Kategorier


Arkiv

Frå tunge løft til lange turar (med våpen)

Frå tunge løft til lange turar (med våpen)

Livet har mange sider. På den eine sida har du det du lever av, men like viktig er det du lever for. I denne spalta snakkar vi med folk om lidenskapen deira.


For Alexander Kirketeig har mykje av livet handla om å løfte mest mogleg. Det gjorde han så bra at han enda på landslaget i styrkeløft. Han har over 24 års erfaring som utøvar og trenar på høgste nivå. Han har både trenar- og massasjeutdanning, jobbar i kosthaldstilskotsselskapet Proteinfabrikken og løftar framleis tung, sjølv om han har blitt 41 år.

Byrja å løfte så fort han vart gamal nok
Alexander er fødd og oppvaksen i Vieåsen i Førde.
– Men eg har, med unntak av 2004-2006, vore utflytt sidan 2000. No bur eg på Kleppestø i Askøy, med sambuar og våre to døtrer. Sambuaren fann eg heime i Førde, ho reiste dit for å ta sjukepleiarutdanning, seier han og smiler.

– Korleis byrja du med styrkeløft?
– Eg har alltid våre interessert i det å være sterk, og heilt frå eg var liten av ønska eg å starte med å løfte vekter. Så fort eg var gamal nok til å trene for meg sjølv, byrja eg å løfte på det  det gamle styrkerommet på Førdehuset, hausten 1994. Der trefte eg Joner Gallefoss, og via han fekk eg kontakt med Rune Austgulen og Mariann Engebø, som på den tida var einaste aktive styrkeløftar i Førde. Eg debuterte i konkurranse i 94, på eit julestevne i Øvre Årdal, fortel han.
– For dei som ikkje kjenner sporten, kva er styrkeløft?  
– Den ultimate styrkeidretten. Det blir konkurrert i tre øvingar, som dei fleste kjenner til: Knebøy, benkpress og markløft. Vinnaren blir kåra basert på totalt løfta kilo i alle tre øvingar samla. I internasjonale konkurransar får ein også medaljar for beste løft i enkeltøvingar.

Foto: Privat

Foto: Privat

I løpet av karrieren vart Alexander Norgesmeister for junior seks gangar og tok i tillegg ei bronse, fordelt på tre vektklassar. Som senior konkurrerte han også i tre ulike vektklassar, og tok med seg fem NM-gull, to sølv og to bronsemedaljar. Han har også enkeltmedaljar frå Europameisterskap i styrkeløft: To bronser i knebøy og sølv i benkpress for seniorar, og eit EM-sølv samanlagt for juniorar.


–  Styrkeløft er den ultimate styrkeidretten

Målbart 
– Kva var det med å løfte tungt som trefte deg slik?

– Ein kombinasjon av ting: Styrkeløft er særs målbart. Stålet veg det same, uansett ver og føreforhold, om du løftar heime i garasjen eller på ein VM-platting. Det gjer at du alltid kan måle deg mot deg sjølv og vite at det du nettopp løfta var betre enn du noen gang har gjort før. Etterkvart kan du også måle deg mot andre, og du veit straks korleis du ligg an samanlikna med Norges-, Europa-, eller verdstoppen. Samtidig er treninga i seg sjølve ein rus, følelsen av bein som knapt vil bære deg dagen etter ei hard treningsøkt, eller følelsen når kvalmen endeleg slepp taket etter eit hardt markløftsett er ein gevinst i seg sjølve.  

Foto: Privat

Foto: Privat

Treninga er i seg sjølv ein rus



Investert mellom 25-30 000 timar
– Kor mykje tid har du investert i dette?
– Det kjem an på kor du regnar det, i og med at eg ved sidan av eigentrening, har brukt tid som tillitsvalt og trenar for andre. Eg vil tippe mellom 25- og 30 000 timer, seier han og fortel at han har halde fram med å løfte tungt etter at den aktive karrieren var over.
– Eg finn like mykje glede i å løfte tungt no, men samtidig har eg også funne andre interesser som eg brukar tida mi på. Eg er ikkje like einsretta som før. Den gang levde eg som ein toppidrettsutøvar, det kan eg ikkje seie det lenger. Til det søv eg for lite, jobbar for mykje og trener for lite, seier han og smiler.


– Eg er ikkje like einsretta som eg var før

Foto: Per Gunnar Roalkvam

Foto: Per Gunnar Roalkvam

Funnet sin neste lidenskap
– Kva gjer du på når du ikkje trener?
– Jobbar og er familiefar. I 2020 har det blitt langt meir friluftsliv enn tidligare, med fokus på skikøyring og fjellturar saman med familien. Eg har endelig også tatt steget ut å blitt skikkelig jeger. Eg har alltid hatt stor interesse for jakt, men aldri har tatt meg tid til grunna all løfting tidlegare. Så i haust har det gått med med nokre hundre timar på jakt. Både aleine og saman med gode venner. Jakta er nok den fritidsinteressa som kan gjere meg like intenst fokusert som styrketreninga gjorde før, seier han og fortel kvifor.
– Det er fleire sider ved jakta som tiltalar meg. Ein ting er at eg er interessert i heile prosessen rundt matlaging, frå sjølve haustinga av naturressursen til maten står ferdig på matbordet. I Norge er vi så heldig at vi kan hauste av naturens overskot på eit slikt vis. Hjort, som eg jaktar på, er kanskje det sunnaste kjøtet ein kan ete, seier han og held fram.
– Og ikkje minst likar eg sjølve jakta, med dei naturopplevingane det gir. Det å sitte på ein post heilt stille i timevis, gjer at ein opplev natur og dyreliv på eit heilt anna måte enn på ein hastig tur opp og ned ein topp. Når ein sit på post, må alle sansar vere skjerpa. Du har kanskje berre nokre få sekund på deg frå du ser dyret første gang, til skotet skal vere ansvarsfullt løyst ut. Det gjer at ein må vere fullt fokusert på lyd, lukt og syn. I seg sjølv blir det ei form for meditasjon.

 
Jakta drømmen sin i Firenze 19 år gamal

Jakta drømmen sin i Firenze 19 år gamal

Hekta på hest

Hekta på hest