Kategorier


Arkiv

Stig Indrebø – mannen bak linsa

Stig Indrebø – mannen bak linsa

Mange drøymer om å bli skodespelarar, eller kjendisar via fjernsyn. Og andre vel å stille seg bak kamera, og sørge for at magien blir filma. Stig Indrebø har valt det siste.


Stig er frilansfotograf og stedicamoperatør. Og det er gode sjansar for at du har sett kameraarbeidet hans. Stig har blant anna jobba med tv-seriane «Vikingane» og «Stjernestøv», storfilmen «Tunnellen». Han har laga musikkvideoar for Dagnys «It’s only a heartbreak», Gabrielles «Eg Lover», Girl in reds «Kate’s not here», Seebs «Breathe» og Klovner i Kamps «MILF», samt reklamefilmar for Telia, OneCall, Battery, Kreftforeningen, Grønt Punkt, Maxbo og mange andre.

Foto: Privat

Foto: Privat

Julekalendar
1.desember kan du få med deg eit av prosjekta han har jobba med: NRK sin julekalender «Stjernestøv».

– Året starta med ein periode av TV-serien ”Stjernestøv”, NRKs nye julekalender-storsatsning. Eg har vore engasjert til å gjere diverse steadicam-opptak sidan innspelinga starta i 2018, og har filma i alt frå vinterstorm med vindmaskiner til tronge leilegheiter i bustadblokker i Oslo, med born i hovudrollene. Premieren er 1.desember, seier han og deler nokre prosjekt han har vore involvert i, som blir å sjå på NRK og kino i 2021.

– Eg har vore involvert i ein dramaserie med tittelen ”Jordbrukerne”, ei historie om ein gjeng svært uvanlege jordbrukarar i ei bygd i Telemark, som kjem på NRK. Og så har eg vore delaktig i spelefilmen ”Verdens verste menneske”, som blir å sjå på kino. Imellom har det gått ein god del i reklame og andre mindre prosjekt.

Starta karrieren på Mo og Jølster
Stig Indrebø er fødd i Førde i 1990, og sette raskt kurs mot film- og tv-bransjen.

­– Eg tok medielinja på Mo og Jølster på vidaregåande, så filmlinje på folkehøgskule i Drammen. Så for eg til Oslo, for å jobbe som film- og TV-fotograf, og har sidan jobba som kamera- og steadicamoperatør innan dei fleste sjangrar og format, og reiser dit jobben tek meg, seier han.

– Kva driv du med når du ikkje peikar kameraet ditt på folk og fe?

– Klatring! Når eg ikkje jobbar, vier eg i overkant mykje tid til dette. Eg frekventerar dei ulike innandørssentera i Oslo fleire gongar i veka, og klatrar tidvis ute når været tillater det. Elles er eg glad i å gå tur, og i å springe. Det har vore ganske aktuelt i det siste, då Oslo for tida er i korona-lockdown og klatresentera held stengt. Eg lid av klatreabstinensar no, smiler han.

– Eg er storforbrukar av film, seriar og podcastar, og ganske oppteken av å lage pizza.

Når han ikkje jobbar, finn du han i klatreveggen. Foto: Privat

Når han ikkje jobbar, finn du han i klatreveggen. Foto: Privat

Eit litt annleis år
2020 kjem ikkje til å gå over i historiebøkene som eit godt år for filmbransjen.

– Etter att pandemien slo inn vart det mildt sagt litt stille i filmbransjen, og oppdrag vart utsett og avlyst. Men som følgje av situasjonen kom konseptet om å livestreame underhaldning verkeleg til sin rett. I form av musikkfestivalen ”Et helt annet sted” vart det voldsamt mykje å henge fingrane i. I løpet av ei lita veke var eg med på å filme fleire konsertar på diverse fine lokasjonar i Oslo, deriblant Vigelandsmuseet og gamle Deichmanske bibliotek. Det som gjorde arrangementa unike var at dei ikkje kom i den tradisjonelle scene-stilen der artisten står og syng i kamera, men heller som musikkvideoar der kamera flyter gjennom fleire scenario og lokasjonar. Alt skulle skje live, med veldig lita tid til å planlegge og øve. Ikkje rom for å snuble med kameraet og få fleire forsøk, slik ein vanlegvis er vant til. Men det gjekk bra. Konseptet har fortsatt gjennom året, og eg har vore med på fleire liknande prosjekt. Til dømes ”Black lives matter”-sending for Amnesty, og ”Oslo pride”.

 
 

– Korleis har det vore å vere frilansar i ein bransje som har fått litt koronajuling?
– Bransjen har vore hardt råka ja, og spesielt har større produksjonar merka dette. For min del er eg heldig som har fått jobba mykje i år, tross situasjonen. Mindre produksjonar som reklamefilmar tok etterkvart til att, det same gjorde dei større. Alle filmsett er prega av dei strenge tiltaka. Vi har smitteverns-ansvarlege som passar på at vi held avstand, går med munnbind og desinfiserer oss sjølv og utstyr ofte. Det vart spesielt intenst i haust, då veldig mange utsette produksjonar starta oppatt på same tid. Då fekk mange filmarbeidarar eit luksusproblem, kan ein seie. 

Foto: Dag Christian Klevås Rye

Foto: Dag Christian Klevås Rye

 

Avhengig av god dialog
Å lage film og fjernsyn verkar glamorøst. Korleis er det å praksis å stå på sett med desse kjente fjesa?
– Det er som regel veldig ulikt frå jobb til jobb, og avhengig av person. Skodespelarar har sine personlegdomar, og metodar for korleis dei jobbar, som vi alle har. Nokre er enkle å kommunisere med, andre er meir lukka og ”inne” i rolla si, og dermed vanskelegare å lese. Uavhengig av om eg er på ei større innspeling med eit tungt tema, eller eit mindre og meir lettbeint opptak, er det viktig for meg som held kamera å opprette ein god dialog med den eg skal filme. Om vi skal gjere lengre arrangement med mykje innhald, replikkar og rørsler, er det avgjerande for meg å på førehand forstå kva som føregår i hovudet til aktøren, og komme med ønskjer og forslag til eventuelle endringar. Då er det ekstra gøy når dei sjølv forstår korleis det kjem til å sjå ut i kamera, og involverer seg i prosessen. I tillegg til dei framfor kamera, er det jo ein heil stab bak ein også skal forhalde seg til og samarbeide med. Større produksjonar er gjerne meir prega av hierarki, mens mindre kan by på lettare stemning. Men ofte kan det også vere omvendt, seier han.  

Det kjekkaste så langt
– Kva er drøymeprosjektet ditt?
– Kan vel ikkje seie at eg har eit konkret drøymeprosjekt, men om eg skal trekkje fram det næraste eg kjem av dei jobbane eg har gjort, må det bli Vikingane. Serien går, etter beskriving frå regissørane, for å vere ”episk og dust”. Her fekk eg operere kamera, med og utan steadicam, på noko som vart nettopp det – den barnslegaste humoren du kan finne, pakka inn i eit estetisk og rått univers. Vanvitig gøy å filme, og vi sleit tidvis med å halde latteren inne under opptak. Håpar på fleire oppdrag av denne sorten framover, avsluttar han.


Her er nokre av prosjekta med Stig Indrebø bak kameraet i 2020:

Toppfoto: Anna Stokland

Oppdag nye iFørde

Oppdag nye iFørde

Arne køyrer deg trygt heim, utan rekkeviddeangst

Arne køyrer deg trygt heim, utan rekkeviddeangst