Kategorier


Arkiv

– Å hjelpe andre er givande

– Å hjelpe andre er givande

Eit tilfeldig val i 2008, førte Kjetil Steiro Fimland i kontakt med yrket han bestemte seg for å utdanne seg til: Vernepleiar.


Som mange andre ungdommar, var ikkje Kjetil heilt sikker på kva han skulle bli etter vidaregåande.

– Difor prøvde eg litt ulike jobbar. Heilt tilfeldig fikk eg jobb som ufaglært tilkallingsvikar i 2008, i Bumiljøtenesta i dåverande Førde kommune. Eg syns det var både lærerikt og spennande. Eg fekk høve til å utvikle meg, i ein givande jobb. Du jobbar med menneske, ved å legge til rette for at dei skal ha eit best mogleg liv, og du møter mykje glede. Det var kjekt.

Erfaringa eg tok meg var at dette var eit yrke det er stort behov for, så då bestemte eg meg for å utdanne meg til vernepleiar, på høgskulen i Sogndal, i 2010, seier han.

 

– Du møter mykje glede


Det handlar om å legge til rette for eit betre liv
– Kva gjer ein vernepleiar?
– Det fine med yrket er at det ikkje er ein ting du driv med. Det handlar om å hjelpe folk, på ulike vis. Vi yt tenester til menneske med kognitive funksjonsnedsettingar, og er utdanna for å drive miljøarbeid, samt habilitering- og rehabiliteringsarbeid med menneske som har fysiske, psykiske og/eller sosiale funksjonsvanskar. Vi tek utgangspunkt i det enkelte menneske sine ressursar, legg til rette for utvikling, fremmer auka livskvalitet og førebygger funksjonsvikt, seier Kjetil.

– Eg jobbar med personar med psykisk utviklingshemming, eller andre hjelpebehov, men vi kan også jobbe opp mot rus/psykiatri. Vernepleiar jobbar både i kommunale heimetenester, dagtilbod og i spesialisthelsetenesta. Vi kan også jobbe innan rusomsorg, psykisk helsevern, eldreomsorg og så vidare, og som autorisert helsepersonell kan vi stå for legemiddelhandtering.

– Kva er det beste med jobben din?

– Å jobbe med folk, i ein variert arbeidsdag, med mange ulike arbeidsoppgåver. Mykje av jobben handlar om å snakke med folk, rettleie, ha samtalar og legge til rette for fysisk aktivitet. Du er ein støttespelar for eit menneske med behov for hjelp til ulike ting i kvardagen.


– Du er ein støttespelar for eit menneske med behov for hjelp


Eit liv i trening
Akkurat det med å legge til rette for fysisk aktivitet brenn Kjetil litt ekstra for. Han har nemleg alltid vore glad i trening, og han har vore aktiv kroppsbyggar.

– Ein stor del av identiteten min er knytt til trening, og tidligare kroppsbygging. Eg har alltid likt å trene med vekter, og lete meg fasinerer av det. Som ung fikk eg vere med storebror min, Marius, som var aktiv kroppsbyggar, og i dag er professor på Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap på NTNU. Eg lærte av han og dei han trena med, og syns det var kjekt å trene med vekter. Før eg byrja med dette i 15 års alderen, prøvde eg ulike aktivitetar, men eg fann aldri noko som gav meg kick, før eg byrja å trene med vekter. Så vart eg berre meir og meir seriøs, seier han.

Foto: Jostein Vedvik

Foto: Jostein Vedvik

Kjetils Gym
Etter kvart vart lidenskapen sterk nok til at han starta Kjetils Gym! Og vart sjølvstendig næringsdriva, i tillegg til vernepleiejobben.

– Det byrja med at eg la merke til at Elvetorget Gym vart ganske populære. Dei er eit ubemanna treningssenter, med låg pris for medlemsskap, som skilte seg ut frå dei andre sentera. Det er ikkje alle som trenar på senter som ønskjer å nytte heile tilbodet. Nokre vil berre trene sjølv, og er ikkje oppteken av sal- og gruppetimar, personleg trenar og slikt. Samtidig hadde dei tak på tal medlemmar, så eg såg det var ein marknad der. Parallelt har det komme teknologi som gjer det enklare å drive eit ubemanna senter, med digitale betalingsløysingar og digitale tilgangskort. Slik kan du som medlem låse deg inn med mobilen. Og eg kan styre det meste via telefon og internett. Då er det mogleg å drive senteret effektivt utan å vere til stades, seier han.  

 

Eit annleis år
Dermed kasta han seg ut i det, investerte i utstyr og fann lokale og alt anna som skulle på plass. I mars 2019, etter to års planlegging, var han i gang. Og det såg ut til å gå ganske så fint. Medlemsmassen auka jamt og trutt, fram til 1 års dagen...

– Då kom koronaen. Det var ikkje etter planen å få ein fullstendig nedstenging av samfunnet. Samtidig er eg veldig glad for at det skjedde i 2020, og ikkje i 2019. Koronaen har bremsa oss og skapt uro, men vi har komme gjennom det så langt, takka vere lojale, gode medlemmar, som har valt å behalde medlemsskapet gjennom periodar med stenging, fordi dei ønskjer å ha oss der når det opnar opp igjen, seier han.



– Vi har komme oss gjennom det så langt, takka vere lojale, gode medlemmar

Foto: Jostein Vedvik

Foto: Jostein Vedvik

Litt for få timar i døgnet
Med to jobbar, har det vore hektisk for han dei siste to åra, men det trivast han med.

– Det har gått fint å kombinere full jobb som vernepleiar med å vere sjølvstendig næringsdrivande. Døgnet kunne hatt nokre fleire timar i blant, men slik er det vel for folk flest. Og så er det to veldig ulike jobbar, som går fint å kombinere. Vi har også ein fin gymkultur med medlemmar som er flinke til å rydde etter seg. Då består min jobb stort sett av å fylle på vaskeutstyr, tømme boss og litt rydding.



 
Norges einaste DJ-advokatfullmektig?

Norges einaste DJ-advokatfullmektig?

Fann drøymejobben i Førde

Fann drøymejobben i Førde