Koronafritid førte til bok
Geir Bjarte Hjetland er sjølve quizgeneralen i Førde. Av naturlige årsakar, som den pågåande pandemien, har det blitt lite quiz i det siste. Så då skreiv han like godt ei quiz-bok.
Boka «Quizleik – for heile familien» blir gitt ut av Selja Forlag, og kjem i butikkane 10. mars. Den er eit ektefødd barn av pandemien som har sett ein stoppar for det meste av Førde sitt uteliv. Å gi ein hypersosial quiz-arrangør for mykje fritid, kan nemleg føre til ei bok.
Om du har møtt Geir Bjarte, og det har du kanskje, sidan han brukar det meste av fritida si ute blant folk, innser du raskt at to ting: Han ler høgt og ofte, og han trivast best med andre. Som eit teikn på kor sosial han er, føregikk intervjuet på eit av Førde sine ferske kafetilbod, Kardemomme Kaffibar. Som teikn på kor distré han er, skulle det eigenlig skje på Krut Bar.
Men praten gikk fint, og kaffi vart det, om enn nokre minutt på etterskot. Og mykje av praten handla om quiz. Sjølv om Geir Bjarte er ein hardtslåande journalist i NRK Sogn og Fjordane, er det jo gjennom quizen mange har blitt kjent med han.
Quiz, som bygdefest
– Kva er det med quiz som engasjerer deg slik?
– Det er jo ikkje berre meg. Quiz er ei greie på opptur i det meste av verda. Det er som Are Kalvø sa: « Quiz er den perfekte sporten for menn i alderen pluss 45.» Det å inviterer folk til sosial samling og tevling rundt kunnskap, treff særs godt, på alt frå godt vaksne karar til unge jenter. Målet mitt som quiz-arrangør er å gjere det til ein bygdefest, der alle moglege folk møtast og har det kjekt. Og eg byr på meg sjølv undervegs. Eg ein raring frå Høyanger, som brukar å seie: Eg er ingen anonym fyr, eg stiller meg open til allment innsyn, seier han og ler.
– Quiz er den perfekte sporten for menn i alderen pluss 45
Fullbyrdar ein gamal draum
– Ville denne boka sett dagens lys utan pandemien?
– Det tvilar eg på, sidan den har gitt meg mykje meir fritid enn normalt. Det eg likar best å drive med er å vere sosial: Vere med venner, ete ute, eller berre henge på ein benk. Det har ikkje vore like enkelt i denne perioden. Og sidan eg har to vaksne barn, er eg berre ei sjel og ei skjorte. Eller, ei sjel med 48 blå skjorter. Eg telte dei faktisk her om dagen, seier han.
Det er vel både eit teikn på for mykje fritid, og kva koronaen gjer med folk som trivast best ute blant folk. Men det kom jo noko godt ut av det.
– Pandemien gav meg høve til å jobbe med denne boka. Eg er klarar ikkje å sitte i ro, sjølv i disse tider. Eg må vere litt sosial, og eg er veldig flink til å oppretthalde avstand, men å arrangerer quiz har ikkje vore mogleg. Så har eg hatt ein trong til å sette namnet mitt på ei bok. Som journalist er eg vant med byline, men ei bok er for evigheita. Det har eg lengt tenkt at hadde vore kjekt å gjere, så dette blir mi første, seier han og held fram.
– Det burde vore tung, seriøs litteratur om livet, kjærleiken og døden. Men der er eg ikkje enno. Du kan seie det slik: Det er langt frå Hamsun til Hjetland, seier han og ler.
– Det er langt frå Hamsun til Hjetland
Flott samarbeid med Selja Forlag
Boka er ganske så kortreist, sidan Selja Forlag held til i Førde.
– Eg trur eg ikkje dette blir ein kioskveltar av dei sjeldne, men det er veldig kjekt å få høve til å gjere dette av Selja Forlag. Eg har hatt eit fantastisk samarbeid med dei, og Anne Britt Fedøy har vore ein flott redaktør, som har sett tidsfreistar, masa, og sørga for korrektur og utforming av boka, slik at eg slepp tenke på det, seier han.
I god Geir Bjarte-ånd er sjølvsagt boka delvis skriven ute blant folk.
– Den vart til delvis på heimekontor, på møterommet til Peppes Pizza og ulike kafear.
Nyordet: quizleik!
Boka byr på ikkje mindre enn 2021 oppgåver.
– Talet gav seg sjølv. Og sjølv kor mykje vi har jobba og korrekturlest, er det garantert minst ein feil. Om nokon ringer for å påpeike det, tek eg det som eit kompliment. Då veit eg i alle fall at dei har lest den, seier han og deler ein nyvinning.
– Boka mi har, i motsetnad til alle andre quizbøker eg kjenner til, eit brettspel inkludert. Difor kallar eg boka: «Quizleik – for heile familien», fordi dette skal vere ein leik å spele. Og så håpar eg at Quizleik blir årets nyord. Spelet er basert på det eldgamle stigespelet, som kjem frå India, så dette er den vestnorske utgåva av klassikaren. Du kan både bruke boka som ei vanleg quizbok, eller spele med terningar. Og svarer du feil på spørsmåla, rykker du tilbake. Spørsmål i boka rangerer frå det vanskelege til det enkle, og det er ein juniorseksjon. Terskelen skal vere låg for å hive seg med. Quizleik er for heile familien! Eg har fått god konsulenthjelp av son min Øystein (19), og nevøen min Torjus (8). Og trass i at eg er frå Høyanger, er det lite banning i boka, lovar han dei som skulle komme til å uroe seg over det.
– Kvifor ser du så sint ut på framsida?
– Fordi eg er ein mann som meiner folk skal ta quiz på alvor. Det handlar ikkje om å delta, men om å vinne. Og litt fordi eg har prøvd i mange år å virke som seriøs, og litt skummel. Litt sånn bad guy. Det har eg ikkje klart til no i livet, sjølv om eg er relativt stor og sterk, så coverbiletet skulle i alle fall skape ein illusjon av dette. Det var siste halmstrå, men det gikk ikkje denne gang heller, seier han og sprekk opp i eit smil.
– Trass i at eg er frå Høyanger, er det lite banning i boka
Lengtar etter nye quizkveldar
– Når kan vi vente eit comeback frå deg live?
– Håpet er at vi kan lage eit lite bokslepp, med ein bitte liten quiz, 11. mars, men då med sterk avgrensing i tal deltakarar, seier han og held fram.
– Vanleg quiz blir det ikkje før vi kan ha fri deltakinga. Det er eit prinsipp for meg: Alle som har lyst, skal kunne delta på mine quizar. Eg vil ikkje sitte og velje ut kven som skal kunne vere med, det syns eg er vanskeleg. Om vi kjem tilbake der vi var i oktober, der vi kunne ha 100 deltakarar, køyrer vi på. Så fort trioen Nakstad, Høie og Furnes seier kjør på, så brenn vi til med quiz og kjekke arrangement. Når vi er tilbake til normalen, har eg også ein drøym om å lage den største utequizen verda har sett. No er ikkje quiz normalt ein uteaktivitet, så det seier kanskje ikkje så mykje, men det skal vi få til. Eg drøymer om å kunne bidra til at folk kan ha det kjekt igjen, saman. Boka og spelet blir i mellomtida eit plaster på såret til alle som er veldig glad i quiz. Og dei er det mange av.