Yogaliv
Livet har mange sider. På den eine sida har du det du lever av, men like viktig er det du lever for. I denne spalta snakkar vi med folk om lidenskapen deira. For Anette Eide Røsandhaug er yoga noko meir enn noko ho driv med berre nokre timar i veka!
– Min store lidenskap, rett etter familien, er yogaen. Eg har gjennom åra teke tre yogalærer-utdanningar og deltek på det eg kjem over av workshops. Eg har undervist eit par tusen av klassar (Puh!) og fått nyte snart like mange. Eg har jobba mange år på Spenst, og etter det dreiv eg Yoga Førde, som tilbyr kurs, workshops og yogareiser, fortel ho.
– Min hunger for kunnskap har berre auka i takt med det eg lærer. Eg har alltid vore ein anatomi-nerd. Det anatomiske og tekniske aspektet i yoga, kombinert med anatomi- og fysiologikunnskapen eg har fått gjennom sjukepleieutdanninga, gjer der desto meir givande å studere og undervise yoga. Yoga er eit stort fag, og kunnskap om kroppen er viktig skal ein kunne ivareta alle kundar på ein trygg måte, seier ho.
Brenn for jobben også
– Kva driv du med når du ikkje driv med yoga?
– Min andre store lidenskap er jobben min som sjukepleiar på Psykiatrisk Akutt-avdeling. Med verdas beste kollegaer! Det er ein utfordrande, emosjonelt krevjande, men svært givande jobb der eg sjølv, menneska og situasjonane eg møter, dreg nytte av mykje av det eg lærer på matta: Aksept, tolmodighet og måten ein møter motstand med, nemleg å vite at det alltid er noko å lære, eller noko positivt å finne, seier ho og fortel at også det å vere ute er noko ho brenn for.
– I sommarhalvåret finn du meg som regel på ein skogsvei, på ein fjelltopp eller ved sjøen, gjerne i ein eller anna yogapositur. Elles er eg skikkeleg god til å gjere absolutt ingenting, gjerne med eit glas Prosecco til.
– Min andre store lidenskap er jobben som sjukepleiar
Gav svar på spørsmål som alltid har vore der
For Anette vart Yoga svaret på eit spørsmål ho har gått med heile livet.
– Eg har gjennom heile mitt vaksne liv hatt ein dragning mot den mentale praksisen du finn i yoga og meditasjon. Fleire år gjekk eg på forskjellige mindfulness og meditasjonskurs i Bergen. Men grunna eit svært sosialt studentliv enda det ofte med at eg sovna underveis. Men deilig var det! Eg droppa jamleg innom yogaklasser, men lidenskapen trefte først for alvor for 12 år sidan, når eg deltok på ein klasse undervist av venninna mi Eli-Gro. Klassen utfordra både smerteterskel og tolmodighet. Eg var stiv som ein stokk! Eg styra og streva noko voldsamt for å mestre det som vart undervist, iallfall få det til å likne berre bitte litt, medan det inni meg hagla ukvemsord, seier ho.
– Eg var stiv som ein stokk
Yoga er personlig
– Kva er yoga?
– Ein eldgamal disiplin som inkluderer fysiske og mentale øvingar kalla «asana», for å framme helse, det å vere til stades og ro. Øvingane gir styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksamheit og avspenning er vevd inn i lag med fysiske øvingane. Yoga er ein skånsam praksis, med stor terapeutisk effekt på musklar, skjelett og ledd, indre organ, fordøyelse og nervesystem. Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av - er opp til kvar enkelt. Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn, ulike fordelar og utfordringar, vil alle kunne ha glede og effekt av yoga, seier ho.
– Kva bruker du Yoga til?
– Eg bruker yoga for å styrke heile meg, frå ytst til innerst. Både fysisk og mentalt. Det er kjekt å ha ein mobil og sterk kropp, som kan gjere ting eg aldri hadde trudd eg ville klare. Men, det som gir meg mest er at det gir også eit sterkt og smidig sinn. Korleis synest på en sjølv og livet endrast. Ein finn ein ro og balanse mentalt eg ikkje opplev å få stimulert på same vis i andre aktivitetar. Ei evne til å møte livet på godt og vondt med eit positivt sinn der kjensla av egen verdi er sterk. Til å møte motstand med nysgjerrighet, det å vere til stades og ro, seier ho.
– det gir også eit sterkt og smidig sinn
Dårlig sjølvkjensle
– Kva er det med yoga som hekta deg?
– Trass frustrasjon eg opplevde på matta den gangen, var det noko som trigga meg. Eg var i ein periode i livet der eg ikkje var glad i meg sjølv, så dei små dryppa av å vere til stades og tilfredshet eg opplevde ville eg ha meir av. Måten læraren minna oss på å være tolmodig, at det vi gjorde var godt nok, det kjentes godt ut. Eg ville ha meir av følelsen det gav meg. Følelsen eg tok med meg av matta, og måten det endra min indre dialog til å bli meir positiv og konstruktiv. Sidan har yoga har blitt ein livsstil som fargar mine tankar, haldningar og handlingar. Både som yogalærer, menneske, mamma, kone, venn og ikkje minst som sjukepleiar, seier ho.
Ver deg sjølv
– Kva er din livfilosofi?
– Ver deg! Utan unnskyldningar eller forklaringar. Ikkje leit etter bekrefting utanfor deg sjølv. Kva andre seier og gjer er ein refleksjon av deira indre og har lite med deg å gjer. Handle ut frå kjærleik, og minn deg sjølv ofte på at du er både viktig, verdifull og god nok akkurat slik du er! Du treng ikkje tru på det i byrjinga, men jo oftare du gjentek det så vil det sakte og sikkert skape ei positiv endring i tankemønsteret ditt. Det er ein lang livsfilosofi, men livet har mange fasetter og vi treng gode anker å holde i.
Sjå Anette sin Instagram