Fann drøymejobben i Førde
Mange jobbar med noko dei trivast med, og brukar fritida på det dei elskar. Emil Fagerli er så heldig å kunne leve av det han likar best å drive med: Nemleg å vere aktiv i naturen, som lærar på linja Fjellsport Freeride på Sunnfjord Folkehøgskule.
Emil kjem frå Rollag i Numedal, og er fødd og oppvaksen i villmarka. Han blei tidleg bitt av skikjøringsbasillen og har vore aktiv skikjørar det meste av livet, i tillegg til å elske det meste av aktivitetar ute: Stisykling, freeriding, paragliding, speedriding, kiting, klatring og elvekajakk. Då er det ikkje rart han enda med den jobben han har i dag, som lærar på Sunnfjord Folkehøgskule, der han inspirerer elevane til eventyrlyst i vakker vestlands-natur.
Bygdegut
Gleda over å vere aktiv i naturen, er ein konsekvens av oppveksten på bygda.
– Eg kjem frå Nummedal, så eg vaks opp som ein bygdegut. Familien min har alltid vore mykje ut i naturen, så eg er nok litt arveleg belasta. Pappa var lærar på Telemarklinja på Idrettsskolen Numedal folkehøgskole, så eg vaks opp der. Eg var han vesle pjokken som har plaga folkehøgskulelevar heile livet, seier han og ler.
– Eg er veldig glad i å skape mi eiga verd, og naturen er den beste staden for det. Hovudinteressa er skikøyring, og eg er særs glad i den kjensla av flyt det gir. Spesielt når ein kan køyre fritt i terrenget. For meg er naturen ein enorm park å utfalde meg i, og eg likar best aktivitetar utan utan faste rammer. Natur er fridom, og det er lett å late fantasien springe fritt ute i skog, fjell og natur.
– Eg er nok litt arveleg belasta, vi var alltid mykje ute på tur
Kløfta vart for urbant – Sogndal var midt i blinken
Om han nokon gang var i tvil om kva han skulle drive med, vart den fjerna for godt når familien flytta frå Nummedal til meir urbane strok.
– Familien flytta til Kløfta, utanfor Gardermoen. Det vart for urbant. Eg passa ikkje inn, så eg tok eit år på Valdres Folkehøgskole.På den tid vurderte eg ulike yrkesval, blant anna jus, men på folkehøgskulen skjønte eg kva eg ville: Bli lærar og jobbe med ungdom, og mest av alt ønska eg å vere ute i naturen. Difor reiste eg til Sogndal, for å ta ein bachelor i friluftsliv med spesialisering i alpin skiferdsel seier han og fortel kvifor han valte Sogn.
– Sogn og Fjordane var det fylket eg hadde vore minst i. Eg hadde vore i Øvre Årdal, og blitt litt kjent med skikulturen i Sogn. Det var mange andre elevar på folkehøgskulen som skulle til Sogndal. Det var ei bevist val, men eg var ikkje klar over kor bra Sogn og Fjordane var før eg kom. No vil eg ikkje flytte, her finn eg alt eg treng, seier han og smiler.
– Det handlar om både naturen og folka her. Eg har stått mykje på ski saman med sogningar. Det er varme, imøtekommande menneske, som ønskjer deg velkommen og får deg til å føle deg inkludert. Du møter alltid trivelege folk når du er på tur, som tipsar om gode ruter, fiskevatn og meir, som blir glade når dei møter andre i fjellet. Det er ein varme, og eldsjelande, i folket her, på eit vis eg ikkje var vant med før eg kom hit.
– No vil eg ikkje flytte, her finn eg alt eg treng
Frå Sogn til Svalbard
Etter Sogndal gikk vegen til Svalbard, der han tok ei sertifisering som arktisk naturguide, og byrja jobbe som guide på snøscooter, skikjøring, ekspedisjonsleiar på både fjellski og seglskip.
– Det var vel midt i blinken?
– Når du er guide på Svalbard er det mykje føringar. Du føl faste ruter. Du skal sjå dei tinga, vere innom desse punkta og så heim igjen. Det vart litt for styrt for meg. Du manglar den kreative fridommen naturen kan gi deg, når du sjølv er på tur. Det er den fridommen eg er ute etter.
Så til Sunnfjord...
Så dukka det opp ein moglegheit i 2019: Ein opning for å bli folkehøgskulelærar på Sunnfjord Folkehøgskule. Det høvde perfekt, spesielt sidan Emil hadde fått seg dame frå Førde.
– Det var litt tilfeldig at eg fikk det jobbtilbodet. Skulen hadde fått tips om at det var ein kar på Svalbard som kunne tenke seg å jobbe med fjellsport, så dei kontakta meg. Eg var faktisk i Førde den helga, og fikk eit jobbintervju. Eg bestemte meg der og då for at dette ville eg! Folkehøgskule har vore ein stor del av livet mitt sidan eg var liten, og eg har alltid drøymt om å jobbe på ein. Dei har ein spesiell stemning, og fridom til å utfolde seg, prøve nye ting, samt rom for mykje improvisasjon. Dei tinga eg underviser i, er jo dei tinga eg likar best å drive med. Og når eg først fikk sjansen til ein slik jobb, så var det heldigvis i Førde, seier han og smiler.
Med lang fartstid frå Sogn visste han meir om kva han gikk til når han flytta til Førde. Men Sunnfjord visste seg betre enn han trudde på førehand.
– Eg hadde høyrt at i Sunnfjord likar folk seg best med sitt, men det er ikkje mitt inntrykk. Eg møte like imøtekommande folk, og den same varmen som i Sogn. Og mitt inntrykk er at det er mange sunnfjordingar som finn glede i å vere aktive ute i naturen, med stor breidde i aktivitetar. Så her finn ein bra folk, og bra natur, seier han og smiler.
– når eg først fikk sjansen til ein slik jobb, så var det heldigvis i Førde
Så nær drøymejobben som du kjem
For ein kar som trivast best når han får drive med aktivitetar i naturen, må jobben som linjelærar på Fjellsport Freeride vere faretruande nær perfekt.
– Det er vel så nær ein drøymejobb du kan komme på papiret. Mykje av det vi gjer på linja er ting eg elles har mest lyst å drive med. Samtidig så har det fleire sider. Det er eg som har ansvaret for ungdommane. Ofte er mi rolle å legge til rette, vere sjåfør og passe på at ting går trygt føre seg. Men eg får også vere med på mykje kjekt. Som folkehøgskulelærar jobbar ein med ungdom mellom 17-25 år, som har valt eit «friår», utan karakterpress. Vi legg vi til rette for sosial vekst, og kompetanseheving innan linja dei har valt. Målet er å gjere dei i stand til å gjere gode vurderingar når dei sjølv skal ut på tur åleine eller saman med andre seinare. Her får dei prøve seg, dei får trening og kompetanse innan aktivitetane dei har valt. Det er ei stor glede å vere med på reisa deira, der dei prøver ut nye ting, og opplev meistring. Og i blant er eg så sliten på slutten av veka at ikkje orkar ut å gjere det eg har lyst til, seier han og ler.
– Det er ein jobb med stor fridom: Ein har ein del linjetimar ein skal igjennom, men elles kan vi tilpasse oss i stor grad i høve sesong og vær og vind. Er det dårlig ver blir det kanskje elvepadling eller klatring i klatrehallen. Skin sola blir det fjelltur, topptur eller klatring ute. Og så krydrar vi med stisykling, skikøyring i trekk og mykje anna kjekt, seier han.
– Det er vel så nær ein drøymejobb du kan komme på papiret
Kva linje går du på?
Med sine 26 år, er han nesten på alder med enkelte elevar. Det merkar han i starten.
– Når eg byrja fikk eg spørsmål frå andre elevar, om kva linje eg gikk på, seier han og smiler.
– Stort sett er elevane ein 5-6 år yngre enn meg, så det gjer jo at vi har ein del fellestrekk i interesser, musikk, humor, tv-seriar og slik. Og når ein tilbringar mykje tid saman så blir ein knytt saman. Som lærar må ein vere bevist si rolle, og det er mi oppgåve å dra grensa og får elevane til å skjønne forskjellen på lærar og elev. Når det er etablert, går det heilt fint å kombinerer dette med å vere kompis og lærar, seier han.
Det er her eg skal bu
Etter to år som førdianar, har han byrja å etablerer seg her.
– Til no har eg budd mest på folkehøgskulen. Vi har eit veldig komprimert arbeidsår. Du jobbar rundt 52,5 timars veke i ni månadar i året, så du er veldig på jobb, og med elevane. Når du plussar på koronapandemien, så har eg ikkje fått smake så mykje på verken bylivet, eller utelivstilbodet, seier han og ler.
– Eg har ikkje knytt så mange vennskap her enno, det blir mest vennekrinsen til dama mi og kollegaer. Men eg har fått brukt naturen her mykje. Det einaste eg saknar litt i Førde har vore fleire lag og organisasjonar for «middel-aldrande» ungdom, altså vi mellom 20-30, men der kom Klatresenteret inn som eit veldig fint tilbod. Og så bur ein jo midt i alt: Naturen her, med tilgang på elv, fjord, fjell og bre, alt ligg 20-30 minutt unna, og i tillegg er det bra moglegheiter for jakt og fiske, seier han og fortel at det blir nok av fritid også.
– Vi har ferie i takt med elevane, så det blir ein del fri i samband med skuleferiane, samt sommarferie på tre månadar. Det er ein perfekt kombinasjon saman med naturen her om kring, seier han. Men det er ikkje noko problem med å slå i hel fritid her i området. Så eg har bestemt meg, det er her eg skal bu. Eg kjøpe faktisk hus rett før jul, seier han og fortel at han er bestemt på at Førde skal vere heime.
– Eg har ein plan B, i tilfelle det skulle skorte på elevar på linja i framtida. Då blir det studie for å bli ambulansesjåfør.