Skulle berre heim ein liten tur...
I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?
Peter Førde er passande nok fødd og oppvaksen i Førde. Og sidan han var liten, har han visst kva han ville bli: Skodespelar!
Etter vidaregåande jobba han eit år på Naustdal Dampbakeri, før han reiste til Romerike Folkehøgskule, kjent som eit oppdrettsanlegg for skodespelarar og artistar. Så vende han merksemda si mot New York. I 2010 flytta han dit, for å utdanne seg til skodespelar ved The Lee Strasberg Theatre & Film Institute.
Ferdig utdanna kombinerte han jakta på roller med andre jobbar, blant anna som managing partner i eventselskapet Mint Events i New York. Inni mellom reiste han heim og tok oppdrag i Norge, blant anna i Kinnaspelet.
Å slå gjennom som skodespelar er det mange som drøymer om, men nålauget er trongt. Men i 2019 såg det endeleg ut som Peter kunne fokuserer meir og meir på skodespelaryrket. Han fikk ei rolle i storfilmen «Tunnelen», med Torbjørn Harr i hovudrolla, (bilete under) og i den norske kortfilmen «Noko Stort». Ved starten av 2020, låg ei ny rolle og venta på han, i ein ny serie som skulle produserast for ei norsk strøymeteneste.
Vende heim i god tid
I mars i fjor sette Peter seg på flyet, for å reise heim til Førde til innspelinga av denne serien, som skulle starte opp i midten av mars 2020.
– Eg kom heim 8. mars, og gleda meg veldig til å komme i gang med innspelinga. Etter nokre dagar vart alt stengt ned grunna korona-pandemien. I starten sat eg i limbo heime hos foreldra mine, og ante ikkje kva eg skulle finne på. Og der vart eg sittande arbeidslaus fram til slutten av april, før eg fann ut at eg måtte ta grep, seier han.
Det grepet var å skaffe seg noko å jobbe med. I eit heilt anna bransje enn den han kom frå.
– Eg sende ein mail til heimetenesta, og fikk raskt jobb der. Eg fikk opplæring, og har sidan jobba 100 prosent, og vel så det. I tillegg jobba eg litt ekstra på sjukehuset som portør, seier han og fortel at målet var å kvitte seg med mest mogleg «studielån».
– Eg måtte ta opp eit vanleg lån i høve studia, sidan det ikkje kom under vanlig studielån. Målet var å bli kvitt mest mogleg, og i mars i år er lånet vekke, seier han nøgd.
– I starten sat eg i limbo heime hos foreldra mine, og ante ikkje kva eg skulle finne på
Tilbake på sporet igjen i mars
– Korleis er det å måtte ta ein pause i jakta på roller, og ta andre jobbar?
– Det har gått greitt. Det gikk ei stund, så fikk eg beskjed om at selskapet bak TV-serien fikk med seg finansieringa vidare, og at eg er med vidare. Produksjonen vart flytta eit år fram. Planen no er å starte opp med innspelingar i Norge 22.mars, og etterkvart i Europa, alt etter korleis ting utviklar seg. Difor har eg fokusert på å jobbe det eg kan, vere til stades i kvardagen og kvitte meg med gjeld. Det er fokuset, så kan vi gire opp karrieren igjen når det lysnar, seier han og held fram.
– Det er ein ting eg har lært meg undervegs i livet: Før stressa og jaga eg veldig etter ting. Så byrja eg å finne roen, og oppdaga at ting har ein tendens til å ordne seg. Rollene eg har fått dei siste åra har på eit vis funne meg, meir enn eg jaga etter dei. I yrka eg har valt, så er det litt sånn at «shit happens». Og så må ein ta det på strak arm. Difor har eg valt å ikkje stresse, og heller sjå på det som spennande å prøve noko nytt, seier han.
– Ting har ein tendens til å ordne seg
Skummelt, men givande
Å byrje i eit nytt og krevjande yrke, der ein ikkje har liknande arbeidserfaring, kan sjølvsagt opplevast som skummelt.
– Eg har hatt ansvar for store eventar, bilshow og liknande i USA. Det er ein sinnsjuk kabal, der ein skal halde styr på hundrevis av menneske. Då skulle ein tru at det å komme inn i huset til noko og møte ein person burde vere enkelt. Likevel er det litt skummelt. Ein blir nervøs når ein skal gjere nye ting. Kva møter meg? Det er ein jobb der ein blant anna må hjelpe menneske i sårbare situasjonar, seier han og fortel at han bestemte seg for å møte den nye jobben med vilje til å lære.
– Eg hoppa inn i det og tok ting på strak arm. Eg kom inn i det som ein person som ikkje kan dette, så innstillinga var at eg skulle lære. Fordelen er at eg kjem frå jobbar der du lærer deg å kjenne menneske, og eg føler eg er flink til å sjå folka rundt meg. Då ordnar det seg, seier han og fortel at han stortrivast med jobben.
– Å jobbe i heimetenesta er heilt konge. Det er ein fantastisk jobb, som eg trivast i. Eg har i grunn aldri hatt ein «vanleg» jobb, som eg trivast så godt i. Det å jobbe «8-4», og så ha fri etterpå er også veldig kjekt. Arbeidsmiljøet er fantastisk, eg var særs godt motteke frå første stund, og følte meg velkommen. Kollegaene er flotte, og leiarane er hyggelege og let meg jobbe mykje, smiler han.
– Å jobbe i heimetenesta er heilt konge
Godt å hjelpe andre
Raskt fann han ut kor givande det kjennes å jobbe i heimetenesta.
– Heimetenesta er viktig for folk. Det er mange som kan bu heime, fordi dei får den hjelpa. Du merkar og kor mykje folk set pris på det når du kjem heim til dei for å hjelpe dei. Det gir ei god kjensle, som eg ikkje har fått i andre jobbar. Du får mykje glede og positive tilbakemeldingar, som eg merkar har gitt meg betre sjølvkjensle også, seier han.
– Skodespelaren i meg har alltid vore nysgjerrig på folk. Eg syns det er spennande å møte nye menneske. Det er ei fin side med denne jobben: Eg møter og pratar med folk eg elles aldri ville møtt, i andre sosiale settingar enn eg elles ville hatt. Det fører ein innom tema det elles ikkje ville vore naturlig å komme innom.
Lærer folk å kjenne på ein ny måte
Jobben har både gleder, og sorger.
– Du møter mange ulike skjebnar når du jobbar i heimetenesta. Du treff folk som nærmar seg slutten av livet, og unge som er låst av tragiske omstende. Du lærer deg å sette pris på ting på ein heilt anna måte. Det gir meg nye erfaringar, og gjer at eg set meir pris på kvardagen og helsa mi. Ein innser at eg har lite å klage over. Det styrkar meg som person, og som skodespelar, noko eg er svært takksam for, seier han og fortel at denne karrieren likevel snart er over.
– Planen no er å jobbe her fram til byrjinga av mars, så blir det innspeling 22.mars. Planen er å filme i bolkar, slik at vi jobbar i turnusordning. Eg håpar å kunne ta ekstravakter i heimetenesta i fri-periodane, og halde begge karrierane gåande til eg reiser tilbake til USA.
– Du lærer deg å sette pris på ting på ein heilt anna måte
Eit annleis år, frå utsida
Etter 10 år i USA, kan ein kanskje tenke at 2020 var eit gunstig år å ta ein pause. Men planen er livevel å reise tilbake.
– Likevel er planen å vende tilbake. Eg har inne ein søknad om green card, som vart utsett på grunn av koronaen. Men det har vore særs interessant å sjå USA frå utsida i denne perioden. Det har jo vore heilt gale der borte dei siste åra, med Trump og Black Lives Matters og andre store hendingar. Nyhenda ein får i USA er ofte veldig lokale. Du får heilt andre, og vidare perspektiv på kva som skjer der borte frå Norge, enn kva eg fikk frå New York. Eg håpar å få ting på plass til hausten, slik at eg kan dele tida mi 50-50 mellom USA og Norge.
Under kan du sjå kortfilmen “Noko Stort”, regissert av førdianaren Stian Hafstad.