Kategorier


Arkiv

Norges einaste DJ-advokatfullmektig?

Norges einaste DJ-advokatfullmektig?

Ein gang i tida drøymte Cedrik Fonn Skåre om å bli Formel 1-sjåfør. Og så vart han DJ. Men det endelege yrkesvalet vart advokat. Og med det er han kanskje den einaste DJ-advokaten i Norge?


– Ein gang i tida var planen å bli Formel 1-sjåfør, seier Cedrik og smiler. – Det var eit ambisiøst og hårete mål, frå ein veldig ung gut. Og lenge satsa eg knallhardt på motorsport, men i løpet av vidaregåande byrja eg å skjønne at om eg skulle satse på ein motorsport-karriere, og leve av det, så måtte eg satse fullt og kutte studiar. Og då kom tanken om at det var tryggare å komme seg gjennom ei utdanning først.

 

– Ein gang i tida var planen å bli Formel 1-sjåfør

Inspirert av læraren
Når første valet av yrke skulle veljast vekk, dukka svaret på kva han då skulle bli raskt opp.  
– Andre og tredje året på vidaregåande hadde eg Knut Sunde i rettslære. Han pensjonerte seg i fjor haust, men han var fantastisk: Den beste læraren eg har hatt. Rettslære var både gøy og interessant, samtidig som eg følte eg fikk det bra til. Så då bestemte eg meg: Om eg skal studere noko, så blir det jus. Advokat er jo ei litt tryggare karriere enn motorsport, seier han og ler.

 

Runda av fem år med eit år i London
Då Cedrik var ferdig på Hafstad Vidaregåande i 2015, gikk vegen til Sogndal, og årsstudium i jus. Så gikk vegen til Universitetet i Agder, der han tok bachelor i rettsvitskap, før han tok master i rettsvitskap på Universitetet i Bergen.

– Så reiste eg til London, der eg tok ein mastergrad i International Dispute Resolution på King’s College, seier han og held fram.

– Eg valte å ta ei år i London fordi eg ønska å oppleve det å bu i utlandet, og i ein stor by, samtidig som eg tenkte dette var nyttig i høve yrkesvalet mitt. Særleg det å bli betre på det engelsk-juridiske språket, og det har det vist seg å vere. Mykje av arbeidet eg gjer no føregår på engelsk, både kva gjeld sjølve arbeidsoppgåvene og kommunikasjonen med klientar og motpartar. I tillegg la året i London til rette for mykje god nettverksbygging, og eg blei kjend med juristar og advokatar frå alle verdshjørner. Eg har framleis kontakt med fleire av dei og vi utvekslar stadig idear og erfaringar. Alt i alt var det ei lærerik og kjekk oppleving, og eg skulle gjerne vore der lenger. Men året vart avbrote i mars, i staden for juni, grunna pandemien.

– Eg ønska å oppleve det å bu i utlandet, og i ein stor by

Virka som eit kult yrke
– Eg var nok ein klassisk jus-student. Eg er oppteken av at ting skal vere rett og eg er problemløysingsorientert som person. Difor blei juristutdanning eit naturleg val. Kvifor valet fall på advokat er nok fordi eg syntes det å stå i retten og argumentere og forsvare nokon sine interesser virka veldig kult. I tvistesakar er det ofte mykje alvor og store verdiar på spel. Utfallet av ei sak betyr mykje for klienten. Det er eit yrke der ein på sett og vis må gå litt inn i kampmodus for å forsvare klientens interesser. Slik sett liknar det litt på mi tidlige karriere innan motorsport. Der var det slik at når det var løpshelg, så måtte ein skru seg på: No gjeld det, no skal eg inn i sona. Litt sånn såg eg for meg at det blir å gå i retten, ein går inn i eit eige modus. Dette aspektet appellerte til meg, seier han.

– Eg er oppteken av at ting skal vere rett

Enda i Bergen
Cedrik byrja hausten 2020 i jobb som advokatfullmektig i Advokatfirmaet Thommessen AS, eit av Norges største advokatfirma, på deira kontor i Bergen.
– Eg byrja å studere jus, utan å kjenne namnet på eit einaste av dei store advokatfirmaene her til lands. Det var såleis ikkje ein satt plan frå byrjinga kvar eg hadde lyst å jobbe. Grunnen til at eg valte dette firma var at eg hadde eit praktikantopphald der under studiet. Det er ei ordning fleire advokatfirma tilbyr, der studentar får eit opphald på typisk 4-6 veker kor dei får jobbe i rolla som advokatfullmektig i firmaet deira. Det er ein måte for studentane å finne ut om det kan vere eit aktuelt selskap å jobbe for, og vice versa for bedrifta sin del med tanke på rekruttering. Eg var i Thommessen før eg reiste til London, og like meg godt. Her kan eg tenke meg å jobbe, var dommen.

Å jobbe som DJ gav ei fin avkopling frå jus-studia

Å jobbe som DJ gav ei fin avkopling frå jus-studia

dsc09086_web.jpg

DJ i helgene – advokat i kvardagen
Sidan han parallelt med studia jobba som DJ, er han truleg Norges einaste advokat-DJ.

– No skal det seiast at eg har ikkje spelt på ei god stund, grunna pandemien. Og dermed har eg ikkje spelt sidan eg byrja som advokatfullmektig i oktober 2020, seier han og ler.
– Og eg kan ikkje garantere at det ikkje er andre advokatar som jobbar som DJ, sjølv om det er ein litt spesiell kombinasjon. Men eg har kollegaer som speler i band, så det er jo ikkje heilt utenkeleg, sjølv om det nok er sjeldan vare. Eg spelte som DJ gjennom heile studiet, og det var ein fin kombinasjon. Det er kjekt å ha ein kreativ jobb, som motvekt til yrket mitt, som er meir strukturert og statisk. Du får jo ein avkopling og utblåsting som DJ, og då eg var student var eg uansett ofte ute i helgene, på festar. Å vere DJ er jo som å vere på fest, berre at du får betalt, seier han og smiler.


– Det er kjekt å ha ein kreativ jobb, som motvekt til yrket mitt


«Advokat-lærling»
Dei neste åra skal han jobbe som advokatfullmektig, før han blir advokat.

– For å bli advokat må ein ha bevilling, og for å få det må ein oppfylle visse krav. I tillegg til utdanning må ein ha blant anna to års godkjend praksis på fulltid som eksempelvis advokatfullmektig. Då arbeider ein under ein prinsipal, som er advokat. Det vil seie at eg ikkje kan opptre i eige namn som advokat, men yter rettshjelp på vegne av prinsipalen, og går i lære under han. Det er også krav til at ein skal føre eit vist tal saker for retten, og bestå eit kurs med ulike samlingar. På eit vis er det ei slags lærlingordning, seier han.

– Thommesen driv med forretningsjus og arbeider for det meste for aktørar i næringslivet. I hovudsak bistår vi norske og internasjonale verksemder i privat og offentleg sektor med juridisk rådgiving, og fører saker for dei i retten når det trengs. Eg er tilknytt avdelinga for tvisteløysing, som særleg driv med sistnemnde. Vi arbeider med å løyse tvistar, både i og utanfor rettsapparatet. For TV-sjåaren med sansen for amerikansk drama er kanskje dette den typiske advokaten, ein som står i retten og ropar "Objection, Your Honor!", men slikt gjer vi ikkje Norge, seier han og ler.

Det går nok ikkje like fort i svingane i dag for Cedrik

Det går nok ikkje like fort i svingane i dag for Cedrik

Framleis glad i motorsport
– Du var lenge kjent frå Gokart-køyring. Har du gitt deg heilt der?
– Eg har mange gode minne frå den tida, så det er jo eit sakn. I gamle dagar vart det fort 300 rundar på ein søndag, så eg har nokre tusen rundar der oppe i Kråkenesmarka. Gokarten står i garasjen til far min heime i Førde, og eg tek den fram med høve. Eg køyrte litt seinast i haust. Det var utruleg kjekt, ikkje minst fordi dei jo har fått utvida og fornya bana. Eg storkosa meg. Men å kombinere motorsport og advokatyrket er vanskeleg, så konkurransekøyringa er lagt på hylla. Men eg kjem til å køyre så ofte eg kan, avsluttar han.

 
Koronafritid førte til bok

Koronafritid førte til bok

– Å hjelpe andre er givande

– Å hjelpe andre er givande