Kategorier


Arkiv

Oppdag nye iFørde

Oppdag nye iFørde

ANNONSØRINNHALD


Velkommen til nye iFørde i digital drakt: Eit lokalt nettmagasin, med fokus på dei gode historiene, folka og opplevingane som vi saman deler.


iFørde er eit magasin med lange røter. Rein Design gav ut magasinet for første gong i 2010. Seinare tok Førde Industri- og Næringssamskipnad over namnet og merkevara, og utvikla ein digital arrangement-kalender for Sunnfjord. Frå 2017 gav dei også ut magasinet årleg, i samarbeid med Rein Design, med fokus på handel, opplevingar og arrangement i vårt område. Dette har vore eit godt likt kvalitetsmagasin, som mange har sett pris på. Arbeidet med 2020-utgåva var i full gong, før pandemien plutseleg sette ein stogg for magasinet i år. No er tida inne for å tenke nytt. 

Velkommen til nye iFørde i digital drakt: Eit lokalt nettmagasin, med fokus på dei gode historiene, folka og opplevingane som vi saman deler.

Magasinet skal bestå av ei blanding av redaksjonelle saker om personar og tema som engasjerer i Førde, og betalt innhald i form av gode innhaldssaker frå kundar. 

– iFørde skal vere eit profesjonelt nettmagasin, med høg kvalitet

Tidligare utgåver av papirmagasinet iFørde. Foto: Rein Design

Tidligare utgåver av papirmagasinet iFørde. Foto: Rein Design

– Kvifor lese iFørde?
– Hovudmålet vårt er å skape eit engasjerande, godt magasin, med ei blanding av stoff som tiltalar ulike grupper menneske. Eit viktig poeng er å skape så godt betalt innhald, at folk ønskjer å lese dette, i tillegg til dei redaksjonelle, gode sakene, seier dagleg leiar hos Rein Design, Ole Jonny Klopstad.

– iFørde skal vere eit profesjonelt nettmagasin, med høg kvalitet, som byr på engasjerande, spennande lesestoff, om alt frå folk til næringsliv i Førde. Nettmagasinet leve på digitale plattformar heile året.

 
Ein felles digital annonseplattform
 
–  iFørde skal fungere som ein felles annonseplattform for næringslivet i vår region, som kan nyttast av alle bedrifter, uavhengig av om dei har eigne kanalar eller ikkje. Vårt distribusjonssystem nyttar dei største digitale annonseplattformane i verda til å spreie innhald til dei målgrupper som er relevant for den enkelte kunde. Målet er ikkje å skape ei nettavis, men eit nettmagasin for Førde og regionen rundt, med fokus på gode saker, som er kjekke å lese, seier Klopstad. 

- Vi i FINS meiner at nettmagasinet iFørde er eit godt verktøy for å styrke konkurransekrafta til lokal næring. Kremmarånda lev i beste velgåande i Førde og handelsstanden veit at dei må møte kundane der dei er, både fysisk og digitalt. iFørde er produsert av lokalt næringsliv for lokalt næringsliv, seier Geir Opseth, leiar i Førde Industri- og Næringssamskipnad.

Magasinet skal finansierast med er innhaldsmarknadsføring for bedrifter. Når du kjøper innhaldsartiklar på iFørde, er det inkludert eit annonsering i prisen. – Dette sikrar god distribusjon av innhald, aukar rekkevidde og er ein effektivt måte å bygge merkevara di og skape langvarige forhold med kundane dine.

 

– Indirekte marknadsføring gjennom godt innhald er ikkje ein ny metode



– Kvifor innhaldsmarknadsføring? 
Marknadsføring treng ikkje vere traust og tradisjonell. Eller fokusere på pris og tilbod. Den kan i staden fortelje gode historier, som viser fram dine produkt, dine tilsette og korleis desse kan vere med på å skape løysingar for kundane dine. 
– God innhaldsmarknadsføring brukar journalistiske verkemiddel til å fortelje engasjerande historier. Godt og relevant innhald er ein fantastisk måte å bryte gjennom jungelen av annonser der ute, seier Klopstad.

ye-massa-F02_kcOuxuM-unsplash.jpg


To dekkselgande brør
Innhaldsmarknadsføring handlar om å skape og å distribuere relevant og verdifullt innhald for å tiltrekke og engasjere en tydelig målgruppe, med mål om at dei handlar på sikt. Med innhaldsmarknadsføring promoterer ein ikkje nødvendigvis direkte produkt og teneste sine, men bygger eit langsikt forhold til kundane, seier Klopstad og deler ein gamal suksesshistorie:

– Indirekte marknadsføring gjennom godt innhald er ikkje ein ny metode. Kanskje det beste eksempelet er då to franske brør i år 1900 pønska på korleis dei skulle selje fleire dekk. Problemet var at det berre var 3000 bilar i heile Frankrike på den tid. Dei bestemte seg derfor for å lage ein gratis guide, som innehaldt ein oversikt over verkstad, samt gode tips om hjulskift. Dei laga slike guidar for heile Europa (Noreg unnateke). Etter kvart, for å skilje seg ut frå liknande guidar, byrja dei å fokusere på å oppmuntre til køyreturar, som ville auke salet av dekk på sikt, og byrja å reise rundt med anonyme inspektørarar for å dele ut stjerner til dei beste restaurantane i guiden deira. I dag er Michelin den mest prestisjefylte restaurantguiden i verda - og Michelin har saktens seld nokre dekk undervegs...


Ynskjer du å vite meir om iFørde og innhaldsmarknadsføring for di bedrift?

 
 
 
Nok er nok

Nok er nok

Stig Indrebø – mannen bak linsa

Stig Indrebø – mannen bak linsa