Nok er nok
Bak den kryptiske tittelen ligg nyhende om at Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane byttar namn til Nok. Sogn og Fjordane.
Incest, voldtekt og seksuelle overgrep er tema det er knytt mørketal til, og som opplevast vonde å snakke om. Nettopp difor må vi det. Med namnebytet og felles profil ønskjer dei 19 SMISO-sentera i Norge å danne ein felles front, for å styrke innsatsen mot seksuelle overgrep. Namnebytet og felles profil skal bidra til å nå betre fram til brukarane.
No er det nok
Dagleg leiar for Nok. Sogn og Fjordane, Chatrine Elholm, er glad for det nye namnet.
– Nok. representerer eit tydeleg stopp-punkt og speglar visjonen til alle Nok-sentra; “Ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep”. Nok.-namnet markerer endring, håp og framtid i tråd med slagordet “Saman finn vi vegen vidare”. Gjennom felles identitet og betre kommunikasjon med brukarar skal vi hjelpe fleire. Med nytt namn og ny visuell identitet, ønsker vi å gjere denne jobben endå betre, fortel ho.
– Korleis har den nye profilen blitt motteke?
– Godt så langt. Det er uvant for dei «gamle» brukarane av senteret. Elles føler vi at alle forstår namnebytet når vi forklarar kvifor dette er gjort, og kvifor namnet vart Nok.
Større omfang enn vi likar å tru
Vald og overgrep er diverre eit særs aktuelt tema i vår tid.
– Omfanget av vald og overgrep er diverre mykje større enn vi likar å tru. Likevel skjer det. 1 av 3 kvinner og 1 av 10 menn opplever seksuelle overgrep. Utfordringa er å nå ut til dei som treng det. Det er viktig at vi har eit lågterskel og gratis hjelpetilbod til dei som er utsett for seksuelle overgrep og deira pårørande - der dei er. Det gjer det enklare å ta direkte kontakt og få hjelp. Samstundes jobbar vi med førebyggande arbeid i våre tilhøyrande kommunar. Saman jobbar vi for ei betre framtid for den som har blitt utsett, og for å hindre at nye overgrep skjer, seier ho.
- Det er viktig for oss å trygge dei, at dei ikkje er åleine
Ein stad å sleppe laus det ein ikkje har snakka om før
Nok. Sogn og Fjordane skal vere ein trygg stad for dei som har opplevd overgrep.
– Vi veit at det er å ta kontakt med nokon kan opplevast som vanskeleg. Mange har grua seg lenge før dei vågar å ta steget. Difor er det viktig for oss at vi får til å avtale eit første møte kjapt, og informerer om kven vi er, og korleis vi jobbar. Det er opp til kvar enkelt kor mykje ein ynskjer å fortelje om kva som har skjedd, nokon ynskjer å dele mykje med ein gong, andre treng meir tid. Alt er heilt greitt. Vi veit at mange har gått med hemmelegheita aleine i mange år. Det er viktig for oss å trygge dei, at dei ikkje er åleine. Saman finn vi vegen vidare, forklarar Elholm.
Informasjonsarbeid
Ordet “Nok” representerer kva Nok.-sentra jobbar med:
– Å gi dei som er utsatt for seksuelle overgrep - og deira pårørande - eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod. I tillegg til einesamtalar med dei som har vore utsett for overgrep, driv vi også med eit utstrekt førebyggande arbeid retta mot barn og unge. Nok. Sogn og Fjordane tilbyr også undervisning og rådgivning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar. Vi er innom alle grunnskular kvart i år, i alle kommunane i regionen Sogn og Fjordane. I tillegg blir vi kontakt av ulike instansar, som søkjer råd og rettleiing i enkeltsaker, fortel ho.
Om du har opplevd noko vondt og treng nokon å snakke med, kontakt NOK. Sogn og Fjordane her.