Sjur likar å løfte fram bra musikk
Spørsmålet «kva skal eg bli?» hadde fleire gode svar for Sjur Systad Tyssen, då han skulle studere. Men det det enda opp med eit alternativ han faktisk ikkje hadde tenkt på som ung: Som musikkjournalist/meldar i P3.
Sjur vaks opp i Førde, men jakta på eit yrke sende han innom våre tre største byar,.
– Eg har blant anna vore innom lærarstudie, arkivar og marknadskommunikasjon, og har studert både i Oslo, Bergen og Trondheim. Eg var ganske sikker på kva eg skulle bli kvar gang eg byrja å studere, men ikkje like sikker eit halvt år seinare, seier han og ler.
Djup interesse for musikk
Dette med å jobbe med musikkjournalistikk, vaks gradvis fram gjennom andre studie.
– Eg er usikker på kor tid eg var bevist på musikkjournalistikk. Eg gikk ikkje med eit ønske om å bli platemeldar, sjølv om musikk alltid har vore veldig viktig for meg. I tenåra las eg ulike musikk-magasin, frå Mojo til Classic Rock, og la merke til den legendariske rock-journalisten Mick Wall, og korleis han formidla røvarhistorier frå ei lang karriere. Men det var meir fasinerande, enn at eg såg det som ein karrieremoglegheit då, seier han.
Den tilfeldige journalist
I løpet av studietida oppdaga han meir og meir at han trivst med å skrive.
– I studietida mi i Oslo skrev bror min for Natt og Dag. Eg fekk tilbod om å skrive for dei, men det byrja eg først med eit år seinare, etter å ha flytta til Bergen. Eg hadde mykje meiningar om musikk i dei dagar, om ikkje like reflekterte som i dag, og leverte ein handfull tekstar til dei i 2012-13. Der oppdaga eg kor kjekt det er å skrive om noko ein interesserer seg for, og fekk smaken på det, seier han og fortel at det leia han vidare på det sporet.
– Eg flytta til Trondheim. Der vart med som journalist i den internasjonale studentfestivalen, og fikk intervjue og skrive artiklar. Det var dårlige greier, så eg er glad eg for at den nettsida ikkje eksisterer lenger, seier han og ler.
– Der oppdaga eg kor kjekt det er å skrive om noko
ein interesserer seg for
Byrja å studere marknadskommunikasjon
Om han ikkje var så nøgd med resultatet, fikk han uansett meirsmak.
– Etter kvart fann eg ut at eg ville jobbe med tekst. Eg tok ofte språkleg regi i gruppeoppgåver i studietida, og stadig fikk idear som eg heller ville jobbe med. Difor valte eg kreativ marknadskommunikasjon, der tekstforfattar var ein del av studieløpet. Mot slutten av det studiet fikk eg jobb i NRK Sport. Eg skreiv referat frå norske fotballkampar, samt VM-kampar. Det var ein kjekk jobb, men når eg var ferdig på studiet hadde eg ikkje lenger rett på studentbustad. Heller enn å kaste meg ut i jobb- og bustadjakt, valte eg å flytte heim til Førde for ein liten pustepause i 2018, seier han og smiler.
Ein pustepause
Den pustepausen vart litt lenger enn han trudde.
– Her sit eg enno. Det var vanskeleg å få jobb. Folk var på jakt etter anna kompetanse enn eg hadde, kombinert med at eg har vore litt kresen. Når eg budde i Oslo hadde eg ein krins med særs musikkinteresserte folk rundt meg. Vi kunne nerde musikk på Cafe Sara til langt på natt. Det nerdegenet fikk ikkje eg utløp for på same vis her heime, så eg kontakta musikkmagasinet Gaffa. Redaksjonen der besto av eldsjeler, som skreiv på dugnad, i kjærleik til musikk. Dei satt si stoltheit i å skrive bra om det. Eg fikk innpass, men diverre vart magasinet lagt ned i 2020. Parallelt skreiv eg for det norsk-portugiske fotballakademiet NF Academy, som var samarbeidspart med klubben Sporting CP. Eg fikk publisert mange artiklar der frå 2019, men då pandemien dukka opp, forsvann behovet deira for tekstarbeid, seier Sjur.
Ein uventa sjanse
Dermed vart han gåande pandemi-ledig ei stund.
– Hausten 2020 såg eg at NRK/P3 søkte etter musikkmeldarar. Det var eit langskot i mørket tenkte eg. Eg visste ikkje om eg passa profilen deira, samtidig som eg visste det gikk mange særs kvalifiserte folk utan oppdrag, som kunne gjere jobben med bind for auga. Eg søkte, men hadde eigentlig gitt opp. Så tok dei kontakt etter seks veker, og eg var ein av fire dei ville ha inn på ein prøveperiode i 1,5 månad. I januar fekk eg og ei til jobb, på seks månadars kontrakt, i første omgang. Det var kjekt, seier han.
– Det var eit langskot i mørket
Ikkje kasta ein einaste terning så langt
– Korleis er det å vere platemelder i P3?
– Eg har ikkje meldt plater enno. Det skuldast ein kommunikasjonsfeil mellom meg og P3, men no skal eg i gang med dette også. Men eg har jo meldt plater i Gaffa før, og det er gøy. Sidan november har eg i staden jobba med musikkjournalistikk. Det er ein kjekk jobb, der eg har noko å drive med kvar veke. Musikkjournalistar sit ikkje berre og kastar terning. For min del er eg mest oppteken av å løfte fram det som er bra. Førre veke hadde vi til dømes ute ei stor sak på P3 med 11 artistar vi har tru på, der eg har skrive om to av dei: Fights og Din Moris, seier han.
Kunnskapsbasert og fagleg
– Det er ingen fasitsvar på korleis ein musikkmeldar jobbar. Mi tilnærming er å gå så fagleg til verks som råd. Som meldar må ein klare å skilje mellom kva som er personlige preferansar, og kva som er kvalitet uavhengig av desse: Om eg hatar banjo, kan eg ikkje «straffe» artisten for å bruke det. Med mindre det er eit fagleg og musikalsk feilskjær, seier han og held fram. – Når eg skal melde eit album, startar det med å høyre mykje på det. Og ikkje berre framfor skjermen, eg må ha det med meg ut i verda og fordøye det i ulike situasjonar. Eg bit meg merke i korleis progresjonen er, kor sterke er enkeltlåtane, kva skil seg ut positivt/negativ og korleis er heilskapen? For meg er eit album eit komplett produkt, seier han og held fram med eit atterhald.
– Eg har gitt ut både 5-arar og 6-arar, men plata eg har høyrt mest på, av dei eg sjølv har meldt, gav eg 4: American Football sitt LP3. Det har nokre låtar som trekk ned, men dei kan eg skippe, for å høyre på dei om er skikkelig bra, seier han og smiler.
– Om eg hatar banjo, kan eg ikkje «straffe» artisten for å bruke det
Breie referansar og musikkglede er ein god start
– Kva må til for å bli å bli musikkjournalist?
– Eg trur eg fikk jobben fordi eg kan å formidle, og har eit veldig breitt referansegrunnlag. Eg høyrer på ekstremt mykje ulik musikk, og er ikkje så detaljorientert. Og eg høyrer heller på noko nytt, enn å høyre i hel gamle favorittar. Ikkje at det er feil, men eg er glad i å sjekke ut ny musikk, og putte nye namn og referansar i banken. Det er mange inngangar til dette, men for meg er det musikkgleda som ligg til grunn. Same kva veg inn ein har, må ein kunne skrive for eit publikum. Det er mange som er flinke til å skrive, utan å vere flink til å formidle musikk. Det er ein eigen sjanger. Og så skal ein ikkje vere ovanfrå og ned. Det skal ikkje vere ei uttilgjengeleg elite-greie, der ein brukar kunnskap til å vise seg fram. God musikkjournalistikk er å bruke kunnskap til å opplyse lesaren.
– For meg er det musikkgleda som ligg til grunn
Norges mest omdiskuterte jobb i februar
Dei fleste har fått med seg debatten mellom Tix og Dagbladet sin musikkmeldar, Anders Grønneberg, der mange har stilt spørsmål ved meldinga si stilling i 2021.
– Eg syns meldinga om låten til Tix var dårlig, uavhengig av låta. Meldaren snakkar ikkje om musikken, han slaktar utan å fortelje kvifor den er dårlig. Då blir det i mine auge uinteressant. Det blir slakt, der meldar verkar mest oppteken av å finne gode one-liners. Dette er ikkje ein konkurranse om å vere den mest snappye, nådelause slaktaren. Det handlar om å gi fagleg fungerte grunnar til at noko er bra eller dårlig. Når ein ber andre artistar gå inn og grine litt på Lindmo også, tenker eg at dei heller kan gi oppdraget til nokon som bryr seg, seier han og fortel at han skjønnar at artistar kan bli forbanna.
– Ein har høyrt om meldarar som blir trua, eller hamnar i slagsmål med artistar på byen etter dårlige meldingar. Eg skjønner at musikarar kan bli provosert av usaklege meldingar. Det ligg mykje arbeid bak ei plate, og artistane legg mykje av seg sjølv i dette. Då blir usakleg slakt provoserande. Folk flest godtek ikkje slikt elles i livet, frå til dømes sjefen sin, kollegaer eller lærarar. Når det er sagt skal ein jo aldri true eller bli fysisk. Og om ein gir ein sakleg, vel fundert melding på musikken, så må artistar tåle det. Om noko er dårlig, så må det være lov til å seie det. Artistar skal ikkje sleppe unna med venstrehandsarbeid heller.
– Eg skjønner at musikarar kan bli provosert av usaklege meldingar.
Treng vi musikkmeldarar i 2021?
– Ja. For meg er musikkmeldaren ein kurator, som tek på seg å høyre ny musikk, på vegne av lesaren. Eg er 32 år og singel, og slit ikkje med ein hektisk kvardag og tidsklemme. Alle har ikkje tid eller interesse for å grave seg ned i ny musikk, for å finne ut kva som er bra eller dårlig. Musikkmeldaren tek jobben med å luke vekk, og nikkar i rett retning, seier han.
– Difor er eg mest oppteken av å løfte fram det som er bra, og seie at «dette er verdt å høyre på». Positiv omtale er viktig for artistar. Eg har sett mine eigne skriveri i presseskriv, og det er jo kjekt. Nokre ser ikkje verdien av meldarar, og trur alle er mobbande terningkastarar. Og du finn nok dei også, om du leitar. Men det er eit snevert syn på musikkjournalistikken. Dei fleste er musikkopptekne folk, som ønskjer å løfte fram bra musikk, gjennom kvalifiserte meiningar, utan ein agenda bak.