Kategorier


Arkiv

Hekta på pudder

Hekta på pudder

Livet har mange sider. På den eine sida har du det du lever av, men like viktig er det du lever for. I denne spalta snakkar vi med folk om lidenskapen deira. Først ut er Hans Frederik Bjarkøy – som trivast best omgitt av snø og fjelltoppar.


Ut frå fødestad og oppvekst, var det kanskje ikkje så naturlig at Hans Frederik skulle bli hekta på ski. Han er nemleg fødd i Bergen, før familien flytta til Flekke når han var sju.

– I 2007 flytta familien til Førde, og sidan har det vore heime, sjølv om eg har budd mykje vekke, seier han og smiler.

Frå serviceingeniør til potet
Som mange andre ungdommar herifrå har han søkt ut i verda. Tidligare jobba han som IKT-servicemedarbeidar på Kontorsenteret i Førde, der han tok fagbrev, så flytta han til Stavanger.
– Dei siste 10 åra har eg jobba som serviceingeniør i et oljeservice-firma i Stavanger. Om et par månadar byrjar eg på fulltid som potet for ein nettbutikk som heter Derute.no. Det gir meg muligheita til å kombinere jobben med lidenskapen min, som er å stå mest mulig på ski. Det er fantastisk moro, seier han.  

– I Derute.no skal eg ha hovudansvar for kundeservice. Eg driv kjøpshjelp og oppfølging av våre privatkundar via epost, telefon og sosiale medium, sal til bedriftskundar og generell drift av nettbutikken. Vi har også ein blogg kor vi liker å skrive om utstyret vi seljer, samt å lage innhald som gjer det enklare for våre kundar å finne fram i jungelen av utstyr. Det er ein spennande og varierande jobb som gir meg ein veldig fleksibel kvardag!

–  Det gir meg muligheita til å kombinere jobben med lidenskapen min

Foto: Privat

Foto: Privat

Hekta frå første tur
Det høyres rart ut, men det var då han flytta til Stavanger han vart hekta på ski for alvor.

– Då eg flytta til Stavanger, og byrja i jobben eg har no, brukte arbeidsgivar delar av overskotet sitt til å ta med dei tilsette på ein årleg skitur til Alpane. Eg vart mållaus av dei store fjella, dimensjonane og alle moglegheitene, seier han.

–Sidan har eg vore hekta – og det kjem eg nok til å vere resten av livet. Det har gått frå å vere ein hobby til å bli ein veldig stor del av livet mitt, og det har nok forma meg mykje som person, seier han og fortel om sin hittil beste sesong.

– 2019/2020 var min beste sesong som skikøyrar – då hadde eg 80 dagar på ski. 30 av disse var i januar-februar, då eg tok ut ferien min og budde i ei campingvogn i eit skisenter i Austerrike, seier han og fortel at han har flytta lenger nordover igjen.
– For tida bur eg i Bergen, og delvis i ein campingbil som eg har bygd i ein VW Transporter. For meg er det den ultimate fridommen, seier han.

Foto: Privat

Foto: Privat

– Eg vart mållaus av dei store fjella, dimensjonane og alle moglegheitene



Det finnast faktisk ikkje dårlig ver
– Kva er det du likar så godt med skikøyring?

– Utfordringa og eventyret. Eg elskar vær, og kanskje aller helst drittvær. Eg synes det er spennande korleis ein kan vere varm, komfortabel og kose seg ute når det bles 15 sekundmeter og snøen fyker i alle retningar, seier han.

– Også likar eg folka ein treff når ein er ute på tur. Eg har møtt mange av dei mest inspirerande folka eg veit om medan eg har vore ute i verda og jakta nysnø. Det har gitt meg mange venner for livet. Det er veldig spennande korleis enkle ting – som å elske ski – kan knytte saman folk frå ulike delar av verda. Og så må eg ikkje legge skjul på at det å flyte på nysnø i høg fart følast sinnsjukt bra ut.

 

Dei gode opplevingane er nærmare enn du trur
Om du er ven med Hans Frederik på sosiale medium, dukkar det opp bilete frå eksotiske omgivnadar. Sjølv om han er glad i Alpane, vil han ikkje velje ein drøymestad å stå på ski.
– Det er eit umulig val, seier han og smiler.
– Dei siste åra har eg innsett at mykje av den beste skikøyringa finnast nærmare enn ein skulle tru. Alpene i Austerrike står veldig nærme hjartet mitt, men det er lite som slår å komme heim til sol og nysnø her i området. Vi har tross alt noko av verdens beste terreng for ski rett utanfor vindauget. Om eg blir pressa på det så er nok mine tre favorittstadar Jotunheimen, Alpane i Austerrike og Jølster, slår han fast.

– Vi har tross alt noko av verdas beste terreng for ski rett utanfor vindauget

 
web5.jpg
Begge foto: Privat

Begge foto: Privat

 

Vi har alle godt av litt frisk luft
Livsfilosofien hans kokar ned til å komme seg ut, året rundt, og vere i kontakt med naturen.

– På en litt rar måte var 2020 et veldig fint år for meg. Eg fikk muligheita til å ta et steg tilbake og fokusere på dei tinga som var viktig for meg. Den kjensla trur eg mange har fått kjenne litt på i løpet av dette veldig rare året, seier han og summerer opp sin livsfilosofi

– Eg har ein tanke om at naturen forlenger livet. Vi har alle godt av litt frisk luft, og ei øl i solnedgangen, seier han og fortel at han slett ikkje kastar vekk sommaren heller.
– Då driv eg med fjellklatring, og eg har dei siste åra også blitt veldig glad i å telte. Tur med overnatting er ein veldig fin måte å komme seg vekk frå byen og komme seg nærme naturen. Det er enkelt å komme i gang og det krev veldig lite erfaring. For meg er det ein fin variasjon frå vinteren, som ofte involverer veldig mykje lange turar, høy fart og adrenalin. Teltturane blir ei slags kontravekt, som lærer meg å slappe av og nyte augneblikket.



– Vi har alle godt av litt frisk luft, og ei øl i solnedgangen

Foto: Hallvard Kolltveit

Foto: Hallvard Kolltveit

Lever i nået
– Kva er drøymeturen din?

– Det høyres kanskje rart ut, men eg har aldri hatt store planer eller drømmar når det gjelder skikøyring. Eg pleier å ta ting dag for dag, veke for veke og sesong for sesong. Det er umogleg å spå kvar snøforhalda blir bra, så eg har aldri likt å legge store planer før sesongen byrjar. Ein må sjå korleis sesongen utviklar seg. Eg prøver å byrje med blanke ark når eg venter på sesongen, og ser kvar den tek meg.. I fjor var eg fem veker i Austerrike, no nærmar eg meg tre veker heime i Førde. Eg tilpassar meg og gjer det beste utav den tida eg har, seier han.

Følg Hans Frederik på Instagram

 
Jobben min: Stine Marie Stølsvik

Jobben min: Stine Marie Stølsvik

Om du saknar noko – start det sjølv då vel

Om du saknar noko – start det sjølv då vel