Kategorier


Arkiv

Kundane gjev banken toppscore for rådgjevinga. Stian er ein av dei.

Kundane gjev banken toppscore for rådgjevinga. Stian er ein av dei.

ANNONSØRINNHALD FOR SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE


Stian Neset bur i Dale i Sunnfjord med kone og fire barn. Kvardagen er mildt sagt travel og innhaldsrik, og då hjelp det å ha ein bankrådgjevar som held strukturen og kjem med gode løysingar.


– Vi har ofte eit eller anna prosjekt på gang. No held vi blant anna på med eit hytteprosjekt. Der er kunderådgjevaren vår, Ingebjørg Åsnes i Sparebanken Sogn og Fjordane heilt fantastisk å ha. Ho kjem med gode løysingar, lyttar og hjelper oss med å få til det vi ønskjer, forklarer Neset.

Ordnar mykje sjølv
Stian er frå Sogndal der han også studerte til å bli lærar. Han møtte kona Eli-Terese Sande i studietida, og saman har dei fire barn i alderen 9-17 år. Dei har budd både i Stavanger og Bergen, men då dei fekk barn ville dei heimover og flytta til Dale i Sunnfjord der kona er i frå.

- Veldig fornøgde med oppfølginga


For Neset er det viktig med ein rådgjevar som er lokalkjent og som er lett tilgjengeleg. Det er noko som kjenneteiknar banken, meiner han. Dei har vore kunde i banken så lenge han kan hugse.

– Det er lenge. Heilt sikkert sidan vi kjøpte vår første bustad i Stavanger og trengte lån. Vi var veldig fornøgde med den oppfølginga vi fekk i etableringsfasen. No er vi inne i ein litt anna fase, og oppfølginga er framleis god, og Ingebjørg er veldig ryddig. Samtidig er ho flink til å minne oss på konsekvensar ved dei spørsmåla og ønska vi har, forklarer Neset.

Familien likar å ordne mykje sjølv når det gjeld bank.

–  Vi har ein fin dynamikk med tanke på økonomien, og begge deltek i dei fleste avgjerder som handlar om investeringar. Vi løyser det meste sjølv i nettbanken, så vi er sjeldan inne i banken. No har vi våre kort, ungane har sine kort, og vi får alltid hjelp med dei spørsmåla vi måtte ha. Det er veldig lett å slå på tråden å få kontakt, seier Stian.


- Eg føler meg trygg i banken


Norges beste bank på tillit
I haust presenterte EPSI Rating Norge si årlege kundeundersøking i bankbransjen. Der kom Sparebanken Sogn og Fjordane på førsteplass blant anna når det gjeld tillit og omdømme. I tillegg ga kundane banken toppscore når dei vurderer kor fornøgd dei er med rådgjevinga.

Neset meiner tryggleiken og den gode oppfølginga er avgjerande for å bli verande som kunde.

–  Eg føler meg trygg i banken og får den hjelpa eg treng, det betyr mykje. Er det snakk om store renteforskjellar, så er det sjølvsagt dumt å ikkje ta eit betre tilbod. Viss det berre er små forskjellar, så betaler eg heller litt ekstra for den servicen, oppfølginga og tryggleiken eg får med Ingebjørg og banken, seier han.

Annonsørlenke

 
 
 
Det kan lønne seg å ta julehandelen i Førde – premiar for ca. 200 000 kroner

Det kan lønne seg å ta julehandelen i Førde – premiar for ca. 200 000 kroner

Ein himmel full av kraner

Ein himmel full av kraner