Kategorier


Arkiv

– Livet er best ute, med lama og hundar på slep

– Livet er best ute, med lama og hundar på slep

Foto: Mollie, Vivas og Kokos på tur i Hallingskarvet.

Livet har mange sider. På den eine sida har du det du lever av, men like viktig er det du lever for. I denne spalta snakkar vi med folk om lidenskapen deira. For Sandra C. Hatlestad Hove handlar den i stor grad om opplevingar ute i naturen.


Sandra jobbar på Din Sport, der ho er medeigar. I tillegg driv ho Fjeldfolk AS, som skreddarsyr opplevingar for gjestar ute i naturen. Ho er 35 år, og er fødd i Førde, men ho vaks på strekninga Førde-Stjørdal. Ho er nest yngst i ein søskenflokk på seks, gift med Per Tore Hove og mor til Otilie 12 og Mollie 10. Dei bur i Naustdal, i same tun som Naustdals mest kjente søsken: Magnar og Oddny Kleiva. I tillegg har dei «nokre dyr»: Åtte lamaer, sju sibirske husky-ar, to påfuglar, tre kalkuner, ein katt, åtte kaninar, åtte høns og ca. 147 hybelkaninar.

 

Ute – så ofte som råd
Instagram-en hennar fløymer over av ein familie på med lidenskap for uteliv: overnatting under open himmel, turar med ryggsekk, på fjellski trekkande på stor pulk, hundekjøring, bål, kløvturar i fjellet med lama, toppturar og mykje meir.
– Friluftslivet er nok ein del av større del av identiteten min enn eg våger å kjenne på. Det har alltid vore ein del av meg. Eg har ikkje noko anna å måle det opp mot enn at eg har kjent meg litt løyen i periodar av livet med mindre utegang, seier ho og smiler.

– Eg har eit avslappa forhold til friluftsliv, og samanliknar det med mat: Mat må vi ha for leve, men nokre gangar treng ein berre ein liten sjokoladebit. Det høver seg ikkje alltid å fråtse, men mykje vil ofte ha meir! Eg likar å sjå tilbake på mikro-eventyr med godt innhald, og kjenne ein like god mettleik som på dei lengste ferdene, seier ho.

– Friluftslivet er nok ein del av større del av identiteten min enn eg våger å kjenne på.

 

Har gjort heimen til «basecamp»
Heldigvis for begge, er mannen også glad i uteliv.

– Om eg tek eit steg tilbake, ser eg at livet, kvardagen og heimen Per Tore og eg har spikra opp saman, er designa for eit uteliv. Vi ønska at heimen skulle vere ein «basecamp», der vi kan lade opp og «sette nåler i kartet». Og i basecamp skal vi drive med syslar som førebur oss på «toppstøyt», kva enn no vil legge i det, seier ho og forklarar kva ho sjølv legg i det.

– For oss vart det å busette seg passeleg midt i naturen, saman med ein herleg hundeflokk, der både vi og ungane kan gå på ski rundt husveggane, bygge hopp på låvebrua, la dørene stå vidopne, og besøka kan bli over. Her kan vi trene lamaene våre på kløvbæring i terreng, plukke blåbær i hagen, sette poteter, fikse og tenke ut forbetring av utstyr, lage mat på bålet og slike ting, seier ho og held fram.
– Og så kan vi også ta pausar frå det vi ikkje orkar, akkurat passe mykje. Slik at det er godt å legge seg på sofaen og sjå alt for mange episodar av ein serie på TV, svippe ned på Joker-en for å kjøpe Mozarellapizza, tomatbønner og ein liter mjølk. Og ikkje minst nyte rennande vatn i springen, varmekablar på golvet, dobbeldyne og eiga seng, og alt anna som heimen famnar deg med. Heimen er også ein plass ein kan vere sur, lei, trøtt og vere i fred. Nemnte eg sur, spør ho med glimt i auget.

Grønsakshagen på Kleiva. Det svarte huset er Sandra og Per Tore sitt, det grå Magnar og Oddny sitt.

Grønsakshagen på Kleiva. Det svarte huset er Sandra og Per Tore sitt, det grå Magnar og Oddny sitt.

Passivt aktiv
Sjølv om er mykje ute, er ho ikkje den som samlar mest på distanse når ho først er på tur. Ho ler av spørsmålet om kvifor ho likar å vere aktiv ute i naturen.

– Du seier «aktiv ute i naturen». Aktiv er nok ikkje eit nøkkelord dei som kjenner meg vil synst passar å sette framfor lidenskapen. Eg er nok aller oftast ikkje aktiv ute i naturen, seier ho og ler.
– Ofte berre ligg eg og sleng på ei tue, undrande på om det er mogleg å komme seg opp dit, eller eg pirkar like undrande med øksa på brekanten, eller knaskande på salt lakris med eit lurt glis, hengande på ski eter logrande hundehalar, medan eg kikar på fine ting og endringar gjennom sesongane, seier ho.

Eg er nok aller oftast ikkje aktiv ute i naturen

Veslesøstra til Sandra, Kaja Maren Hatlestad, køyrer hund i vifteform på Finse, med hundene til Sandra under Expediton Finse

Veslesøstra til Sandra, Kaja Maren Hatlestad, køyrer hund i vifteform på Finse, med hundene til Sandra under Expediton Finse

Leitar etter det vesle i det store
Når ho er på tur, er det mykje småting som gir glede.

– Lyden av ski som knirkar mot underlaget og speidinga etter teltplass syns eg er fint. Finne staden vi skal kalle ein heim, for ein natt eller fleire. Eg går og gler meg til «god tur pakken» frå jentene mine. Smiler av dei fine orda og figurane Otilie og Mollie har teikna på skia mine, spesielt når det gjer litt vondt i viljen, og eg går og ergar meg over at eg ikkje fann den tynnslitte favoritt-trøya. Kanskje finn eg ein leir med litt kompakt snø, is som smeltar meir effektivt i kjelen enn puddersnø, og kanskje ein pytt vi kan kveldsbade i? Og kanskje eg får ei fin furu i campen? Det er favoritt-treet mitt. Eg observerer og brukar dagen. Kjenner på om eg har energi til å røre på meg i 14 timar til, eller om det held med å gå bort til den tua der borte før eg set opp nylonhuset for natta. Eg mislikar å stresse i landskapet. Og nyt å ta til meg kunnskap på naturen sine premissar, seier ho.

– Når eg har funne dagens mål må eg vere litt våken. Sjå på himmelen og tenke på om eg vil ha vinden inn døra, eller få soloppgangen i trynet i morgon tidleg. Eg bygger alltid campen for storm. Eg er for lat til å orke å stå opp om natta for å sjekke bardunar og le-veggar om eg ikkje må.


– Eg mislikar å stresse i landskapet

 

Fødd slik – eller skapt slikt?
Sandra seier det ikkje ligg eit bevist val bak gleda over friluftslivet.
– Eg trur ikkje eg tok eit val om at eg skulle like å vere ute. Det er nok summen av påverknad frå foreldre og slekt gjennom barneåra og miljøet. I barndommen var vi stadig på flyttefot. Eg har ikkje ein stad eg kan kalle hamna mi: Her vaks eg opp som nest yngst i ein herlig søskenflokk. I dag kan eg telje over 20 adresser, seier ho.

– Min barndoms hamn vart i staden ei lita, primitiv koie i den trønderske villmarka. Ei straumlaus, vedfyrt familiekoie på 15 kvm som både vi, tanter, onkler, bestemødrer og søskenbarn trakk seg tilbake til når vi hadde høve, til alle årstider. Middagen vart varma i grua eller på gassprimus, og vatnet måtte hentast i brønnen nede ved myra. Eit soverom, med doble køyesenger, ekstra madrassar, soveposer, hengekøyer og liggeunderlag, var flittig i bruk. Det var alltid plass til alle som ville vere der. Her lærte vi oss å spikke med kniv, fiske med dupp og floge, klatre i furua, steike aure på bål, finne moltemyra, observere elgen, studere beveren og den flotte demninga hans, vere litt redd for bamsefar og vandre på ski rundt hytteveggene.

Den mykje omtala koia i Trøndelag: Reitstøa.

Den mykje omtala koia i Trøndelag: Reitstøa.

Inspirert av slekta
Sandra var ikkje den einaste i familien som likte å vere ute.

– Storebror Kevin og søskenbarn Joachim Vie byrja å bevege seg med stor oppakning vekk frå koia og vart vekke i fleire dagar, medan gradestokken viste langt ned på minus-sida. Dei kom tilbake med store ord om vindar som rista i teltduken, whiteout, frosne tær, kvite horisontar og moskusflokkar som skremte livsskiten ut av dei, med ein romantisk tone i forteljingane sin, seier ho og held fram.

– Dei fabla om store eventyrarar, og siterte Børge Ousland, Liv Arnesen og Stein P. Aasheim. Det var vel her det skjedde, eg vart hjernevaska av store-gutane til å ville kjenne på tilfredsleiken av å finne seg til rette i elementa utanfor husveggane. Så vart det vel slik at eg måtte prøve litt då, seier ho.

Hennar første ferd ut på eiga hand, starta med hest i Meråker, 9-10 år gamal.

– Vi var ikkje gamle, meg og venninna mi Eli, då vi reiste ut og sniffa på kantane av majestetiske Sylan, med hest, cowboysal, soveutstyr, heimebaktskive med salami frå Sverige og agurk frå drivhuset til mor hennar, Rita, seier ho og bli melankolsk.
– Vakre Sylan, det er mi «Alaska-light». Frå der balla det på seg. Karrieren med hest gikk brått over då eg mista hesten min, og ikkje klarte å byrje på nytt igjen, seier ho.

På haustvandring i Sylan saman med Anette og Kaja Maren.

På haustvandring i Sylan saman med Anette og Kaja Maren.

Skulle trene huskyar, men...
I 2005 flytta ho til Kirkenes for jobbe med husky-hundar.

– Eg fikk mine første polarhundar, og saman med dei fikk eg jobb hos Taiga Kulturopplevelser i Kirkenes. Der skulle eg ha ansvar for trening og stell av 60 Alaska husky-ar. Og for å gjere ei kort historie lang, vart det med ei langhelg. Eg snubla over eit forstyrrande element: Ein mørk, høg, kjekk og krøllete type, seier ho og undrar på om ho huska å nemne at han var kjekk.

Og akkurat det greiene der, det balla på seg.

– Ting vart ikkje heilt slik eg hadde tenk. I staden fikk eg ring på fingeren, to småtroll og ein haug med eigne bikkjer, seier ho nøgd.

Etter nokre år starta dei selskapet Fjeldfolk, i 2011, og byrje å ta oppdrag vinterstid.

– Saman med «hundekøyraramilien» vår frå Austlandet: Eit venepar med barn på same alder. Finse vart basen vår i februar og mars, på ekspedisjonsfestivalar og andre event i mange år.

I 2012 byrja eg å jobbe for Din Sport. Samtidig hadde eg fleire sesongar i Olden og Geiranger som fjell-, bre- og kajakkguide hos Briksdal Adventure. I dag er eg medeigar av Din Sport, og til våren opnar vi butikken i nye lokale, i den gamle Førdekroa. Der siktar vi mot å skreddarsy utstyrspakkar til utandørs-entusiastar i stor og liten skala. Ski, sykkel og friluftsliv blir tyngda, med krydder av unødvendige nødvendigheter i tilbehør og nips til dei fleste personlegdommar, seier ho med glimt i auga.

Vinterferie på koia i Trøndelag. Saman med resten av familien, hundane og søskenbarnet mitt Jeanett Jackson,  Haylee og Isaiah.

Vinterferie på koia i Trøndelag. Saman med resten av familien, hundane og søskenbarnet mitt Jeanett Jackson, Haylee og Isaiah.

– Eg snubla over eit forstyrrande elment: Ein mørk, høg, kjekk og krøllete type


Den beste turen
– Kva er di beste naturoppleving så langt?

– Ein vintertur i Sylan med veslesøster, to gode venninner og seks av hundane våre. Vi labba rundt på ski med pulk i to veker. Første veka i Sylan, og så avslutta vi i Femunden. Dette var i februar, og vi fikk servert ekstrem kulde. Temperaturen var godt under 30 minusgrader. Utstyret vi brukte var simplare enn opp-pakninga eg har med meg på ferd i dag, både på vekt, volum og isolasjon. Det var ei litt barskare glede den gang, seier ho.

– Mamma hadde ordna heimelaga middagar, med elg og mandelpotetstappe og Delfiakake til premiedagar. Ho strikka varme luer og halsar til oss, og dekke til dei to kvalpane vi hadde med, på fire månadar. Vi bytta på å trekke dei i pulkane på flytta våre, slik at dei fikk nok kvile. Det var sjeldan dei ville ligge der, seier ho og smiler.
– Om kveldane i nylonpalasset vårt opna vi mappene våre, som vi hadde pakka før avreise. Der låg det overraskingsord frå gode vener, historier frå området vi var i, og oppgåver vi kunne tenke på under lange dagar på ski. Ei unødig nødvendigheit, som vart høgdepunktet, og tradisjon i ettertid, seier ho og fortel at den turen baud på nye opplevingar. 

– På stigninga over fjellheimen, før vi etter planen skulle suse lett på ski nedover dalen til samfunnet igjen, fikk vi ein grå vegg av fuktig kulde rett i fleisen. Pusten vår klistra seg fast i klede og hår. Overflata på plagga vart glaserte av is på eit augneblikk. Eg hadde aldri opplevd kulde slik, og medan vi brukte tid på å glane på fenomenet jobba kulda seg inn i ryggraden.  Tau, sveitte anorakkar og hundeselar måtte knekkast opp. Småfrynsete og audmjuke av pekefingeren frå naturen bestemte vi oss for å sette opp nylonhuset, mens vi framleis var oppegåande og hadde smil på fjesa. Bikkjene var einige og snurret seg samen som små skillingsbollar mellom soveposane våre gjennom natta, seier ho.

– Sylan var raus med kulda: Ho presenterte villig vakre vinterfenomen med isroser og blått lys, bisol, dyretråkk og frosne nasetippar. Så hyppig og så drygt som eg aldri har fått servert sidan. Sylan vart ei naturoppleving av det slag der du er innom heile registeret i toppetasjen. For min del vart det ei oppleving eg bruker når eg drøymer om og planlegg nye opplevingar.  

Mollie på fjellski på Sognefjellet.

Mollie på fjellski på Sognefjellet.

– Eg har aldri opplevd kulde slik



Du har moglegheit til å gjere noko unikt for deg
– Kva er din livsfilosofi?

– Då vil eg sitere nokre ord frå Liv Arnesen som eg synast er så fine: «Arktis, Antarktis, Himalaya, jungelene, ørkenene og verdenshavene er alle utforsket på kryss og tvers. Riktignok finnes det flekker og topper på jorden der mennesket ikke har satt sin fot, men de tilhører ikke lenger det store ukjente som lokket tidligere tiders eventyrere ut på tur. Fremdeles kan vi ane den jomfuelige følelsen, men ikke æren av å komme til et sted av noen betydning der ingen har vært før. Det er en lang tur som ikke er gjort enda og det er reisen i ditt liv. Den er unik for deg. Den er det bare du som kan oppleve. ingen har reist din reise eller gått din tur. Hverken i deg selv eller i verden.Du har mulighet til å være oppdagelsesreisende og førstebestiger i deg selv.» Så ta regi i eige liv, med å starte med å ta kaffien på trappa, seier ho og smiler.  

Sandra på ein ei veke lang vandring i Sylan, med søster Kaja og venninne Anette Einen Larsen og seks hundar.

Sandra på ein ei veke lang vandring i Sylan, med søster Kaja og venninne Anette Einen Larsen og seks hundar.

Fanta og ferske egg, i godt lag
– Beskriv di drøymehelg?
– Ei drøymehelg kan godt vere heime på garden, med kaffi på trappa med sola i fleisen, og nyte synet og lydar av små og store dyr og folk på garden. Eg plukkar ferske egg til frukost, og mister nesten pusten når påfuglen breier ut den flotte halen sin, seier ho og held fram.

– Dei finaste dagane bankar Magnar på døra på morgonkvisten, og tar ein liten skivebit med pålegg ved bordet vårt, sjølv om han alt har ete frukost med Oddny. Etterpå sit vi på  hoggestabben i reiskapshuset og mimrar om 60-tallet, medan han nøysamt sliper stuttorven. Vi pratar om laust og fast, gler oss over at det spirar rundt oss og trur hausten vil gi god avling. Vi drikk kald Fanta, som Oddny serverer på låvebrua i sola, etter at vi har fått inn graset. Det er favoritten til Magnar, fordi den smakar ekte appelsin. På ettermiddagen tek vi ein elvesafari med ungane, og føljer elva barbeint heilt opp til stølen. Vi klatrar oppstraums og symjar i alle kulpane. Vi pakkar ein liten ryggsekk med noko godt, så vi ikkje må heim før vi må. Når dagen går mot natt er det ekstra fint om vi kan henge opp soveplassane våre i trea bak huset, og slokne til at myggen frustrert surrar utanfor mygghatten.


– Dei finaste dagane bankar Magnar på døra

Skjermdump frå Instagram: Viser ein familie som verken er heilt A4, eller kvir seg på å komme seg ut.

Skjermdump frå Instagram: Viser ein familie som verken er heilt A4, eller kvir seg på å komme seg ut.

Du kan byrje med å ta kaffien på trappa!
– Ditt beste råd til andre som drøymer om å komme seg ut, men slit med tidsklemma?

– Tidsklemma ja, den luringen! Ein må bestemme seg for kor stor skala det aktive friluftslivet ska ha, før ein tillèt seg å godkjenne at det tel som aktivt friluftsliv. Om ein ikkje driv nokon form for friluftsliv, kan det vere lurt å starte med kaffi på trappa. Det er ikkje så aktivt, men kanskje nok til å sette i gang eit ønskje om å flytte seg lenger ut, om du skulle oppdage noko du vil sjå nærmare på utanfor døra di, seier ho.
– Om ein set for hårete mål, er det lett å ende opp med å gjere ingenting. Det høyres tullete ut å gå ut på trappa og drikke kaffi, men eg er heilt seriøs. I mørketida, med ekstra lange, travle dagar på jobb, er det noko eg sjølv må gjennom, fordi eg ikkje har noko val. Vi har gapt over eit stort ansvar med å ta til oss husdyr. Det ansvaret gjeld ikkje berre når det passar oss. No er vi i fire i husstanden som kan bidra når ein av oss treng å ligge flat ut på sofaen, men dei gangane ingen orkar, så må ein «ut på trappa og drikke litt kaffi». Plutselig har vi tent faklar, fyrt i grua og invitert tantebarna på skileik rundt husveggen. Moralen er kanskje å ikkje gjere det til så mykje at du ikkje orkar. Då er det også litt lettare å finne tid til det, og så kan heile familien gjere det saman, seier ho og smiler.  

– Kva gjer du når du skal kople heilt av?

– Som oftast ingenting, men eg er fæl til å sitte å bare å kikke eller rote fram turutstyret for å forbetre, legge til eller klippe vekk noko som irriterte meg på sist tur, avsluttar ho smilande.

Kryssing av elv med hund. Anette Einen Larsen og Kaja Maren Hatlestad (lillesøster)

Kryssing av elv med hund. Anette Einen Larsen og Kaja Maren Hatlestad (lillesøster)

Du kan følgje utelivet deira på Instagram og Facebook 






 
Digital småbrukar – og altmoglegmann

Digital småbrukar – og altmoglegmann

Skulle berre heim ein liten tur...

Skulle berre heim ein liten tur...