Kategorier


Arkiv

Ein himmel full av kraner

Ein himmel full av kraner

ANNONSØRINNHALD FOR SUNNFJORD UTVIKLING


Sjølv om Noreg har stogga opp under pandemien, er det bygging som aldri før i Førde. Om du køyrer ein tur rundt i Førde i dag, vil du sjå kranar i og utanfor sentrum.


Førde har lenge vore prega av høg byggeaktivitet. 70- og 80-talet var ein gullalder, som tok Førde frå søvnig bygd, til ein stadig veksande småby. Frå tidleg 2000-tal av har sentrum verkeleg endra seg: Frå Kronborg og ned mot sentrum har det komme ei mange nye næringsbygg. Bu- og fritidsområde som Hafstadparken, Falkenstein,  Hafstadhagen og Atriumhagen vaks fram. I sentrum har Meierikvartalet, Ullsentralen, Rådhuset, Alti Nord og andre bygg satt sitt preg. Du får kjensla av at det skjer noko nytt kvar dag, og det står kranar mot himmelen i alle retningar. Utviklinga er konstant og farten tek på ingen måte av: Nye vegar, offentlige bygg og bustadområde. Det blir bygd som aldri før!

– Det er nesten Klondyke-stemning for tida

Det er hektisk aktivitet på byggefronten i Førde. Foto: HS Bygg

Det er hektisk aktivitet på byggefronten i Førde. Foto: HS Bygg

Førde – den litt unike småbyen
For tida er det hektisk aktivitet på byggefronten i Førde. Det er kjekt å sjå for dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, Rolf Sanne-Gundersen, og ordførar i Sunnfjord kommune, Olve Grotle. 

– Samanlikna med andre byar på same storleik, så vil eg seie at Førde er i ein unik situasjon, med den pågåande og ventande byggeaktiviteten, seier Rolf.

– Førde har lenge vore ein by med høg byggeverksemd. Det er ein eineståande situasjon å vere i. Det kjennes slik ut nå òg, sjølv om vi lever i spesielle tider. Det er nesten Klondyke-stemning for tida, seier ordføraren.

 

Utviklinga som aldri stogga opp
– Sidan 1990 har eg høyrt at utviklinga i Førde kjem til å stoppe. På folketal har det delvis gjort det, men den høge byggeaktiviteten held fram. Ei årsak er offentlige aktørar: Førdepakken bygger for 1,8 milliardar kr, og Nye Førde Sjukehus for over 1,6 milliardar kr, det er formidabelt. I tillegg kjem ny vidaregåande skule, politihuset og vidare utbygging av Sunnfjord Næringspark på Moskog. Det gir høg aktivitet, som skaper meir aktivitet. Spesielt gledeleg er det at vi etter lang, hard jobbing løyste ut aktivitet på Moskog. Bring sitt bygg reiser seg, Agila skal bygge og nyleg selde vi ei tomt til på 18 dekar. Det er vi særs glade for, seier Rolf.

– At Bring etablerer seg i Sunnfjord Næringspark gir òg ringverknadar utover den aktuelle verksemda. Dette er ei lokalisering som er gjort etter omfattande og grundige analysar over kor det er mest fornuftig å etablerer slik og liknande verksemder. Det vil bli langt merke til av andre aktørar, med mindre ressursar til analyse- og stadvurdering, seier Olve, som òg ser ei stigande interesse for næringsparken.
– Første byggetrinn vil truleg vere utbygd om ikkje så lenge, og det er alt fleire næringsaktørar som har vist stor interesse for dei resterande felta som no blir tilrettelagt.

 

– Vi har folk, jobbar og eit næringsliv som vil og kan

 

Ei blanding av privat næringsliv, og offentlege utbyggarar driv fram utvikling
Ei gamal myte seier at i Førde er det offentlege jobbar. Fasit frå 2018 seier 9435 arbeidsplassar totalt, derav 5483 i privat sektor. Det gjer Førde til ein av byane i Norge med flest arbeidsplassar i privat sektor i høve folketal. Tal arbeidsplassar har auka med 2000 på 18 år, det er på linje med større byar enn Førde. Men om ein ser på byggeaktiviteten per no, er det ingen tvil om at offentlig aktivitet er ein av drivarane.

– Ca. 70% av aktiviteten innan byggeprosjekt i Noreg per no er offentlege bygg. Slik er det også i Førde. Samtidig har vi ei stor bygg- og anleggsnæring, og «merkeleg» nok veldig mykje private bustadprosjekt i sentrum, som er positivt. Vi har folk, jobbar og eit næringsliv som vil og kan, og det er ein heilt avhengig av, seier Rolf.

– Om du ser litt inn i krystallkula: Kjem den høge aktiviteten til å halde fram?

– Vi har spennande prosjekt, som kjem til å vekke merksemd når det blir kjent. Men dette er for tideleg å gå ut med no, seier Rolf og trekk heller fram eit prosjekt, som han meiner er eit godt døme på kvifor privat lokalt eigarskap er ein viktig faktor i høve utvikling.

– Utbygginga av Sunnfjord Hotell, som skal stå ferdig om eit halvt år, er eit formidabelt prosjekt, midt i pandemitida, som aldri hadde skjedd utan lokale eigarar.

 
 

Har greidd å posisjonere seg som byen mellom Ålesund og Bergen
– Kva gjer deg optimistisk på vegne av Førde?
– Mange ting. Til døme Førde sin posisjon i det nye fylket. Vi har brukt tid og ressursar på å gjere hordalendingar, og spesielt bergensarar, kjent med kva Førde har å spele på. Det synst eg vi har lukkast med. Vi har greidd å etablere Førde som den største byen mellom Ålesund og Bergen, med eit mangfald av arbeidsplassar, verksemder og attraktive tilbod som langt overgår det mange var klar over. Slik sett har Førde fått eit løft når vi vart del av eit større fylke. Den gode miksen vår av privat næringsliv og offentlige bedrifter gjer meg òg optimistisk, held ordføraren fram.
– Begge område er prega av veksande aktivitet, og at dei heng med i utviklinga. Statlege verksemder som Norec, NVE, Lotteri- og stiftingstilsynet og Helse Førde invester for å halde seg oppdatert og i front, og den private sektoren er flinke til det same. Førde har spennande teknologibedrifter. Det er umogleg å ikkje nemne Tibber, som verkeleg er i vinden no.

– Ein kjekk ting med Tibber er at dei ikkje berre handlar om software. Dei sel enorme mengder med fysiske produkt. Det går dagleg eit eige vogntog innom Peak Sunnfjord, for å hente pakkar. Dei måtte legge ruta innom der, seier Rolf.

 
Olve på synfaring på Sunnfjord Næringspark. Fleire næringsaktørar som har vist stor interesse for dei resterande felta som no blir tilrettelagt. Foto: Sunnfjord Utvikling

Olve på synfaring på Sunnfjord Næringspark. Fleire næringsaktørar som har vist stor interesse for dei resterande felta som no blir tilrettelagt. Foto: Sunnfjord Utvikling

 

- Vi må vere ein næringsvennlig kommune, som er flink til å legge til rette for næringslivet

 

– Vi treng eit heilt nøkkelknippe
– Kva er nøkkelen til at den utviklinga vi er inne i held fram?

– Når du har senterfunksjonar, veks du i kraft av dei. Det har ein effekt. Kor stor den er for Førde sin del er vanskeleg å seie, seier Rolf.  

– Du spør etter nøkken til utvikling, eg trur vi må ha eit nøkkelknippe! Vi må vere ein næringsvennlig kommune, som er flink til å legge til rette for næringslivet, i form av næringsareal og eit «regime» som bidreg til etablering utan for strenge restriksjon. Og vi må skape jobbar innan næringane i det grøne skiftet, seier Olve.
– Vi må også styrke infrastrukturen vår: Flyplassen, E39, internvegar, ras-sikring på RV5 og anna infrastruktur. Og jobbe enno betre med å gjere Førde attraktivt. Vi har fødselsoverskott, men er for dårlig på netto innflytting, der Sogndal har lukkast. Den knuten må vi løyse. Det gjer vi ved å styrke oss som eit enno meir attraktivt område å bu og vere i. Eit døme tilbod som kan bidra til dette er den kommande Sunnfjordparken på Øyrane. Blir vi attraktive nok, blir næringslokala og bustadprosjekta våre fylt med folk, seier Olve, som ein gang vart sitert på at det flottaste han såg som ordførar, var gravide damer og heisekranar. No for tida er er kanskje kranane i leiing?

– Det er ei utfordring å auke folketalet like mykje som i dei beste åra, og Sunnfjord kommune opplever òg nedgang i fødselstal slik resten av landet gjer. Det kokar nok ned til dette med attraktivitet som bu-, arbeids- og opplevingsområde. Der har vi ein jobb å gjere.

Sunnfjord Næringspark: Bring sitt bygg under oppføring. I tillegg skal Agila bygge, og det er seld endå ei tomt på 18 dekar til eit nytt prosjekt. Foto: Sunnfjord Utvikling

Sunnfjord Næringspark: Bring sitt bygg under oppføring. I tillegg skal Agila bygge, og det er seld endå ei tomt på 18 dekar til eit nytt prosjekt. Foto: Sunnfjord Utvikling

Ein by som er i ferd med å finne sjølvtilliten for alvor
Evig eigast berre eit dårlig rykte. Førde sleit lenge med dette, men det har endra seg.
– 
Det er umogleg å ikkje legge merke til den stigande, positive entusiasmen og patriotismen i Førde. Den er påfallande, og fortel meg at Førde er i ferd med å få sin eigen identitet, og byidentitet, seier Olve.
– Eg har merka ei veldig flott haldningsendring blant anna hos entreprenørane våre. Dei har lent seg framover, dei er veldig på og det er sterkt trøkk i dei, seier Rolf.
– Det skjer mykje i Førde sentrum, og det er lett å bli nærsynt. No handlar det om å få den nye storkommunen til å virke i lag, og skape aktivitet og utvikling i heile den nye storkommunen. Det er viktig for meg å få fram, seier ordføraren.
– Det skjer spennande ting rundt om: Idrettshallar på Skei, Vassenden, Bygstad og i Førde, utviklinga av Naustdal, Skei og Vassenden som bustadområde og ikkje minst næringsareal på Sande, som Nistad har jobba fram, seier Rolf.

Sjølv om dei to største kranane i Førde takka for seg i 2019, kjem det med andre ord ikkje til å stilne i kranane med det første.

Her reiser kranane seg

Vi har laga ei oversikt over kva som rører seg på byggefronten i Førde per no. Då har vi ikkje teke med ein del prosjekt som går på opprusting, til dømes ombygginga av Førdegården til Peak Sunnfjord, utviklinga i Hafstadgården, og planane om ombygging av Dragebygget.

Galleri: Næringsareal og offentlege bygg

Galleri: Bustadprosjekt og næring

 

ANNONSØRINNHALD FOR SUNNFJORD UTVIKLING

 
 
 
Kundane gjev banken toppscore for rådgjevinga. Stian er ein av dei.

Kundane gjev banken toppscore for rådgjevinga. Stian er ein av dei.

Nok er nok

Nok er nok