Kategorier


Arkiv

Størst på maling mellom Ålesund og Bergen

Størst på maling mellom Ålesund og Bergen

ANNONSØRINNHALD FOR OBS BYGG FØRDE

Foto: Torstein Helmen og Johannes Aahaug har samla over 50 års bransjeerfaring innan maling

OBS Bygg Førde runda av eit rekord-år i 2020 med å pusse opp malingsavdelinga for over 1 million kroner. Med det styrka dei også sin posisjon som den største, beste og billigaste butikken på maling mellom Ålesund og Bergen.


– Vi vart ferdig like over nyttår. Vi tok heile malings- og golvavdelinga. No blir du som kunde møtt av cirka 500 m2 med malingsavdeling med betre plass, meir oversiktleg og luftig areal, og nye, større og flottare inspirasjonssenter, som gjer det lettare for kundane å få oversikt over moglegheitene dei har, seier Johannes Aahaug.

– Kva seier kundane?

– «Oi, eg kjenner meg nesten ikkje igjen. Dette var flott.» Og så set dei stor pris på at vi har laga to større inspirasjonssenter. Eit for maling inne og eit for maling ute. Der finn dei større utval av fargeprøver og kan hente god inspirasjon.

Oppussinga kom på tampen av eit eventyrlig år, der OBS Bygg Førde har omsette maling og tilhøyrande varer for over 18 millionar kroner.

– Det siste året har vore travelt, for å seie det forsiktig. Det tok av etter nyttår 2020, og sidan har det berre gått oppover. 
Kollegaen hans, Torstein Helmen, har berre jobba der i 1,5 år, så han fikk ein pangstart.
– Du vart kasta ut på djupt vatn, med det året vi har hatt, seier Johannes og smiler.

– Ja, men det har vore kjekt. Ein lang dag er ein dag du har lite å gjere, og det har det vore få av i det siste, svarar Torstein.

Johannes Aahaug viser fram det nye inspirasjonssenteret for maling utandørs.

Johannes Aahaug viser fram det nye inspirasjonssenteret for maling utandørs.

Over 50 års bransjeerfaring kjem kunden til gode
Dei to karane sit samla på over 50 års samla bransjeerfaring, som gir dei høg kompetanse. – Den kjem kundane til gode i form av gode råd og tips i høve det dei måtte lure på. Det sikrar at du som kunde får dei rette produkta, og dermed eit godt resultat, seier Johannes, som byrja å jobbe i fargehandel for over 20 år sidan.
– Sidan har det gått slag i slag. Eg byrja her i 2014, og det er beste jobben eg har hatt. Du treff blide menneske kvar dag, og får hjelpe dei i høve oppussing og vedlikehald av hus og heim. Betre blir det ikkje, seier han.
Torstein jobba som malar ein «mannsalder», før han byrja i butikk. Det betyr at kunden får råd og tips, frå to sider av faget.

– Eg trur vi kom til at eg har jobba som malar i 33 år, før eg byrja på OBS Bygg Førde. Og her trivast eg godt. Det er kjekt å møte opp på same stad, med kjekke kollegaer, stabil temperatur og eit arbeid som er lettare for kroppen, seier han og smiler.
– Og ikkje minst får eg bruke kunnskapen og kompetansen frå malarfaget til å sikre kundane god service og oppfølging.

 

Billegast, lengst opningstid og størst utval
Høg kompetanse er ikkje det einaste fortrinnet OBS Bygg Førde kryssar for.

– Vi har det størst utvalet på maling og tilbehøyr til det, og vi er billigast. Difor gir vi også prisløfte: Finn kunden same produkt billegare i løpet av 14 dagar etter handelen, får dei igjen mellomlegget, og i tillegg 15% rabatt på mellomlegget «som plaster på såret», seier Johannes og held fram.

– Ein annan styrke vi har er at vi alltid har mykje varer på lager. Dermed får du varene du ønskjer, når du treng dei. Vi har også lengst opningstid og særs god parkering. Eit anna stort fortrinn for kunden er at her kan dei i tillegg handle alt dei treng til hus og heim under same tak, gjere unna mathandelen, og kose seg på kafeen om dei vil, seier  Johannes.
Når du kombinerer dette med sentral plassering og lett tilgang for kundane, gjer det OBS Bygg Førde til den aktøren som sel mest maling mellom Ålesund og Bergen. 

Og Torstein står ved det nye inspirasjonssenteret for maling utandørs.

Og Torstein står ved det nye inspirasjonssenteret for maling innandørs.

Nøgde kundar skapar nøgde tilsette
Mykje av jobben til Torstein og Johannes handlar om å kartlegge behova til kunden.
– Folk kjem hit fordi dei skal pusse opp heimen sin. Det er noko dei bryr seg veldig om, heimen vår er viktig for oss. Difor er dei takksame for gode råd og tips om korleis dei kan gjere dette best mogleg. Det gjer dette til ein særdeles kjekk jobb, seier Torstein.
– Når kundane kjem til oss stiller vi dei spørsmål om kva dei skal gjere, og kvar. Og då kjem spørsmåla tilbake til oss. Eit viktig utgangspunkt er kva resultat dei ønskjer å oppnå, og korleis. Og så finne den sikraste vegen dit. Og det er jo å komme hit og handle, seier Torstein med glimt i auget.

– Folk flest er mest oppteken av fargar og glans. Og litt av pris. Det kjem litt ann på kva dei skal også: Noko er erfarne med å pusse opp, andre gjer det for første gang. Og det er stor skilnad på om dei berre skal male litt på eit rom, eller om dei skal pusse opp stova si. Då er dei særs oppteken av å få eit godt resultat. Hus og heim er viktig for folk. Difor er det viktig å ha god kompetanse om produkta vi sel, korleis ein får best mogleg resultat, og kva behov og ønskjer kunden har. Gjev du dei feil produkt eller dårlige råd, blir resultatet der etter. Om ein skal male eit heilt hus, og ikkje blir nøgd, er det både dyrt og tidkrevjande å ta igjen, så det er viktig å unngå, seier Johannes.

 

Annonsørlenke

 
Vil du studere, eller studere med relevant jobb i tillegg?

Vil du studere, eller studere med relevant jobb i tillegg?

Ein hardtslåande vestlending

Ein hardtslåande vestlending