Kategorier


Arkiv

– Her skal eg vere

– Her skal eg vere

Guri Hundvebakke Bendz reiste til Lofoten i 2017, for å studere. Planen var å bli eit år, men så starta ho bedrifta Furu Hostel, & Cafè, som opna midt i pandemi-året 2020.


Guri er fødd og oppvaksen i Førde, men har dei siste åra halde til i Lofoten. Det kunne like gjerne vore på andre sida av Atlanterhavet.

– Eg likar å reise, oppleve, og møte nye menneske. Lofoten hadde eg aldri vore i, før eg reiste opp for å studere til naturguide. Planen var å teste å bu her eit år, men eg var veldig usikker på om eg skulle reise dit. Det sto mellom studiar i Lofoten eller snøbrett-køyring i Canada. Eg diskuterte med mamma og pappa, og dei meinte eg burde velje Lofoten, seier ho.

Fjellturer er ein slager i Lofoten. Slik utsikt lokkar mange.

Fjellturer er ein slager i Lofoten. Slik utsikt lokkar mange.

Kjærleik til Lofoten ved første blikk
Og den testen gikk raskt over til eit ønskje om å bli lenge.

– Alt i taxien på veg inn til Svolvær bestemte eg meg for at her skal eg vere! Sjåføren var så jovial og hyggeleg at eg fekk ei god kjensle frå først stund. Og ikkje minst var landskapet fantastisk, seier ho og fortel at den gode kjensla berre vaks.

– Første veka møtte eg andre studentar, folk som hadde flytta hit og fastbuande. Og folka her er ei viktig årsaka til at det er her eg vil vere: Naboane, handverkarane, folk eg møter på byggvarebutikken - det er så mange hyggelege, positive menneske her. Og ikkje minst mange unge tilflyttarar, som er interessert i å bli kjent med nye folk, og som deler mange av dei same verdiane som eg har: Miljø, bevaring av naturen, friluftsliv og kreativitet.

 

– I taxien på veg inn til Svolvær bestemte eg meg for at her skal eg vere


Inspirert av ryggsekkturisme
Guri er glad i å reise, og som ungdom på budsjett var det ofte på hostel ho overnatta. Det skulle inspirerer til notidas yrkesval.

– Eg har reist mykje, og vore innom mange hostel. Det er eit konsept eg likar, som eg har hatt lyst å starte med i Norge, der det ikkje er så vanleg. Når eg kom til Lofoten, såg eg at her er det mogleg. Dei har meir ryggsekk-turisme enn kva eg har sett andre stader i Norge.
– Kva er eigentlig eit hostel?

– Eit overnattingstilbod som retter seg mest mot ryggsekkturistar, som gjerne vil bu billig. Slike turistar reiser ofte åleine, eller i eit lite følgje, og har lyst å møte andre folk på reisa si. Hostel er for dei som likar å reise sosialt og møte likesinna, med felles interesser. Og ein møter gjerne folk med heilt andre historier enn di eiga. Å reise slik har alltid gitt meg ei god kjensle, og eg har møtt mange folk som har blitt vener, som eg framleis held kontakt med. Eg ville starte noko som kunne gi andre den kjensla også.

– Å reise slik har alltid gitt meg ei god kjensle

Når du kan oppleve slike soloppgangar, er det ikkje rart gjestane trivast.

Når du kan oppleve slike soloppgangar, er det ikkje rart gjestane trivast.

Tilfeldig møte
Når først ideen hadde fått festa seg, bestemte Guri seg for å ta den vidare.
– Difor starta eg på eit grunderkurs, der eg kunne teste ideen min. 17. mai 2018 kom eg i snakk med Arne Barwinski, deretter flytta han til Lofoten og inn i kollektivet mitt. Eg fortalte om planane mine, og det visste seg at han hadde gått med tanken på å starte ein logde, retta mot ski/klatring. Etter den samtalen utvikla det seg, til han brått ein dag kom og sa han hadde funne eit hus vi måtte sjekke, seier ho.
– Sett frå den andre sida, så er det ikkje sikkert det hadde blitt noko av Furu Hostel om eg ikkje hadde møtt Arne. Personlegdomen min har endra seg i løpet av dette prosjektet. Det er fort gjort å tenke og dagdrøyme, utan å ta steget. Og det er eit stort steg, som involverer mykje pengar og arbeid. Eg var meir forsiktig av meg før eg gikk inn i dette, seier ho og ler.

– Det er eg for så vidt enno, men å drive eiga bedrift ikkje er som ein vanleg jobb, der du kan seie opp og finne noko anna. Når eg først gikk inn i dette, så kan ein ikkje berre gi opp. Arne sitt pågangsmot var ei viktig brikke i å tore dette.
I tillegg til pågangsmot, utfylte Arne også Guri på utdanning. Ho har bachelor i reiseliv frå marknadshøgskulen i Oslo. Han har ein mastergrad i business development og entreprenørskap, og har jobba mykje i friluftsbransjen. Med den ballasten hoppa dei i det. I 2019 kjøpte dei Borge Bygdeheim i Vestvågøy, ein bygning på rundt 800 kvadratmeter, beståande av eit hovudbygg med 12 rom, fire leilegheiter og fellesareal, og ei diger tomt.

Klatring er også ein populær aktivitet i Lofoten.

Klatring er også ein populær aktivitet i Lofoten.

Det pleier løyse seg
Guri beskriv seg sjølv som ein litt bekymra person, som vil at avgjersler skal dere gjennomtenkte. I alle fall før ho vart dagleg leiar for Furu Hostel.

– Eg var bekymra av natur, og uroa meg ein del. Slik er eg litt framleis, men dette prosjektet har utvikla meg på den fronten. Vi har eit gamalt bygg, så du møter støtt og stadig utfordringar. I starten syns eg det var tungt når det oppsto uventa problem, og eg kunne frike heilt ut. Så ser ein at ein klarer jo å løyse problema. Når det ryk eit vassrøyr no, så er det meir slik: Ok, dette løyser vi, seier ho.
– Akkurat i dag har vi ikkje straum. Eit lynnedslag i helga tok straumen i ein etasje. Og i dag tok Lofotkraft straumen utan å varsle. Og så er det jo klimaet her, med stormar. I blant blir det litt for mykje, men det pleier å løyse seg.

– Det er jo heilt nytt for meg å drive ei bedrift. Eg har aldri drive eit hostel før, så det er mykje å sette seg inn i, spesielt i høve dette med korona. Eg er inne og sjekkar nyhende heile tida, for å vere sikker på at vi føljer alle reglar og gjer dette rett. Det skaper ein del ekstraarbeid, men det må gjerast, seier ho.

– Eg har aldri drive hostel før, så det er mykje å sette seg inn i

Retro og gjenbruk er ein gjennomgangstone på Furu Hostel. Foto: Gunnbjørg Gunnarsdottir

Opna midt i pandemien
Etter mykje hardt arbeid, sikta dei seg inn mot opning våren 2020, noko som vart usett til midten av juni.

– Heldigvis fikk vi ti daga med drift der vi fikk prøve oss, før juli kom med full trykk. Då var det mykje folk her, sjølv om vi ikkje kunne utnytte det maksimalt, seier ho.
– Vi har ei blanding av sovesalar, dobbeltrom og leilegheiter, og kan ta i mot alle typar reisefølgje, anten det er einslige, par, familiar eller større grupper. Men vi kunne ikkje fylle opp sovesalane, vi måtte blokkere ein del av sengene. Så vi har hatt tilfelle der små grupper har fått sovesalen for seg sjølv. Og ut på hausten vart det roligare. November og desember var tøffe. I jula sat eg heime og såg at vi ikkje hadde bookingar i januar og februar, men til gjengjeld rekningar. Året starta rolig, men det har byrja å ta seg opp igjen. Dei neste ti dagane har vi blant anna tre grupper som kjem, vi har grupper som skal hit i april og til sommaren er det alt masse bookingar. Så det har gått greitt, tross korona.


– Vi fikk ti daga med drift der vi fikk prøve oss, før juli kom med full trykk


Det er lite å seie på det visuelle på maten på Furu Cafe. Foto: Gunnbjørg Gunnarsdottir

Satsar på turistar i sesong, og lokalbefolkninga året rundt
Sidan dei enno ikkje har hatt drift i eit heilt år, er det vanskeleg å snakke om sesong, men dei har fått nokre gode peikepinnar.
– Vi opna i eit spesielt år, og er difor framleis i den fasen der vi testar og ser kva som fungerer. Vi veit ikkje korleis drifta blir etter korona, men tanken er å ha ope for overnatting året rundt. Vi driv også restaurant, som er open dagleg om sommaren. Per no har vi open restaurant fredag og søndag, og så opnar vi gradvis opp fleire dagar fram mot sommaren. Når det kjem grupper, kan dei førehandsbestille mat, så opnar vi restauranten for dei, seier ho og fortel at dei ikkje skal vere ein plass som berre er open i turistsesongen.   

– Vi skal vere både vere ein stad for turistane, og ein samlingsplass for dei som bur her, i alle aldersgrupper, året rundt. Vi hadde ein veldig god sommar, det er typisk for Lofoten. Dei store massane av turistar kjem då, og litt ut over hausten. November og desember er veldig rolig, så kjem det ein ny sesong rundt fiske og ski i februar. I skuldersesongane satsar vi på lokalmarknaden, med konsertar og arrangement, og skulegrupper. Vi har perfekte lokale for folkehøgskular.

 

Ein heim når du er heimafrå
Målet deira var å skape ein koseleg stad for gjestane sine.

– Vi ønska å skape ein heimekoseleg atmosfære: Ein uformell plass, der du føler deg heime. Vi valte også å lage gode fellesareal, slik at det skal vere enkelt for gjestar å møtes, seier ho og fortel at tilbakemeldingane frå gjestane tyder på at dei har lukkast.
– Gjestane trekk fram at det er heimekoseleg, og at dei føler seg velkommen når dei kjem. Vi er ikkje fulle i pengar og ønskjer å være miljøvennlige på vår måte, så vi har innreia med ein del brukte møblar, hyller av gamalt treverk, og andre kreative løysingar. Det verkar som mange likar det, og blir inspirert av det. Vi får også mykje skryt for maten vår og arrangementa våre, som samlar dei som bur her, både tilflyttarar og dei som har budd her for alltid. Det er viktig at maten er god og at folk trivast her. Vi ligg midt i Lofoten, litt aude til, så gjestane må sette seg i bilen og køyrer ein halvtime for å ete middag og vere med på quiz. Og det er utruleg kjekt at dei gjer det.

Surfing er også ein populær aktivitet i Lofoten.

Surfing er også ein populær aktivitet i Lofoten.

– Vi ønska å skape ein uformell plass, der du føler deg heime



Får ryggsekkturist-kjensla på jobb
Sjølv om det er mykje arbeid, gir det også ei god kjensle å drive hostel i Lofoten.

– Dei som kjem er hyggelege, joviale menneske, så eg treff mykje kjekke, spennande folk. Det gir meg litt den same kjensla eg fikk som ryggsekkturist. Og ikkje minst trivast eg med naturen, og dei fastbuande her. Det er så enkelt å komme seg ut og nyte å gå i fjella og naturen. Det har diverre blitt mindre snøbrett, som er greia mi, i vinter grunna lite snø, seier ho og skryt av folket.
– Det er veldig sosialt å bu her. Folk er veldig glad i å være ute i naturen, i lag med andre. Vi har til dømes hatt utekino i snø og minus fem grader her, seier ho.

 

Guri Hundvebakke Bendz og Arne Barwinski bestemte seg for å slå krefter saman og starte Furu Hostel. Foto: Gunnbjørg Gunnarsdottir

Guri Hundvebakke Bendz og Arne Barwinski bestemte seg for å slå krefter saman og starte Furu Hostel.
Foto: Gunnbjørg Gunnarsdottir

Meir aktivitet på eige område framover
Framtidsplanane til Guri og Arne er blant anna å legge til rette for meir aktivitet rundt Furu Hostel.
– Vi ligg i strandsona til eit vatn. Til sommaren er planen å få på plass kajakkar og SUP-brett, for å skape meir aktivitet her hos oss. Spesielt innan kajakk og klatring. Vi har ei stor tomt, som vi ønskjer å bruke meir. Blant anna har vi lyst å lage til klatre-moglegheiter for barn her. Lofoten er eit fantastisk område for å sykle, surfe, klatre, gå i fjellet og ikkje minst fiske. Frå start av har vi fokusert på å samarbeide med andre bedrifter her, om å bidra til aktivitet hos kvarandre. Blant anna samarbeider vi med Lofoten Surfsenter.

For augneblikket er dei fire som jobbar på Furu Hostel.

– Meg og Arne, samt kokk og resepsjonist. Og så er vi ein del fleire tilsette her på sommaren. Men det er ganske livlig her no. Arne kjøpte seg ein pensjonsert trekkhund i sommar. Det gav meirsmak, så no har alle fire her fått seg kvar sin slik, frå den lokale husky-farmen, så vi er veldig dyre-vennlege her, seier ho og ler.




Du kan følgje livet på Furu Hostel her: furuhostel.com/no | Instagram | Facebook
Og Furu Cafe: Instagram | Facebook 


 
Norges sterkaste kommunikasjonsrådgivar

Norges sterkaste kommunikasjonsrådgivar

Spar ti-tusenvis av kroner med elektrisk varebil

Spar ti-tusenvis av kroner med elektrisk varebil