Jakta drømmen sin i Firenze 19 år gamal
Foto: Invasion of the plastic Jellyfish, Fotograf Natasha Busel
I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val? Frøydis Aarseth vaks opp i kunstbygda Vevring, og kunsten vart hennar veg.
Frøydis er 34 år gamal, og ho bur på Askøy, med mannen sin og dottera på 4 år. Ho er sjølvstendig næringsdrivande kunstmalar, med atelieret i Sandviken i Bergen, ein liten båttur unna heimen. Men det var ved ein anna fjord kunstdrømmen hennar starta.
– Å bli kunstmålar har alltid vært drømmen min! Eg vaks opp med Vevring-utstillinga. Ei utstilling som inviterer kunstnarar frå ulike delar av verda, seier ho og fortel om ei bygd som verkeleg blir prega av kunsten.
– Alle i bygda bidreg med husly for kunstnarane, kunst, musikk, dans og god mat. Vi som var elevar på skulen var med på å pynte, lage mat og skrive om kunstnarane. Vi teikna bilde av kunsten deira og intervjua dei. Vi hadde alltid kunstnarar buande heime hos oss under utstillingshelga. Ein morgon sto eg opp og såg Ludvik Eikaas male utsikta frå verandaen vår, det var eit vakkert landskapsmaleri. Ein annan kunstnar Eusebio Topooco frå Bolivia, teikna nydelege teikningar av indianarane i heimlandet, og spelte panfløyte for oss når vi skulle sove, seier ho.
– Ein morgon sto eg opp og såg Ludvik Eikaas male utsikta frå verandaen vår
Sikta seg tidlig inn på karrieren
Første steg på karriere-stigen kom i Førde.
– Som 10 åring begynte eg på kulturskulen i Førde der fekk vi male etter ekte modellar som var kledd i klovnekostyme med akryl maling, seier ho og fortel om ei openbaring.
– Til 16 års dagen fekk eg eit helgekurs i oljemaling av mine foreldre. Å male med oljemaling var fantastisk, lukta, teknikkane, moglegheitene, alt med det gjorde meg hekta. Eg ville lære meir! Vegen vidare vart Teikning, form og farge på Jølster. Der møtte eg likesinna som eg fekk konkurrere med. Skulen og lærarane var med på å forme draumen om å lære meir, seier ho.
Reiste til Firenze
Etter tre år som gav meirsmak, reiste ho ut i verda for å utdanne seg i 2006, 19 år gamal.
– Etter vidaregåande søkte eg meg inn på kunstakademiet i Firenze. Akademiet hadde høge opptakskrav og skilte seg ut som det beste innan klassisk figurativ kunst. Eg ville helst være heime, men dette tilbodet fantes ikkje i Norge, men eg er glad for at eg reiste ut. Skulen i Firenze var internasjonal med elevar frå store delar av verda, det var ei oppleving i seg sjølv å bli kjend med så mange kulturar. Der tok eg ei tre år lang utdanning innan klassisk figurativ kunst, fortel ho.
– Eg ville helst være heime
Studerte hos Odd Nerdrum
I jakta på enno meir kunnskap innan klassisk figurativ kunst, søkte ho seg til legendariske Odd Nerdrum for å lære meir.
– Etter eit opphald på garden hans i Stavern reiste eg saman med han og dei andre elevane til villaen hans i Paris. Det var stort, med god plass til å male både inne og ute. Odd Nerdrum lærte meg mykje om det å male lys, blande maling, grunne lerret osv. Han var ein god lærar som brydde seg om oss, seier ho.
Starta si reise som kunstnar i Bergen
– Etter tida hos Nerdrum valte eg å flytte til Bergen, der eg fikk atelier og starta mi reise som kunstnar. Eg har alltid jobba hardt og målretta, om ein skal leve som kunstnar må ein det. Spesielt innan ein kunstsjanger som er kjend for å ikkje få støtte frå staten i form av kunst stipend eller garantiinntekt, seier ho og fortel at ho i starten måtte jobbe utanom, fram til ho i 2011 grunnla Aarseth Malerskole.
– Lenge hadde eg jobb på ein sjukeheim i Bergen, men eg slutta når eg starta med kursdrift i 2011. Det var først då eg kunne satse 100 % på kunsten og leve av det, med kursinntekter, sal av maleri på utstillingar og bestillingar.
– Kva er det beste med jobben din?
– Å få jobbe kvar dag med det eg elskar. Det er mange dødlinjer og jobbing frå tidleg morgon til seint på natt, men når ein elskar jobben så høgt, trur eg ikkje at ein kan bli utbrent.
– Kva gjer du på når du ikkje driv med kunst?
– Trener styrke for å halde kroppen frisk, sidan det fort blir mykje stillesitting i mitt yrke. Gå turar i vår vakre natur, der finn eg mykje ro og inspirasjon. Elles må eg innrømme at eg er svært heimekjær, eg elskar god mat, sofa, og spennande seriar på Netflix, seier ho med glimt i auget.
– Når ein elskar jobben så høgt, trur eg ikkje ein kan bli utbrent
Gjennombrot – basert på engasjement for miljøet
Maleriet «Plastic Breakthrough» eksponerte Frøydis for eit nytt og større publikum i 2019.
– Maleriet er inspirert av den avmagra og sjuke kvalen som vart funnen utanfor Sotra i 2017. Då den blei avliva, viste det seg at magen var full av plastposar, seier og beskriv maleriet.
– Det gir ein kjensle av noko mørkt og kaldt som ein vil bryte seg ut av. Meininga bak er å vise at vi må rive oss laus frå all plastikken vi har i dag. Eg er oppteken av klima og miljø. No som eg har blitt eldre, vil eg måle motiv som betyr noko for verda. Heldigvis ser det ut som at det er nettopp dette som har gitt karrieren eit løft, seier ho og fortel om responsen på maleriet.
– «Plastic Breakthrough» vann ein hovudpris i verdas største konkurranse for klassisk kunst. Det innebar at ein designar frå Fashion Week San Diego laga eit antrekk basert på maleriet, og at det vart stilt ut på Museum of Modern Art, eit storslagent museum i hjartet av Barcelona i Spania og på Sotheby's i New York, USA, fortel ho.
– No som eg har blitt eldre, vil eg måle motiv som betyr noko for verda.
Eit maleri som nådde ut
«Plastic Breakthrough» gjorde suksess, og fikk reise ut i verda.
– I desember 2019 opna utstillinga på MEAM. Der var eg og fekk møtt mange kunstnarar som eg har sett opp til i årevis. Det var ei stor oppleving å få være en del av det med eigen kunst, seier ho og fortel at grunna koronapandemien, vart det endringar i planane.
– I juli 2020 skulle maleriet stillast ut på Sotheby’s i New York, men grunna pandemien vart utstillinga holde på Sotheby si nettside i staden. Slik nådde maleriet ut til eit endå større publikum. Utstillinga er no permanent på deira nettside. Sidan maleriet skulle pryde banneret/plakaten for utstillinga brukte dei maleriet som bakgrunn for utstillinga på nettsida. Det var sjølvsagt trist å ikkje få være der i egen person og møte alle dei viktige kunstsamlarane, men det har opna andre dører, seier Frøydis.
Ein av 70 kvinnelege kunstnarar
Ein av desse dørene leia inn til ei ny utstilling 8. mars i år, på MEAM, saman med 69 prominente kvinnelege kunstnarar frå heile verda.
– Kunstnarane er handplukka av museet. Når eg såg namna på nokre av dei eg stiller ut saman med må eg innrømma at eg vart noko stressa og nervøs. Nivået er så høgt at eg ser på det som ei stor ære å få delta. Mitt nyaste maleri er malt spesifikt for denne utstillinga, seier ho og fortel at ho også har andre planar.
– Eg har fått svært mange private bestillingar på portrett og landskapsmaleri. Eg har også kontakt med fleire galleri, der vi diskuterer nye utstillingar og tema. Meir info om dette går eg ut med når planane er klare, seier ho.
– Nivået er så høgt at eg ser på det som ei stor ære å få delta.
Eit annleis år – løyst med kreativitet
– Korleis er det å leve som kunstnar i korona-epidemien?
– I mars måtte eg avlyse alt av kurs, det gjekk hardt ut over økonomien. Men som ei kreativ sjel fann eg andre løysingar. Sidan eg var heime med veslejenta vår, grunna stengd barnehage og ein mann på jobb, vart det mykje kveldsjobbing etter leggetid. Eg brukte nattetimane på å lage nettkurs og ny nettside, som også kunne fungere som ein kursportal, samt lære meg å filme, filmredigering og kjøpe utstyr. Det vart langt meir arbeid enn eg kunne førestilt meg, men eg klarte det til slutt. Mitt første nettkurs er for nybyrjarar, tilgangen til alle videoane varer i eit halvt år samt personleg oppfølging, sjølvsagt via video, seier ho og smiler.
– Kva skjer for din del vidare framover no?
– Først er det utstillinga 8. mars på MEAM, samt utstillingar under planlegging med galleri utanfor landet sine grenser. Og så er det mange portrett som skal malast, både av born og vaksne. Og det syns eg er utruleg kjekt, avsluttar ho.
Du kan følje Frøydis her:
artbyfaa.com | Instagram | Facebook