Nordisk meister i naturfotografering
Livet har mange sider. Ei av dei er det du lever av, men like viktig er det du lever for. I denne spalta snakkar vi med folk om lidenskapen deira. Geir Ole Laberg trivast særs godt ute i naturen, med kameraet med seg.
Interessa for naturen byrja med gleda over å vere på tur.
– Eg vaks opp i Halbrendslia der vi, på mi tid, hadde skogen heilt innpå oss. Vi var ute heile dagane når det ikkje var skuletid, eller på trening då eg vart eldre. Eg har alltid vore interessert i å være ute i naturen og hadde mange netter ute mens eg var barn. Eg hugsar godt min første «skikkelege» tur som 12-åring. Pappa køyrde meg til Røyrvikfjellet og eg gjekk heim igjen derifrå. Brukte tre dagar og var heilt åleine. Heilt fantastisk. Så naturinteressene har vore der heile tida. Då eg gjekk på folkehøgskule møtte eg ein kar som hadde budd på ein gamal husmannsplass i skogen, i eit heilt år. Han tok bilde og leverte stoff til Vi Menn, Villmarksliv og fleire. Vi reiste mykje på tur i lag og det var slik eg byrja å interessere meg for foto. Eg kjøpte eit kamera og telelinse og tok litt bilde, mest av fuglar, men det vart ikkje så mykje ut av det, fortel han.
Men så byrja det å balle på seg, i vaksen alder.
– I 2009 fekk eg lyst å gjere meir ut av fotograferinga mi. Eg investerte gradvis i meir utstyr og reiste til Ungarn for å fotografere fuglar. Etterpå har det balla på seg litt etter litt og det har vore naturleg for meg å halde meg i naturen når eg fotograferer. I 2020 investerte eg også i meir lysutstyr så no jobbar eg også litt meir med folk, helst på «location».
– Naturinteressa har vore der heile tida
Nordisk meister i naturfotografering 2021
Etterkvart som han vart meir og meir fanga av foto-basillen, vart han også særs god. Faktisk så god at han nyleg vann tittelen: Nordic Nature Photografer of the year 2021.
– Då eg leverte inn bildet hadde eg ei god kjensle. Det var eit bilde eg var godt nøgd med, ikkje 100%, det blir ein vel heller aldri, og noko eg ikkje hadde sett nokon andre i verda hadde gjort. Altså den kombinasjonen eg gjorde med kattugle under stjernespor-himmel, i ei eksponering. Eg håpte at bilde skulle bli premiert i ein eller annan valør, men med den konkurransen frå profesjonelle og fantastiske amatørar, så torde eg ikkje å håpe på meir. Eg har vore premiert internasjonalt tre gongar så eg har lært meg litt av kva som skal til. Men så har du dette med juryar då. Dei er aldri objektive. Sjølv om ingen veit kven som har tatt bilda blir avstemminga prega av jurymedlemmene sitt subjektive syn. Så ein veit aldri, seier han.
– Den telefonen eg fekk ei kveldsstund i desember, med beskjed om at eg ikkje berre var klassevinnar, men hadde vunne heile greia og kunne kalle meg Nordisk Meister! Den var ubeskriveleg. Når i tillegg premien er ein fotosafari til Maasai Mara i Kenya, ja då vert ein både utruleg glad og veldig takksam. Det er ein draum for alle naturfotografar og ein enorm verdsetjing i ta i mot ein slik tittel.
– Det var eit bilde eg har godt nøgd med
Brukte tre år på å få det riktige biletet
– Kor mykje tid brukar du på fotografering?
– Eg brukar å seie at eg er sosial på jobben, der eg er med folk heile tida, medan når eg kjem heim, er eg usosial. Det vil seie at då er eg med familien min, både to- og firbeinte og utanom det går det i natur og naturfotografering. Eg har jobba dei siste fire åra med eit krevjande prosjekt, både i høve tidsbruk og vanskegrad. Bildet eg vart Nordisk Meister med, er eit av bilda i prosjektet og eg har brukt tre år på å få det til, seier han og fortel at fokuset har endra seg i løpet av åra med fotografering.
– Tidlegare var det gjerne turane som var det viktigaste for meg. Det at eg kunne være ute og nyte naturen saman med kona, barna, hundane eller åleine. Då var kamera med og det vart teke tradisjonelle tur-bilde. Etter kvart har eg jobba meir med ulike prosjekt, nesten alle i Sunnfjord kommune. Dette gjev meg betre tid og betre resultat. Men det aller viktigaste for meg er at eg skal ha det moro når eg fotograferer. Det skal gi meg glede å jobbe med bilda. Slik tenker eg når eg då byrjar å planlegge eit prosjekt. Det skal gi meg gode resultat og glede undervegs, elles blir det ikkje noko av.
– Det aller viktigaste for meg er at eg skal ha det moro når eg fotograferer
Har fleire bilete som venter på å bli teken
– Har du fått teke dei bileta du drøymer om, eller er det noko som manglar i porteføljen?
– Det er alltid noko som manglar, noko ein ynskjer å få til. Eg held fortsatt på med prosjektet mitt og er alt i gang med å prøve å få til nokre nye bilde. Ein av dei viktigaste tinga eg har lært av den anerkjente verdsstjerna Audun Rikardsen, er at dersom det er eit bilde du ser for deg – ja, då får du det til. Det er berre å tenke, prøve, feile, justere og prøve på nytt.
– Det er alltid noko som manglar, noko ein ynskjer å få til
Migrerte til Naustdal
Førdianaren har i vaksen alder migrert ut til Naustdal.
– Eg reiste til Austlandet og studerte i nokre år før eg kom tilbake. No jobbar eg på anestesiavdelinga ved sjukehuset. Eg fann meg til slutt ei smeisande flott dame frå Naustdal og her bur eg no, heilt i skogkanten. Eg har fire barn, to gutar og to jenter, og så har vi hatt hundar i mange år. Både kona og eg har trena hundane i Norske Redningshundar, men no er det berre kona som driv med dette. Mi tid går til å være ute samt å fotografere. Og så må eg sei at eldste dottera mi har katt, seier han med eit smil.
– Kva gjer du når du ikkje er ute og fangar natur med kamera?
– Ein sjeldan gong ute med kompisar og elles går det i familie både heime og på hytta.