Kategorier


Arkiv

Ein hardtslåande vestlending

Ein hardtslåande vestlending

Svein Inge Bjørkedal har slått seg gjennom det meste av landets små og store konsertscener, vel og merke på slagverk, før han enda opp som Førde sin nye arrangement-general.

 
 

Kort fortalt: Svein Inge Bjørkedal er førdianar, far, sambuar, musikar og no sjølvstendig næringsdrivar som arrangør via sitt nystarta selskap Hending. Men dette er ikkje den korte historia – dette er historia om Svein Inge Bjørkedal.

Den perfekte vestlending
Om vi byrjar med førdianarbiten, så kunne den raskt vore annleis.

– Far min er fødd og oppvaksen i Volda, og har opphav frå Volda og Stryn. Mamma har opphav frå Samnanger og Os, så der har du miksen min, seier Svein Inge med eit smil.
Svaret på korleis denne miksen hamna i Førde, er enkel: Førde Sentralsjukehus, der Svein Inge er fødd, og begge foreldra jobba.

– Begge foreldra mine er radiografar, så du kan seie at eg kjem frå ein strålande familie, ler han.
– Pappa byrja på Radiologisk avdeling på Førde Sentralsjukehus i 1979. Mine første to leveår hadde eg på Sunde i Førde, før det vart ein avstikkar til Volda, seier han.

Svein Inge kunne blitt sunnmøring, men det var Førde som vart heimen hans. Her med familiehunden Odin, som ikkje var like oppteken av slagverk.

Svein Inge kunne blitt sunnmøring, men det var Førde som vart heimen hans. Her med familiehunden Odin, som ikkje var like oppteken av slagverk.

 
 

Førdianar
I ein alternativ verkelegheit, kunne altså Svein Inge enda som sunnmøring. Men foreldra valte etter eit år i Volda å vende tilbake til Førde, der dei slo seg ned i Gamle Vievegen. Det medførte ein barndom, der sjukehuset ofte vart arena.
– Det høyres kanskje rart ut for dei som veks opp i dag, men vi «sjukehus-barna» brukte sjukehusparken og sjukehuset som leikeplass, seier han og ler.
– Vi sprang rundt og samla flasker, som vi kjøpte Bugg for i kiosken der, leika på tennisbana bak psykiatrisk klinikk, og sprang opp og ned i trappene. Ofte når skulen var ferdig gikk eg heim frå Slåtten via sjukehuset, og reiste innom mamma, som sto inne på nuklærlabben i blyfrakk. Då fikk eg raskt beskjed om å komme meg ut, seier han.
– Så eg er godt kjent på sjukehuset, utan å ha vore innlagt spesielt mykje.

 

Draumen om trompet
I 7-8-års alderen skjedde noko som skulle forme Svein Inge.

– Mamma har vore aktiv i korps sidan ho var liten, og spelte klarinett. Ho ønska at eg skulle lære meg eit instrument også, så eg vart aspirant i Førde Skulemusikkorps. Eg ville lære trompet, men det vart fullt, så det enda med slagverk, med Per Christian Øvrebotten som lærar, seier han og fortel at om det ikkje var første val med slagverk, så vart det det til slutt.

– Eg likte slagverk godt. Det passar meg på eit vis. Og det er jo eit instrument som ligg ganske nær urinstinkta våre. Trommer må ha vore eit av dei første instrumenta vi fann opp. Og kva barn likar ikkje å banke på noko, for å lage lyd? Og så var det ein fordel å sleppe unna G- og F-nøkkel også, smiler han.

 

Musikar, sjømann eller tømrar?
Slagverket skulle etterkvart sette meir og meir farge på livet til Svein Inge.

– På ungdomsskulen var vi ein gjeng som dreiv og spelte. Vi sprang bort til øvingrommet i kjellaren på Løa både i friminutt og etter skulen, og styrte på. Vi var ein kompisgjeng, der dei fleste søkte seg til musikklinja på Firda når vi skulle byrje på vidaregåande, seier han og fortel at det kunne blitt ganske så annleis.

– Eg hadde musikk på første plass, fiske og fangst i Måløy på andre plass og tømrar på tredje. Så om ting hadde blitt annleis, kunne det blitt eit liv på sjøen, seier han og ler.
– Så vi vart eigentlig litt den same gjengen som på ungdomsskulen, samt ein del nye vi møtte der, som eigentlig nesten budde på skulen i tre år. Vi hadde nøkkel, og hang på øvingsrommet natt og dag. Vi ville spele, det var det det handla om for oss. I periodar vart det nok litt mykje fest og musikk, og litt lite fag, men vi kom oss nokon lunde heilskinna gjennom, seier han.

Ville i uniform – enda med enno meir musikk
Om det var tida i korpsuniform som gav meirsmak, seier han ikkje noko om. Men han ønska seg i militæret etter Firda.

– Det var eg fast bestemt på: Når eg var ferdig på Firda skulle eg i militæret.

– Eit litt underlig val for ein gryande musikar?

– Det kan du seie, men eg møtte i alle fall på sesjonen, og jobba hardt på den teoretisk delen. Forma var kanskje ikkje like god, smiler han.
– Det enda med at eg fikk beskjed om å søke artilleriet, noko eg gjorde. Så gikk tida frå sesjon til innkalling. I mellomtida hadde eg flytta heim til Førde, og byrja å jobbe på MobilData (no IT-Kom). Parallelt underviste eg aspirantar i skulemusikken, samtidig som eg byrja å spele i lokale band som Impedansebande, som no er Drusar, Aventyr og Fant. Det vart jobbing, mykje speling og desto mindre appell i å reise i militæret. Difor søkte eg om utsetting, og fikk det grunna samfunnsnyttig føremål, altså at eg underviste barn og unge. Det enda til slutt med at eg fikk beskjed om at eg var unnateke teneste i fredstids, seier han og fortel at spelinga balla på seg i denne perioden.
– Både Impedansebande og Aventyr spelte mykje, og hadde turar til Austlandet og Bergens-området, og Fant spelte til dans i Sogn og på Sunnmøre. Det var ei kjekk tid, som gav meirsmak. Difor søkte eg meg til den private høgskulen NISS, no Høyskolen Kristiania, der eg studerte populærmusikk i to år, frå 2010 til 2012.

 

Brått tok ting av
Det valet skulle akselerere karrieren monnaleg.

– På skulen møtte eg Vincent Dery, ein ung rappar frå Lambertseter. Han hadde ei gruppe på gang som heitte Envy. Dei hadde laga ein mixtape og skulle spele på By:Larm i 2011, der dei ville stille med liveband, så eg byrja å spele med dei. Det tok heilt av. Etter konserten var vi innom 7-Eleven. Medan eg sto der kikka eg på VG på mobilen, som melde alle konsertane under By:Larm. Vi fikk terningkast 5, og var heilt i ekstase, seier han og fortel at det vart starten på ei hektisk tid.
– Det vart mykje speling etter dette, spesielt etter at dei fikk ein hit med «One Song». Vi spelte på så og seie «alle» festivalar i Norge den sommaren, og la ut på Norgesturne.

Men eit band var litt lite, likevel.
– På same tid byrja eg å spele i americana/country-gruppa The Northern Belle. Så på den tid gikk eg rett frå hip-hop-øving til americana, og omvendt, seier han og ler.

– Så du er ikkje så glad i å låse deg i ein sjanger?

– Nei, det har eg aldri vore oppteken av. Eg har jo også vore med i danseband, hardrockband, rockeband. På Firda spelte vi mykje jazz/fusion og var innom klassisk musikk også.

Som ung var Svein Inge svolten på speling, noko som har ført han land og strand rundt.

Som ung var Svein Inge svolten på speling, noko som har ført han land og strand rundt.

Flytta til Oslo – men fann kjærleiken heime
I 2011 er vi også komme fram til sambuardelen av livet hans.
– Sambuaren min kjem også frå Førde. Ho heiter Henriette Berntsen, og vi vaks opp på same tid. Vi spelte faktisk i musikalen Bugsy Malone saman på ungdomsskulen. Vi vart godt kjent med kvarandre på vidaregåande tida, og hadde ein del kontakt i dei periodane eg budde heime. Første året mitt i Oslo var ho på reise rundt i verda, blant anna i Australia. Når eg reiste heim til jul det året var eg på Pikant, og gikk opp i andre etasjen. Der sat ho. Vi møttes i Førde i påska igjen det året, og etterpå byrja det å gå meldingar fram og tilbake. Rett før sommaren 2011 sendte eg ho ein melding: «Du får ta turen til Oslo og ta lunsj i parken». Svaret var: «Eg kjem». Den hausten flytta ho til Oslo for å studere.

Spelte for 80 000 i Austerrike
Etterkvart tok karrieren til Envy av. I 2013 fikk dei ein kjempehit med låta «Am I wrong».
– Det førte til enno meir turnering i Norge, enno fleire festivalar om sommaren, og ikkje minst byrja dei å spele konsertar i utlandet.

– I 2014 hadde Envy bytta namn til Nico & Vinz, i samband med satsing i USA. Dei hadde flytta dit, og hadde lokale band der. Men vi skulle spele med dei i Norge og Europa. Vi var innom Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Luxemburg og Austerrike. Det byrja ganske rolig med å spele for rundt 400 i Hamburg, til brått å stå på scena for ti-tusenvis av menneske i Tyskland og Austerrike, seier han og fortel.
– Vi fikk beskjed om at det er spelejobb i Austerrike, på Donauinselfest. Her er flybillettane. Eg ante ikkje om det var klubb-konsert, inne, ute eller kva det gikk i. Når vi kom fram til scena på lydsjekk, var det ei diger utescene. Eg hugsar eg sa: Her må det vere plass til 10-20 000 menneske! Så reiste vi tilbake på hotellet for å ete. Når vi kom for å spele, krydde det av folk. Eg spurte ein av karane som jobba med scena om kor mange som var her: 80 000, slo han fast. Eg fekk ikkje tid til å verken glede meg til, eller grue meg til det på førehand, det var berre å hoppe i det og gjere jobben.

On the road again...
Etter kvart som Nico & Vinz flytta satsinga over til USA, vart det mindre speling her heime. Så Svein Inge fann seg eit nytt band.

– Rockebandet Comet Kid. Dei var eigentlig i startgropa, og eg kunne hoppe rett inn i festivalsommaren saman med dei. Dei hadde same bookingmanager som Oslo Ess, og følgte same skule: Ut og spele, seier han og smiler.
– Og det gjorde vi. Dei var eit verkeleg turneband: Vi hadde i snitt 100-150 jobbar i året dei åra eg spelte der. Då er du på vegen kvar helg, samt vekedagar her og der på studenthus, i Den Kulturelle Skulesekken etc. Det var ei utruleg volum med speling, seier han og fortel at dei sjølvsagt gikk rett i bandmodus.
– Vi kjøpt eigen turnebuss, ein Ford Transit med lasterampe, fikk fast lyd og lysmann, sette hjul på flight-casane våre og gjorde alt veldig turnevennleg, seier han og deler eit minne.
– Gitaristen vår hadde kjøpt ei bok om Dum Dum Boys. Han sat og las i den, og byrja å le: Dei turnerte også i ein Ford Transit der webastoen ikkje virka, og hadde ein heil del andre fellestrekk med oss. Det gikk nok hardare for seg i deira tid, men det var kjekt å sjå at dei store banda, som ein ser opp til, har vore gjennom same leiken.

 

Nei, no lyt eg vere ansvarleg
Men sjølv med heftig turnering og mykje speling, var han ikkje rik. Pensjonspoenga måtte hentast på andre jobbar.
– Eg har alltid tent litt pengar på musikk, men det er langt unna det vi definerer som ei normal årslønn i Norge. Så eg har alltid hatt jobbar ved sidan av i Oslo, seier han og ler.
– Bang & Olufsen har ein eigen butikk i Norge, i tillegg til franchise-butikkane. Eg jobba i butikken der i perioden 2013-15. Ei tid var eg faktisk deira einaste tilsette i Norge.

I åra 2014-2016 rakk han også å studere bedriftsøkonomi på Høgskulen i Hedemark, og parallelt sikta han seg inn på dagens yrkesval, på eit vis, i 2015, med ny jobb.

– Eg søkte på den jobben som skulle vise seg viktigast i høve det eg driv med no: Som arrangementsvert ved Oslo Konserthus, ei av dei største innandørsscenene i Norge, og heimen til Oslo Filharmonien. Så brått var eg ansvarleg for 1400 publikummarar.

Foto: Oslo Konserthus

Foto: Oslo Konserthus

Brakdebuterte
Der fikk han også ein ganske spesiell «debut».

– Når eg byrja der var Jørgen Roll nyleg tilsett som direktør. Han kom frå festivalen Norwegian Wood, så han hadde jo ein litt anna strategi for korleis han ville fylle huset. Eit av dei tidlige, store arrangementa eg var med på var turnestart for Bob Dylan. Han var der for ein dag med øving, følgt av tre dagar med konsertar. Så det var litt av ein start, seier han og fortel at det likevel ikkje var så skremmande.

– Eg har jo vore med på hundre- eller tusenvis av produksjonar, på og bak scena, og hadde den erfaringa med meg frå musikklivet. Det nye var dette med eg skulle handtere publikumsflyten og legge til rette for at dei fikk gode opplevingar. Og det merka eg etterkvart: Eg sto oftare og oftare og såg ut over publikum, heller enn å sjå på scena det der sto nasjonale og internasjonale artistar, seier han og fortel kvifor.

– Når eg var på jobb så handla det meir om at gjestane som har betalt for å vere der, skal få gode opplevingar. Så kan eg heller gå på konsert og kose meg når eg ikkje er på jobb. Begge dei sidene av meg spelar etterkvart inn når eg er på konsert. Du blir litt nerd, og eg blir ståande og sjekke sceneriggen, kvar er trossene, kva mikrofonar brukar dei på trommesettet, kvar står vaktene, korleis fungerer innsleppet og barkøa. Det er eigne fagområder, både å stå på scena, og jobbe i kulissane, og du blir litt miljøskada, ler han.

Lykkelege dagar på Røvarstaden. Foto: Røvarstaden.

Lykkelege dagar på Røvarstaden. Foto: Røvarstaden.

Ein korsveg
Etterkvart byrja han med booking for Oslo Konserthus, og tidleg i 2018 var han med på å starte opp kulturhuset Røvarstaden.
– Etablert i lokala til legendariske Club 7, der Miles Davis spelte på 70-talet. Så i tillegg til jobben Konserthuset, vart eg produksjonsansvarleg på Røvarstaden.

Det medførte mykje jobbing, og i 2018 dukka det opp ei ny utfordring.
– Henriette fikk tilbod om eit vikariat som grafisk designar i Rein Design i Førde, så ho reiste heim til Førde. Det medførte at eg kasta meg ut i jobbing og speling, døgnet rundt. Eg trur knapt eg åt eit måltid heime. Eg jobba frå morgon til natt, og spelte når eg hadde tid. Henriette pendla litt hit og fram i helgene, men det var ikkje tid til så mykje anna enn jobb.

Og så fikk ho tilbod om fast jobb.
– Vi var ute på Værlandet Havhotell den sommaren, og tok ein lang prat på terrassen der om kva vi skulle gjere, i ein solnedgang vakrare enn på Santorini, medan vi kvidde oss på at vi skulle gå opp Alden dagen etterpå. Vi har alltid vore samde om at vi skulle heim til Førde, ein gang. Eg var innstilt på å vere i Oslo nokre år til, men samtidig så er det ikkje så mange jobbar heime, innan det ho ville jobbe med: Grafisk design og kommunikasjon. Så når tilbodet var der, bestemte vi oss for å hoppe i det.

 

Ein grunder kveiknar til
Vel heime i Førde, hausten 2018, byrja han i ny jobb, hos ein gamal arbeidsgivar: IT-Kom.

– Der var eg eit års tid, før gründeren i meg vakna til liv. Eg var med på fylkeskommunen sitt etablerarkurs, Driftig. Der vakna tanken om å starte eit eventbyrå for Sunnfjord. Eg hadde ein bunke med skisser på ulike arrangement eg hadde lyst å lage, testa idear, laga forretningsplan og byrjar å sondere potensielle samarbeidspartar. Under eit møte med ein av dei, Rein Design, enda det med at eg fikk eit jobbtilbod. Dei hadde kjøpt opp Findriv, med Førde-arrangør nummer 1, Tom Farsund, på laget og ville satse hardt på arrangement. Så då vart eg sidekicken til Tom. Vi skulle mellom anna lage landbruksmessa Styving, som skulle bli eit enormt arrangement.

 

Pappa
Etter å ha flytta heim og fått ny jobb, venta eit nytt kapittel i 2019: Farsrolla.

– Dermed hadde eg ein farspermisjon, som var godt tima opp i all koronauvissa rundt arrangement, som eg valte å forlenge litt.

 

– Å sjå den kulen på magen bli til eit lite, levande menneske var ei drøy oppleving. Eg var nok litt kjepphøg i høve kor bra dette med å bli pappa skulle gå på førehand. I det store og heile er det jo det kjekkaste ein kan oppleve, samtidig som ein merkar at livet endrar seg i høve før. Kanskje spesielt på dette med søvn, seier han og ler.
– Ein må forhalde seg til døgnet på eit heilt anna vis, sånn på generell basis. Ein har eit lite menneske som ein må ta omsyn til, og ein kan ikkje sette ho på pause. Når ho treng noko, så må ein trå til, seier han og fortel at det også har påverka livet som musikar, og endra han som menneske.

– Det har blitt mindre speling, sjølv om eg framleis er med i The Northern Belle. Det er litt kjipare å reise heimafrå. Dei første timane er det litt digg. Du kjem fram, og kan sove ei heil natt, men så byrjar du å kjenne på saknet etter sambuar og barn. Ein kjenner jo også på at ein «lesser» ansvar og barn over på ho. Eg merkar at eg gleda meg meir og meir til å komme heim enn eg gjorde før. Og eg klarar ikkje å sjå føre meg å halde på slik vi gjorde før, med 100-150 reisedøgn i året, og korleis det skulle blitt kombinert med familielivet. Eg har stor respekt for dei som klarar den kabalen, seier han.

Trommestikkene er på veg over i hendene til ein ny generasjon.

Trommestikkene er på veg over i hendene til ein ny generasjon.

 
 

Nedtur i 2020
Som dei fleste veit, 2020 vart ikkje noko kjempeår.

– Diverre fikk vi ikkje gjort så mykje som vi håpa, grunna pandemien. Frå eg byrja i Rein Design, seint i 2019, gjennomførte vi ein ordførardebatt i høve førre kommuneval, Bilmessa 2019 og Sunnfjord 20:20, markeringa av kommunesamanslåinga. Og sjølvsagt Luttfest i januar 2020, der eg er festivalsjef. Det var det vi fikk gjennomført før 12. mars 2020, seier han og fortel om ei tid med sterk uvisse.

– Eg fekk med meg alle pressekonferansane, og dei var jo lite konkrete i høve sommaren. Det var stadige utsettingar, og jo nærmare sommaren kom, jo mørkare såg det ut. Samtidig var eg optimistisk heile vegen: Kanskje arrangementa våre i august kan gå bra. Men fasiten var jo at det meste rauk. Eg og Tom vart delvis permittert. Dei få arrangementa vi fikk laga var valvorspiel på Larris Scene, i høve det amerikanske valet, og Hjartelag, ein spontan festival som oppstod i fjor, som vi håpar skal bli ein fast førjulsfestival i Førde. Så det skjedde noko, men det vart ikkje det året eg drøymte om. Vi hadde store planar, blant anna med Styving. Det er ikkje kjekt å avlyse, skalere ned eller utsette arrangement, sjølv om ein forstår kvifor.

Hending
Og då er vi komme til siste ledd: Sjølvstendig næringsdrivande. I 2021 starta Svein Inge som sjølvstendig næringsdrivande, med eventselskapet Hending.

– Kven startar eit eventselskap i 2021?

– Det er jo det «slagordet» ein alltid høyrer: Når ting ligg heilt nede – då skal du starte opp! Det er då ein skal prøve å skape ein opptur. Og eg trur det er veldig mange arrangement som skal gjennomførast i ein eller anna form i år. Hending tek på seg prosjektleiarrolla i arrangement, og det er ein gunstig måte å organiserer dette på her lokalt. Når det dukkar opp eit arrangement-prosjekt, så er det ofte spørsmål om kven som skal vere eigar av prosjektet, og korleis ein skal organisere seg. Hending løyser desse utfordringane for kundane.

– Kva seier folk om denne satsinga?

– Eg hadde trudd fleire skulle sagt eg var galen, men stort sett seier dei at «dette blir spennande». Eg trur både eg og andre ser at vaksinen byrjar å rulle ut, ting er i ferd med å snu, og at snart er vi der vi skal vere.

Sjekk ut Hending på Facebook og hend.no

 
Størst på maling mellom Ålesund og Bergen

Størst på maling mellom Ålesund og Bergen

Steffen slutta i fast, god betalt jobb for å få meir familietid

Steffen slutta i fast, god betalt jobb for å få meir familietid