cm og vege mellom 500-800 kg. Denne vog vel 5-600 kg og var kanskje 270-280 høg. Det var nokre intense sekund og litt av ei oppleving! Det er ikkje mange som har stirra inn i auga til ein isbjørn på det haldet og overlevd. Blikket var heilt svart, tomt og veldig skummelt. Dei er digre på nært hald!
– Det var nokre intense sekund og litt av ei oppleving!
Eit stykke ned på næringskjeda
Når du bur på Hopen, skjønnar du raskt at det der med at menneske er på toppen av næringskjeda, det gjeld berre så lenge du har hjelpemiddel.
– Når du bur så tett på isbjørn, så skjønnar du at her er du ikkje på toppen, her er du berre på besøk. Eg var ute og skulle sjå over bygningane ein morgon. Det er og noko vi må gjere når her er mykje bjørn, den kan bryte opp dører og slikt om berre den tar seg litt tid og vil det. Eg hadde nett sett ein stor hannbjørn på utsida av stasjonsområdet, på veg vestover forbi oss. Vi såg på kvarandre på god avstand. Då tenkte eg at no spring eg rundt og sjekkar at alt er ok der den har vore. I det eg rundar eine bygninga dukka det opp ein litt mindre hannbjørn, som kom mot meg, og berre var 20-30 meter unna. Den visste tydeleg at den ikkje var redd for små pinnedyr, så eg måtte fyre av eit knallskot for å få den til å endre retning, seier Anstein.
– Det viser igjen kor viktig det er å følgje med på omgivnadane våre heile tida her oppe. Vi har også hatt fleire besøk av binner med eit-årsungar. Då byrjar dei å bli ganske store også!
– Den viste tydeleg at den ikkje var redd for små pinnedyr
Isfritt, saman med stranda isbjørnar
Akkurat no er det mildvær på Hopen, noko som har gitt øya nye faste innbyggarar.
– Dei siste dagane har det vore mildvær frå sør som har brote opp isen og gjort det delvis isfritt rundt øya. Dermed har det stranda nokre isbjørnar her. Tre binner, med tilsaman fem ungar, samt ein 4-5 hannbjørner, som held til i terrenget rundt stasjonen, pluss/minus nokre kilometer. Binnene legg nok ikkje på svøm med ungane når det er så dårlig med is dei kan nå, men det er faktisk i ferd med å fryse på igjen, samt at det driv inn litt is no. På sikt er dette dyr som kan bli plagsame, om det ikkje blir kaldare og isen kjem igjen. Det er på isen dei høyrer til, det er der dei jaktar og finn maten sin. Difor heng talet isbjørnbesøk på Hopen saman med isforholda i Nordishavet, dei haiker med isen til oss, seier han og fortel at ein del av jobben er å telje talet isbjørnar.
– Vi tel og registrerer alle bjørnebesøka og loggfører dette. Materialet sender vi vidare til Norsk Polarinstitutt ein gong i året. Vi observerer og måler også isen, samt dyr som rev, sel, kvalross og fuglar. Når det gjeld ismålingar må vi være ekstra påpasselig med tanke på isbjørn. Det er mange skrugarder og ujamnheiter å gøyme seg bak. Difor har vi då ein mann høgare i terrenget i høve der vi målar, med VHF-radio som kommunikasjon.