Arne køyrer deg trygt heim, utan rekkeviddeangst
ANNONSØRINNHALD FOR MOBILE FØRDE
Når Arne Skaaheim skulle kjøpe ny drosje i haust valte han el-bil: Ein Kia E-Niro. Og med det vart han litt historisk, som eigar av den første el-drosja i Førde.
– Vi har hatt ei hybrid-drosje nokre år, men dette er den første el-drosja i Førde, seier Arne Skaaheim, den godt nøgde drosjeeigaren.
– Den skal først og fremst brukast i Naustdal. Der køyrer vi 07-16 på kvardagane, og rekkevidda er inga utfordring. I tillegg vil eg nytte bilen til å ta toppane i Førde, seier han og melder om spinkel el-bilerfaring frå tidligare.
– Eg prøvde ein for 8-9 år sidan, så ingenting før eg bestemte meg for å kjøpe ein. No har eg lest meg opp, og er ekspert, ler han.
– Kan ikkje reise til Bergen om det skjer noko med bilen
Har vurdert el-bil lenge
Arne vurdert el-bil som drosje lenge, men fram til nyleg var det ikkje aktuelt.
– Først hadde berre Tesla god nok rekkevidde. Dei er ikkje til stades lokalt, og ein kan ikkje reise til Bergen om det skjer noko med bilen. Siste åra har det komme fleire bilar med god rekkevidde, som er viktig for drosjekøyring. Eg såg på ulike merke, men valet fall på Kia E-Niro med 204 hk. Så langt er eg strålande nøgd med den.
– Kva er største skilnaden på å køyre el- og fossil-drosje?
– Responsen på gassen kjem med ein gang. Den lagar mindre lyd og det er ingen vibrasjon frå motoren. Og ein slepp eksos. Det er kjekt å ikkje forureine, smiler han.
Einsleg svale no – men kanskje...
– Du har begge typar blant kollegaene mine: Dei som vil ha fossilt drivstoff, elles er det ikkje bil, til dei som syns dette er greitt. Ein av dei vurderer el-bil sjølv. Andre er skeptiske, ut frå «verst-mogleg» turar. Til dømes om du køyrer heile dagen, og så får ein tur til Øvre Årdal. Men nettverket av hurtigladarar er godt utbygd, og du rekk alltid å lade ein halvtime i løpet av dagen om naudsynt. I Førde har vi hurtigladarar ved Rema 1000 Hafstad og Coop Extra, som fyller batteriet på ein times tid, så eg trur ikkje dette blir ei stor utfordring, seier han.
– Eg har ikkje hatt rekkeviddeangst
Mil etter mil
Mange snakkar om rekkeviddeangst med el-bil. Få køyrer så mykje som drosjer per dag.
– Om bilen er full-lada om morgonen, slepp eg lade om dagen. På vinteren er rekkevidda rundt 40 mil. Eg har ein App som finn ladestasjonar, som ligg tett på våre kantar. Displayet viser heile tida kor mange km ein har igjen, så det går fint. Eg har ikkje hatt rekkeviddeangst, smiler Arne.
– Heime lada eg med stikkontakt dei første vekene. Då ladar ein 2-3 kWh i timen, så det er eit treigt prosjekt. Men 20. november fikk eg installert hurtigladar frå Cirkle K heime, så no går det fort. Eg fikk attpåtil 10 0000 kr i støtte frå fylkeskommunen til ladeboks. Dei hadde midlar som var øyremerka til å utvide elbilandelen blant drosjer i gamle-fylket, smiler Arne.
– Med dagens straumprisar, som i følgje Tibber-appen ligg på 7 øre per kWh, blir det utan tvil rimlegare å køyre elektrisk samenlikna med diesel og bensin, sjølv om ein tek med nettleige.
– Når den er aktuell som drosje er den eit godt alternativ for folk flest
Ein ny kvardag for Mobile Førde
I eit rart år for dei fleste, har Mobile Førde hatt nok å glede seg over. I fjor byrja dei å selje Kia, og fekk med det tilgang til el-bilar. I år lanserte Mazda sin første el-bil. Og i haust selde Mobile den første el-drosja i Førde.
– El-drosje såg eg ikkje for meg for nokre år sidan, men det var utruleg kjekt at Arne kom til oss og valde Kia E-Niro. Det er ein bil med god rekkevidde og god plass. Og når den er aktuell som drosje, så tenker eg at det er eit godt alternativ for folk flest, smiler Marius Reed, dagleg leiar på Mobile Førde.
– Kva fortel dette om el-bilutviklinga?
– At dei har fått så bra rekkevide at det opnar seg nye bruksmønster og -område, som nyttekøyretøy for mange næringar. Vår kontakt i Kia fortalte nyleg at dette byrjar å bli utbredd i større byar. I Trondheim går det veldig mange Kia E-Niro som drosjer, seier han.
Stor interesse for el-bil
Interessa for el-bil er sterkt veksande. Noko dei har merka på Mobile.
– Veldig mange av kundane som skal ha bil, vil ha el-bil. Det merkar vi både på det vi har levert ut av nye bilar, og på ordrereservane. Det er stor tyngde av el-bilar på det vi sel no. Kia har blitt leveringsdyktige på sine populære modellar E-Soul og E-Niro. No kan vi levere bilar på rimeleg kort varsel, og det merka vi stor skilnad på i salet. Mange er oppteken av nybil-garanti, og dei set veldig pris på 7 års nybil-garantien til Kia. No gler vi oss til våren. Då kjem nye Kia Sorento: Ein stor familiebil med 7-seter, som fyller ei nisje vi ikkje har vore i. Vi har hatt mellomstore SUV-ar, no får vi også ein stor SUV.
Annonsørlenke
Første elbil frå Mazda: MX-30
Ein særs fin dag for Mobile Førde, var lanseringa av den el-SUV-en Mazda MX-30.
– Vi byrja salet i sommar, og fekk både god respons. I oktober fikk vi den i butikken, det var viktig. Det er kjekt å ha bilen fysisk, slik at kundane kan prøvekøyre den. Så langt har vi selt fleire enn venta. Mazda flaggar MX-30 som «bil nummer 2» og har treft ei stor kundegruppe med det. Den dekker eit behov, grunna gunstig pris, på ein særs godt utstyr bil som gir deg mykje for pengane, samtidig som 200 km rekkevidde held rikeleg til dagleg bruk for folk flest, som køyrer til og frå jobb, trening og barnehage. Tilbakemeldingane frå dei som prøvekøyrer er at dei blir overraska over kor god den er å køyre, kor godt utstyrt den er og plassen innvending.
Annonsørlenke
– Eg vurderer sterkt ei el-drosje til
Godt nøgd drosjeeigar
Arne har køyrd el-drosje i nokre veker no og erfaringa er god.
– Eg er kjempenøgd så langt. Kjensla eg sit at med er at eg truleg ikkje kjem til å velje fossilbil neste gang eg skal byte drosje. Eg har to løyve. Det andre blir drifta med ein dieselbil, som fyller 3 år i mars og har bikka 250 000 km. Det nærmar seg tida for å byte. Det er mykje spennande el-bilar på veg inn. Eg vurderer sterkt ei el-drosje til. Då tek eg med meg erfaringar i løpet av vinteren med E-Niro, seier han.