Kategorier


Arkiv

Vurderer du el-bil? Her er den du har venta på: Ford Mustang Mach-E

Vurderer du el-bil? Her er den du har venta på: Ford Mustang Mach-E

ANNONSØRINNHALD FOR AUTO 8-8 FORUM


Nokre namn kling litt ekstra: Til dømes Ford Mustang. Så det er kanskje ikkje så rart at når Auto 8-8 Forum i Førde fekk eit eksemplar av Ford Mustang Mach-E i butikken, så var interessa like elektrisk som bilen.


Over 100 personar melde seg på, tok på seg munnbind og hanskar og fekk sjå og sitte i bilen i løpet av ein hektisk dag på Auto 8-8 Forum.

– Det er mange kundar som har venta på Ford Mustang Mach-E. Vi har sjølv store forventingar til den. Bilen hadde Europa-lansering i Oslo 18. november, og då opna førehandssalet. Så langt har vi selt 57 eksemplar i Førde/Florø-regionen. Då føler vi at bilen har treft marknaden bra, seier ein strålande nøgd Anne Råheim Tveit, dagleg leiar på Auto 8-8 Forum Førde.
Europalansering i Oslo viser også at el-bil og Noreg er ein kombinasjon som blir lagt merke til ute i verda.

– Norge var faktisk med i utviklinga av denne bilen: Den vart grundig testa under norske forhold. Norge er eit føregangsland på el-bil, og har fått tildelt ein stor del av produksjonen som er øyremerka Europa.

– Dei første båtane med bilar gikk faktisk rett til Drammen, ikkje via ei europeisk hamn, seier salssjef Hans Erik Nødset.

- Interessa tyder på at dette er ein bil for «kvarmannsen»

 
 

Sportsleg familiebil – med legendarisk opphav
Med eit legendarisk opphav, er det lett å tru at dette er ein bil som snakkar til ei bestemt målgruppe. Det er langt ifrå tilfelle.

– Så langt tyder salet og interessa på at dette er ein bil for «kvarmannsen». Den treff mange i høve pris, rekkevidda du treng og ikkje minst plass til heile familien, seier ho.

Ein særs hyggeleg ting med el-bilar, er at dei ofte byr på mykje bil, utan at lommeboka blir for lei seg.

– Startprisen er 427 000 kroner. Det er ein prisklasse som treff mange. Så langt har vi hatt kundar i dei fleste segment, frå ung til gamal. Dei unge vil ha den fordi den er elektrisk og stilig, og dei litt eldre fordi det er ein praktisk familiebil med god plass og rekkevidde. Den dekker dei fleste behov. Det er også ein bil med kule, innovative løysingar. Du får «state of the art» teknologi, som gjennom seinare oppdateringar vil halde fram med å gjere bilen, om mogleg, enno betre med tida, seier Hans.

 
- Ladehastigheit, design, yting, rekkevidde og pris: Alt er bra på Mustang Mache-E, seier Hans Erik Nødset, Salssjef i Auto 8-8 Forum. Foto: Rein Design.

- Ladehastigheit, design, yting, rekkevidde og pris: Alt er bra på Mustang Mache-E, seier Hans Erik Nødset, Salssjef i Auto 8-8 Forum. Foto: Rein Design.

 

Annonsørlenke

HYLLAR ORGINALEN: Mach-E hentar fleire designelement, som bak- og framlykter, frå den orginale Mustangen. Foto: Photoevent.

HYLLAR ORGINALEN: Mach-E hentar fleire designelement, som bak- og framlykter, frå den orginale Mustangen. Foto: Photoevent.


– Ladehastigheit, design, yting, rekkevidde og pris: Alt er bra på denne

Ein Mustang utan brøl – men alt det andre du forventar
For mange er namnet Mustang knytt til ein brølande V-8 motor. Det er mange som har drøymt om ein slik. No kan du oppfylle draumen, miljøvennleg.

– Det er som nokre seier: Dette er eit tilskot til Mustang-familien, den skal ikkje erstatte den originalen, seier Anne.

– Ford har også valt å hylle originalen. Mach-E hentar fram bak- og framlykter frå originalen, og brukar design-deltajar til å hylle den. Det var også gjennomgangstonen frå Europa-lanseringa. Og eg må seie: Det er ein Mustang. Ein elektrisk ein, seier han og held fram.  

– Til tross for at det er ein SUV, så har den sitteposisjon og ytingar som ein sportsbil: 0-100 km/t går unna på 3,7 sekund. Bilen er svært romsleg og komfortabel, har veldig gode køyreeigenskapar, og elektrisk rekkevidde på opptil 610 km. I tillegg kan du få den med firehjulstrekk, for å takle meir utfordrande køyreforhold. DC hurtigladekapasitet betyr at du kan lade opptil 119 km rekkevidde på berre 10 minutt på ein hurtigladestasjon.

– Mest av alt er det ein kjempefin bil. Mange SUV-ar blir høge, men ikkje denne. Den har utruleg fin form, seier ho.

– Ladehastigheit, design, yting, rekkevidde og pris: Alt er bra på denne, seier Hans med eit smil om munnen. – Det einaste den manglar, for dei som er oppteken av slikt, er V8-lyden. Til gjengjeld har den eit fantastisk stereoanlegg.

Annonsørlenke

– Det er mange kundar som har venta på Ford Mustang Mach-E, seier Anne Råheim Tveit, dagleg leiar i Auto 8-8 Forum. Foto: Rein Design.

– Det er mange kundar som har venta på Ford Mustang Mach-E, seier Anne Råheim Tveit, dagleg leiar i Auto 8-8 Forum. Foto: Rein Design.

Kjem første kvartal 2021
– Når kan folk komme og prøvekøyre bilen?

– Bilane som er selt skal leverast i første kvartal 2021. Så er det sagt at bilen skal komme litt før i butikkane, slik at ein kan byrje å tilby prøvekøyring, seier Anne.

– Vi håpar å ha demobilar i slutten av januar, seier Hans, som enn så lenge også må nøye seg med å prøvesitte.
– Vi kan køyre den av og på tralla, men det er det. Det første som slo meg når eg satt meg inn var plassen. Eg hadde ein kunde på 1.90 som satt seg inn tidligare i dag. Når han hadde stilt inn førarsetet til seg sjølv, kunne han gå bak og sette seg i baksetet, utan problem. Eg likar også særs godt sittestillinga. Du sit på eit vis både høgt og lavt. Du får beina meir rett framover enn ein er vant med i ein SUV, samtidig som du har god oversikt likevel.

El-revolusjonen held fram
Den store interessa for Ford Mustang Mach-E tyder på at el-bilrevolusjonen held fram med uminka styrke.
– Det er el-bil som gjeld framover. Dei aller fleste som er på jakt etter nybil i dag vil ha elektrisk eller el-hybrid. Kundane ønskjer å vere med på den utviklinga, meiner Anne.

– Til og med på nyttekøyretøy ser vi dette, mellom anna med E-Transit for vår del, avsluttar Hans.

Annonsørlenke

 
 
 
Til saman har dei over 50 års erfaring. Møt kjøkken-ekspertane.

Til saman har dei over 50 års erfaring. Møt kjøkken-ekspertane.

Det kan lønne seg å ta julehandelen i Førde – premiar for ca. 200 000 kroner

Det kan lønne seg å ta julehandelen i Førde – premiar for ca. 200 000 kroner