– Eg kunne vore meir taktisk, men eg likar å seie frå
Rolf Sanne-Gundersen beskriv seg sjølv som rastlaus. Det er kanskje grunnen til at han går av som dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, trass at han trivast godt i jobben.
– Så kvifor gir du deg?
– Det har eg spurt meg om sjølv også, seier han og smiler. – Eg har likt meg godt i Sunnfjord Utvikling, og eg søkte jo ikkje jobb, eg vart kontakta. BKK er ei særs spennande bedrift, med store moglegheiter, som i tillegg til å vere kraftselskap også jobbar for å utvikle samfunnet. I så måte liknar dei på Sparebanken Sogn og Fjordane, som er like mykje IT-selskap, som skaper nye løysingar, som bank. BKK sitt mål er å bidra til å utvikle verda vidare. Det var så spennande at eg ikkje kunne late det gå forbi. Åra i Sunnfjord Utvikling har vore ei gøyal reise, for ein godt vaksen mann, og eg har ikkje tenkt å gi meg. Eg skal drive med samfunnsutvikling i BKK også, på ein litt anna måte.
30 år med å stikke hovudet fram
Rolf stikk ofte hovudet og meiner ting, til både glede og irritasjon.
– Å leie Sunnfjord Utvikling er ein krevjande å jobb: Du må heile tida må forsvare deg sjølv og det du driv med. Det kostar litt å stå i det. Eg har temperament og engasjement, og gjer det ikkje enkelt for meg sjølv. Eg er ikkje redd for å provoserer, spesielt ikkje dei som meiner alt var best før. Det smell til iblant, med styr og diskusjonar. Eg fyk lett opp, men blir raskt ferdig med ting der andre kan bli fornærma. Eg har for mykje trykk i pedalen, på godt og vondt, og har jobba med å forstå korleis eg virka på folk, smiler han og fortel at slik har det vore i 30 år.
– Eg har vore ein engasjert innflyttar, i jobbar som har gjort meg synleg. Det har eg merka, og ikkje minst at det er skilnad på å vere synleg som mediemann og i jobben eg har hatt siste fem åra. Journalistar skal vere kritisk, medan eg har hatt ei rolle der eg skal prøve å få til noko. Det er ulike engasjement. Kanskje kunne eg vore smartare i blant, og meir slipt i kantane. Då hadde nok fleire likt meg betre, men eigentlig gir eg litt blaffen. Eg seier heller tydleg frå, så ender det med litt ros og litt kjeft. Det er heilt greitt, seier han og smiler.
– Kjem det til å bli stilt no?
– Eg kjem framleis til å ha meiningar, og eg legg nok ikkje årene heilt inn. Og så meiner eg at samfunnet treng tydelege røyster.
– Eg er ikkje redd for å provosere
På veg mot lærar – enda som medie-mann
At siddisen skulle ende som næringssjef i Sunnfjord Utvikling hadde gitt gode odds på 80-talet, men valet han tok etter Flekkefjord Gymnas i 1984, førte han dit.
– Lærarutdanninga i Sogndal var eit tilfeldig val, som enda med at eg vart journalist, i det som no er Sogns Avis, i ein potetkjellar på Hermansverk, saman med litt av ein gjeng:
Jørgen Thaule, Jon Navarsete, Kai Aage Pedersen, Gerhard Haugland m/fleire. Det var den beste journalistutdanninga du kunne få. Du måtte produserer og klare deg sjølv, seier han.
Det var der journalisten i han for alvor vakna.
– Eg enda i Førde takka vere rastlaus natur og eit ønske om nye utfordringar. Eg ville prøve meg i Firda, som var ei veldig profesjonell lokalavis med eigen desk og det meste på plass: Ei ordentlig lokalavis. Kanskje for ordentlig, dei manglar litt av rølpesida vi hadde i Sogn Avis.
Rastlaus, men vart i Førde
Og sidan januar 1990, har Førde vore heime for han, tross den rastlause naturen.
– Det kokar ned til at eg likar meg her, og bur med ei frå Nordfjord, som også jobbar her. Og at Førde er ein passeleg småby, med mange moglegheiter. Du kan skifte jobb, du har kort veg til det meste, ikkje minst til Oslo og Bergen, seier han.
Dermed fikk rastløysa utløp gjennom å skifte jobbar med jamne mellomrom. Etter Firda venta jobb i TV2 Nyheitene og så Dagsrevyen, følgt av NRK Sogn og Fjordane, der han vart lenge. I løpet av 16 år var han journalist, vaktsjef, redaksjonssjef og til slutt redaktør.
– Eg har jobba i Oslo og Bergen undervegs, men alltid budd her. I 2011/12 ønska eg å flytte til Oslo. Eg fikk ein jobbmoglegheit i NRK som eg hadde lyst på, men familien ville ikkje flytte. Det er noko av forklaringa på at eg braut av karrieren i media. Eg hadde gjort det eg skulle, som journalist og redaktør, og ønska å prøve noko anna før eg la meg ned, seier han.
Og noko heilt nytt vart det. Til mange si overrasking.
– Om eg skulle bu her, følte eg at eg måtte utfordre meg sjølv og gjere noko heilt anna. Så eg vart administrasjonsleiar i Bano på Sandane. Då trudde mange det hadde klikka for meg, seier han og ler.
– Året i Bano lærte meg å tenke på eit litt anna vis enn når ein er tilsett i eit offentlig selskap. Eg fekk veldig respekt for dei som går på jobb kvar dag med mål om å få ting til. Selskap der folk går på jobb i vissa om at dei må levere, skape inntekter og betale utgifter kvar dag. Det er krevjande, og har gitt meg ein stadig aukande respekt for dei som satsar og skapar.
– Då trudde mange det hadde klikka for meg
Eit eventyr
Rolf flytta Sunnfjord Utvikling til Peak Sunnfjord. Det var ikkje alle samde i.
– Peak Sunnfjord starta med eit namn som irritererte folk, men det har vore eit eventyr. Etter å ha blitt kjent med Pål Anders Kårstad og Edgeir Aksnes måtte eg bli med på den reisa. Peak Sunnfjord handlar om å bygge noko nytt, spennande og innovativt. Det starta med fem selskap og 30 tilsette, og har så langt blitt til 20 selskap og 130 tilsette. Det er det modigaste prosjektet eg har vore med på. Edgeir og Pål Anders sto i spiss for ei satsing som har lokka spennande selskap og unge folk med tak i. Så må eg nemne huseigar Karl Aage Tvedt. Han har vore sentral for at Peak Sunnfjord har lukkast. Han har vore offensiv og villig til å investere i bygget, trass i at han er bergensar, seier Rolf.
– Lokalt eigarskap er særdeles viktig, men av og til treng vi påfyll av dei rette folka med den rette kapitalen frå andre stader i landet. Karl Aage er ein slik ein. Eg kjem til å sakne Peak Sunnfjord, og ikkje minst driven og gutsen på huset. Peak Sunnfjord viser at vi har lukkast med er å få fram personar som vil skape noko i kommunen vår. Det er ein guts og drive som liknar det vi har sett i Sogn. Sunnfjordingen har vakna. Vi klarar å rekruttere folk, og det er gøy. Det er kjekt å vise at vi får til ting i distriktet. Ordet stolt er eit sjeldan ord i min munn, men når Edgeir og Tibber vart nemnt i talen til Erna, så vart eg litt stolt.
– Eg kjem til å sakne Peak Sunnfjord
Usikker framtid?
Dei siste åra har Sunnfjord Utvikling vore gjenstand for politisk debatt, der det har vore varsla nedskjeringar på tal tilsette og budsjett.
– Eg synst ikkje kommunen alltid har vore like enkel som eigar, sjølv om vi har samarbeida godt med politisk leiing og kommunedirektør. Litt av det handlar om at vi er eit AS utanfor kommunen, så vi er ikkje på «innsida». Eg håpar at Sunnfjord kommune vel å satse på oss, slik dei har gjort i Sogndal til dømes, og at ikkje kommuneøkonomi fører til ei nedprioritering. Det ville vere uheldig. Vi har hatt eit vedtak hengande over oss, om å legge ned og flytta drifta inn i kommunen. Og det kan eg seie: Eg hadde ikkje blitt kommunalt tilsett næringssjef. Det er ikkje noko gale i det, men det er ikkje for meg. Eg treng armslag.
Erklæra den trauste sunnfjording for avgått
– Kva er du mest nøgd med gjennom desse fem åra?
– Å komme inn i Peak Sunnfjord var ein stor opptur. Og at vi har klarte å snu på oppfatninga om sunnfjordingen som litt treig. Vi var offensive, og lukkast med omdømmebygging. Vi fikk til eit ufatteleg krevjande prosjekt på Moskog. Rekrutteringsprosjektet vårt er spennande, og det er gjort ein god jobb med reiseliv. Der treng vi eit større selskap, og prosessen er i gang mellom Visit Fjordkysten og Visit Sunnfjord. I sum har vi gjort ein skilnad på mange område, og det å gjere ein forskjell frå dag til dag er viktig, seier han.
– Og kva vart det ikkje noko av?
– Det er mange ting, og slikt vil det alltid vere i eit utviklingsselskap: Du satsar på ein hest, trykker på og forsøker å skape, så ser du at det ikkje går. Det vil alltid vere ting ein ikkje lukkast med, men ein må prøve. Til tider har eg vore litt Covid-deprimert: Samfunnet stoggar opp, og det byrjar å handle om å overleve for mange bedrifter. Eg syns veldig synd på dei som er hardast ramma. Samtidig har pandemien visst oss kva lokalt eigarskap har å seie: Hotella våre har satsa hardt og investert. Det er kolossalt imponerande, og no er det særs bra standard på overnattingsstilbodet vårt. Det er bra trykk i denne regionen, seier han.
– Vi har klarte å snu på oppfatninga om sunnfjordingen som litt treig
Utfordringar – men ei god framtid for Sunnfjord
Sjølv om han går av, ser han framleis ting Sunnfjord Utvikling må ta tak i.
– Det er mykje å ta tak i. Til dømes fødselstala og demografi. Eg har lagt meg mang ein kveld, urolig over fødselstal. Det er ein del av jobben, men Sunnfjord kjem til å klare seg, takka vere våre mange kvalitetar og varierte arbeidsmarknad. Vi har eit næringsliv som består av spennande «up and coming» bedrifter, og solide, store aktørar som har gjort det godt. Om vi samanliknar to byar på nesten same storleik som eg kjenner godt, Førde og Flekkefjord, er skilnaden stor: Flekkefjord, med litt over 9000 innbyggarar, har høg aktivitet om sommaren, elles er det stille. Førde sin varierte næringsstruktur gjer at det skjer ting jamt her, og fører til at eg trur vi kan leve godt her i framtida, seier han og held fram.
– Då er eg meir uroa over mange av dei små bygdene våre, der mange er prega av at innbyggarane blir eldre og færre. Det er få som flyttar tilbake, fordi det er lite å flytte tilbake til. Korleis vil dette sjå ut om nokre år? Dei større tettstadane i regionen vår vil klare seg, men eg er redd at mange små grender vil bli prega av mykje fritidsbustadar om nokre år. Der ligg det store utfordringar. Men Førde har også utfordringar vi må løyse. Ein ting som gjer meg kok forbanna, er at vi kjempar kvar dag for å bli meir attraktive for tilflytting. Folk flyttar frå større byar for å få ein enklare kvardag. Då må vi gjere det enkelt å velje oss. Får du same problema med å bu i Førde som i Bergen, så flyttar du ikkje hit. Her må vi vere gode, seier han og gjev eit døme på det motsette!
– Og så kjem denne saka, der mange ikkje får barnehageplass fordi barna er fødd på feil tid av året. Om vi ikkje ein gang klarar det, då blir eg forbanna. No løyser det seg, men vi burde ikkje hamne i den diskusjonen. Eg gidd ikkje høyre unnskyldningane, berre løys det. Dei klarar det andre stader, då må vi klare det også.
– Eg har lagt meg mang ein kveld, urolig over fødselstal
Litt skada...
– Du har vel ikkje akkurat slitt med for mykje fritid dei siste åra: Blir det 8-4 no?
– Det veit eg ikkje om eg klarar. Eg er diverre skadd i høve engasjement og vilje til å jobbe mykje. Eg har eit samfunnsengasjement, og eit «snev» av politisk interesse. I den grad det er jobb. I min nye jobb skal eg også følgje med, og ha kontakt mellom kommunar og eigarar. Hjernen går heile tida, eg likar å følgje med og fange opp ting. Så eg tviler på det blir 8-4, og det har eg sagt heime også. Eg kjem til å jobbe mykje til eg sluttar å jobbe. Det er slik eg likar det, seier han.
– Eg har alltid vore rastlaus og full av energi, og dårlig til å slappe av. Middagsluren slit eg med å ta, i staden kan eg finne på å gå ned og rydde i kjellaren. Eg har ein urolig natur, og det ser ikkje ut til å gå over. Dei som kan ta livet med ro og nyte helga imponerer meg, eg slit med å ikkje gjere noko. Eg les mykje, i form av aviser og nettsider, men det går på kost av bøker. Der har eg også ein svakheit.
Heller tur med hovudlykt, enn ut på bar
Rolf har fem barn, så det har blitt ein del timar med fotballtrening og oppfølging på fritida.
– Etterkvart har eg stort sett vaksne barn, med eit unntak, og merkar at eg har fått meir tid. Den likar eg best å bruke på å gå i fjellet, helst åleine eller med frua. Eg er ein loner på fritida. Folk trur eg er veldig sosial, men eg trivast best med å ha det stille og rolig heime. Eg får kjeft på heimebane fordi eg er så dårlig til å delta i sosiale samanhengar, seier han og forklarar kvifor han likar det slik.
– Når du har eit aktivt liv på dagtid, så blir det godt med ro og fred på kveldane. Eg er dårlig til å nytte meg av bar-tilbodet. Eg er storbrukar av natur i staden. Eg har fått meg ein pussig hobby: Å gå tur med hovudlykt, det likar eg veldig godt. Det er eigentlig noko du bør like for å bu her, seier han og deler ein enno meir overraskande hobby.
– Eg likar å ha struktur. Det gjeld både i hovudet og rundt meg. Difor likar eg husarbeid. Eg vaskar både hus og klede med glede. Ho der heime er heldig, men det innrømmer ho aldri.