Norges sterkaste kommunikasjonsrådgivar
Vebjørn Varlid frå Førde byrja i mars som kommunikasjonsrådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe. Det gjer han truleg til den sterkaste kommunikasjonsrådgivaren på det huset.
For sjølv om ikkje Vebjørn er naustedøling, vart han vektløftar. Og så god vart han at det både vart landslagsplass, 4 NM-titlar, to nordiske meisterskap, ein 4.plass frå Junior-EM, 11.plass i Junior-VM og ein 21 plass i senior-EM på heimebane. No er det politiske saker Vebjørn skal løfte fram. Og det passar godt for førdianaren, som på oppmoding beskriv seg sjølv kort og konsist slik:
– Ein blid sunnfjording og groruddøl, som er glad i å løfte vekter, jobbe med politiske saker og ta ein god bols med vener, seier han og smiler.
Kombinerte toppidrett og studiar
I 2006 byrja Vebjørn på vidaregåande skule, og vart landslagsutøvar i vektløfting. Det kravde at han måtte leve eit strukturert liv, der han behandla studia som ein jobb.
− Når eg visste at eg skulle på trening kl. 18 kvar dag, og ofte ha ei tøyeøkt på morgonen, måtte eg stå opp kl. 6.30 og bruke studietida frå kl. 8-17 effektivt. Eg vart ikkje den mest sosiale i studiemiljøet, men eg tok igjen det sosiale på trening og stemner, seier han.
Parallelt vart han også politisk aktiv som fylkesstyremedlem i Senterungdommen. Det gav ein ekstra hektisk dagar.
− Eg meldte meg inn når eg var 15 år. Når eg var 16-17 år gamal, sat eg i fylkesstyret til Senterungdommen Sogn og Fjordane og var aktiv i valkampen. Eg hugsar godt at eg vart med på ein studietur til Oslo fredag til sundag. Vektløftartrenaren min var skeptisk og lurte på korleis eg skulle få trena og restituert med eit slikt opplegg. Eg hadde eit program som gikk over fem dagar, så eg køyrde ei økt kvar dag måndag til torsdag, og den siste økta vart utført i ved-rommet heime frå klokka eitt til halv tre natt til måndag. Når eg kom på trening i Naustdal påfølgande måndagskveld og stolt fortalte at programmet vart fullført, sjølv med Oslotur, var ikkje trenaren min fullt så fornøgd. Han tykte nok eleven hadde manglande forståing for restitusjon. Når det vart tettare med samlingar og konkurransar skjønte eg at eg måtte ta eit val mellom politikken og idretten. Då vart det idretten, slår han fast.
– Eg vart ikkje den mest sosiale i studiemiljøet
Likar å gjere kompliserte problemstillinga forståeleg
– Kvifor valte du å utdanne deg til kommunikasjonsrådgivar?
− Eg tykte det var interessant å gjere kompliserte problemstillingar forståelege. Difor tok eg ein bachelorgrad i marknadskommunikasjon. Etter å ha fordjupa meg i lærebøker basert på forsking vart eg interessert i korleis forskinga utførast, og difor gjekk eg vidare og tok ein mastergrad i strategisk marknadsføringsleiing. For å gjere kompliserte problemstillingar forståelege, og på same tid riktige, er det viktig å forstå problemstillingane i djupna. Så sjølv om ikkje eg har tatt ei profesjonsutdanning, har eg nytte av utdanninga i arbeidskvardagen, seier han.
Brenn for eit samfunn med små skilnadar
I 10 år kombinert han vektløfting og studiar, fram til han tok mastergrad i 2016. Deretter venta jobb i Geelmuyden Kiese, og to år til som vektløftar, før han valte politikken igjen.
– Når eg la opp som vektløftar i 2018 var det naturleg for meg å engasjere meg i lokallaget i Oslo. No er eg styremedlem i Groruddalen Senterparti og organisatorisk nestleiar i Oslo Senterparti.
Samtidig bytte også jobb til kommunikasjonsrådgivar i Hovudorganisasjonen Virke, der han var i to år. Men når drøymejobben kallar...
− Eg treivst godt i Virke, men når Senterpartiet tok kontakt vart det ei for spennande mogelegheit. Eg brenn for eit samfunn med små skilnadar på tvers av sosiale og geografiske skiljelinjer. At alle har tilgang på gode skular, helsetenester og naudtenester er grunnleggande for eit godt og trygt kvardagsliv, enten ein bur i Groruddalen eller Sunnfjord. Å jobbe heiltid med saker som engasjerer meg er ein draumejobb, og som kommunikasjonsrådgjevar i Senterpartiet si Stortingsgruppe skal eg jobbe med å få kommunisert ut politikken dei folkevalde representantane til Senterpartiet jobbar med, seier han.
– Eg brenn for eit samfunn med små skilnadar
Kjempar mot skamgrensa
– Kva forhold har du til vektløfting i dag?
– Det er ei fin trimform for å halde på styrken, rørsla og eksplosivitet i kroppen. Når eg kombinerer det med litt springing, kroppsvekttrening og fjellturar verte det ein kombinasjon eg trivast med. Når eg var på mitt sterkaste og jaga etter å ha 200 kg over hovudet var eg 142 kg. No er 102 kg. Det er ei passeleg vekt for å klyve nokre toppar, og på same tid ivareta vektløftaridentiteten min. Når eg er heime må eg alltid innom vektløftarrommet i Naustdal, og då gjeld det å ikkje gje dei altfor mykje å terge meg for. Tresifra kroppsvekt er skamgrensa for ein tidlegare supertungvektar, slår han fast.