Kategorier


Arkiv

Marius vart professor då han var 36 år

Marius vart professor då han var 36 år

Når ein høyrer tittelen professor, ser kanskje dei fleste for seg ein eldre, distingvert person, som ber preg av å ha studert eit fagfelt eit heilt liv. Slik ser ikkje Marius Steiro Fimland ut.


Prega av sitt fagfelt er han, men sidan det er fysisk aktivitet og trening, er det berre ein fordel. Han har drive med idrett og trening heile livet, og må kunne seiast å vere i god form.

– Du har jo trena svært seriøst med vekter i din ungdom: Kan eg kalle deg Norges sterkaste professor?
– Kanskje, seier Marius med glimt i auget.

 

Lever for og av trening og aktivitet
I dag jobbar som professor på NTNU – «Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap», der han er blant landets fremste ekspertise på trening.

– Vi byrjar med eit dumt spørsmål: Kva er og kva gjer ein professor, og korleis blir du dette?

– Det er ikkje eit dumt spørsmål! Ein professor jobbar som regel på eit universitet. Som professor i bevegelsesvitenskap på NTNU, jobbar eg mest med undervisning og forsking. Eg leiar også ein internasjonal mastergrad innan fysisk aktivitet, trening og helse. Du må forske tilsvarande cirka 4 doktorgradar for å være kvalifisert som professor, og så må du få jobben. Faste vitskapelege stillingar veks ikkje på tre. Eg var ganske heldig som fekk det i ganske ung alder, seier han.

 

– Faste vitskaplige stillingar veks ikkje på tre


Jakta spenst, fann ein ny lidenskap
Marius er fødd og oppvaksen i Førde, men han reiste tidleg ut i verda, i jakta på kunnskap.

– Eg budde i Førde til eg reiste i militæret, 18 år gamal, seier han og fortel at han har vore aktiv innan idrett heile livet.

– Først fotball, så volleyball. Volleyball var ein sånn ting som eg starta med saman med kompisar. Det var veldig kjekt lenge, men etter kvart vart eg litt lei, og trengte noko nytt. Når vi byrja å trene med vekter for å få betre spenst, oppdaga eg raskt at dette var min nye greie. Då var eg 16, og styrketrening og meg var ein god match. Eg levde og ånda for det frem til eg var tidlig i 20-åra, så roa det seg litt, fortel Marius.


– Eg levde og ånda for styrketrening

 
IMG_3562.jpg

Fann yrkesvalet gjennom treninga
Men om interessa for styrketrening roa seg, hadde det påverka framtidsutsiktene hans.  
– Interessa for trening hadde då pensa meg inn på å velje utdanning innan idrett og trening, så var det naturlig å stadig gå vidare til neste nivå: Frå bachelor til master til doktorgrad. Og då skjønte eg at det var professor eg skulle bli, seier han.

Mastergraden tok han i England, og når han vendte heim til Norge enda han i Trondheim.

– For å ta doktorgrad innan mitt område var det Trondheim eller Oslo som var alternativa. Eg hadde tatt kontakt med ein professor på NTNU, som gjerne ville samarbeide på det eg var interessert i å forske på. Trondheim er også ein særs trivelig by, seier han og fortel kva han forskar på.
– Det er ein del forskjellige tema, men mest innan styrketrening for folk flest, eldre personer og grupper med ulike helse-utfordringar. Det var dette eg starta med. Etterkvart byrja eg også å forske på helse, rehabilitering og arbeidsliv, seier han.



 

– Då skjønte eg at det var professor eg skulle bli

Aktivitet, nesten kvar dag
Og sjølv om jobben hans er å forske på trening, er han framleis like glad i å utøve fysisk aktivitet.

– Bevegelse og trening er ein del av meg. Ei eller anna form for aktivitet gjer eg nesten kvar dag: Styrketrening, klatring og kampsport er dei største interesse, men eg liker også ulike ballspel, turar i naturen og leikbaserte ting, seier han og fortel kva resten av tida går med til.

– Då er det vanlege ting som å følgje opp barna på 6 og 8 med ulike aktivitetar, sysle på kjøkkenet, treffe venner og ligge på sofaen og sjå på TV, seier han.
– Kva er det beste treningsrådet Marius (39) ville gitt til Marius (16)?

– Kos deg!

 
– Det berre palla på seg

– Det berre palla på seg

Norges sterkaste kommunikasjonsrådgivar

Norges sterkaste kommunikasjonsrådgivar