Kategorier


Arkiv

Vurderer du å kjøpe ny seng bør du lese dette

Vurderer du å kjøpe ny seng bør du lese dette

ANNONSØRINNHALD FOR MØBELRINGEN FØRDE VAREHUS

Cirka ein tredel av livet ditt brukar du i ei seng. Difor er ei kvalitetsseng ei av dei beste investeringane du kan gjere. Møbelringen Førde Varehus samarbeider tett med Wonderland – og sit på kompetansen og erfaringa som sikrar deg rett seng.


– Sal av senger og madrassar tok av i fjor, og står no for omtrent 1/3 av omsetnaden i møbelbransjen. Den posisjonen vart veldig styrka i fjor, og salet har halde fram med å auke i år. Hos oss er det kvalitetssenger frå Wonderland som toppar våre sals-statistikkar, seier Anders Ole Sunnarvik, som er medeigar og innkjøpar for Møbelringen Førde Varehus

Wonderland Harmony

Wonderland Harmony

Ei god seng er det viktigaste møbelet i eit hus
Sunnarvik har i ein mannsalder selt senger til sunnfjordingar. Det gir han unik kompetanse, som han kombinerer med eit levande engasjement for å selje gode senger. Og det har han som nemnt selt mykje av det siste året. Ei forklaring på det er at vi har hatt tid og pengar til overs.

– Vi nordmenn likar å pusse opp heimen vår. Det har vi merka i enno sterkare grad det siste året. Når vi ikkje kan reise, brukar vi tid og pengar på heimen vår. Soverommet er eit lett rom å pusse opp, og senga er det viktigaste møblet vi har i huset vårt, seier Sunnarvik.  

 

Ei god natt søvn – gir effekt på kropp og sjel
Omlag ein tredel av livet vårt ligg vi i ei seng, noko som også speler inn på folks kjøpevanar.

– Ei anna årsak til at stadig fleire investerer i kvalitetssenger og god søvn, er det stadig sterkare helsefokuset i media. Vi veit jo det alle som ein: God søvn er ei av dei viktigaste brikkene i høve god helse og livskvalitet. Du merkar det raskt på både kropp og hovud etter nokre netter med dårleg søvn. Ei god seng hjelp deg ikkje i seng, men du merkar kvaliteten godt på kroppen når du ligg i den, seier han.

Wonderland Windsor

Wonderland Windsor

 Ei god seng er ei investering i helse, god søvn og livskvalitet
– Kan eg ikkje berre kjøpe meg ei billig seng, og byte ofte?
– Personleg vel eg å investere i ei seng som gir meg rett liggestilling og komfort, heller enn å kjøpe ei billig seng som ikkje er bra for kroppen din. God helse og komfortabel, god søvn som gir god livskvalitet er det viktigaste ein har, seier han og held fram.

– Når eg byrja med innkjøp av senger, søkte eg kunnskap. Eg snakka mykje med ein fysioterapeut som utvikla senger for ein norsk fabrikant. Han fikk meg til å skjønne noko viktig: Ein rygg tåler mykje, over mange år, men ligg du feil over tid utviklar du før eller seinare problem, seier Sunnarvik engasjert.
– Eg hadde ein kunde for litt sidan, som sleit med ryggen, og med å finne seng som passa. Han kjøpte ei god seng, som diverre ikkje passa han. Difor kom han innom igjen. Eg ordna han ein særs god pris på ei veldig god seng. Etter nokre veker kom han innom og takka. Han hadde ikkje sove så godt på mange år, og hadde fått eit nytt liv. Å sove godt, det er så viktig!

Wonderland Diamante

Wonderland Diamante

Wonderland lar deg skreddarsy senga til din kropp
Eit problem for mange er at senga fører til at ein ligg feil og for samankropen. Det påverkar kroppen din negativt over tid.
– Difor er soneinndeling viktig, seier han engasjert og viser på ei plansje. – I ei god seng skal ryggraden vere plan, og senga skal tilpasse seg kroppen. Difor har ei kvalitetsseng soner med ulik fastleik. Kvar madrass kan også tilpassast individuelt, ut frå kva fastleik som høver best.  Wonderland tilbyr også sengebotnar som ein kan regulerer fastleiken på, seier han.
– I tillegg er overmadrassa ein viktig del, som har mykje å seie for komforten. Ei god overmadrass hever ei god seng til ei særs god seng. I sum betyr reguleringane og vala du kan gjere at Wonderland-senger kan tilpassast eit kvar behov, og ein kvar kropp.

Anders Ole forklarar kor viktig ei god madrass er, for å gi deg korrekt liggestilling

Anders Ole forklarar kor viktig ei god madrass er, for å gi deg korrekt liggestilling

 Ei Wonderland-seng har du i minst 10-15 år
– Kor ofte bør ein byte seng?

– Det varierer, ut frå fleire faktorar: Kroppsvekt og høgde speler til dømes inn. Normal brukstid på ei kvalitetsseng er 10-15 år, men mange byter seng etter cirka 10 år. Når det gjeld overmadrassa så bør den skiftast etter 4-5 år. Og så kan ein jo «kjøpe» seg opp ved å investere i ei betre overmadrass.

– Og kva seng søv du Anders Ole i?
– Eg har ei Wonderland Diamante med Superior Latex overmadrass. Det er ei fantastisk god seng, som passer meg perfekt. Det er den beste senga eg har hatt, og eg er veldig glad i den.

 

Eit godt samarbeid - som er din garanti for gode netter
Møbelringen Førde varehus samarbeider tett med sengeprodusenten Wonderland. Dei sel faktisk sel nest mest Wonderland-produkt i Norge blant alle Møbelringen-butikkane.  
– Wonderland er ein kortreist leverandør av kvalitetssenger, frå Åndalsnes, som leverer fantastiske produkt. Eg sit i marknadsrådet til Møbelringen sentralt. Kjeda vår jobbar tett opp mot dei på produktutvikling. Det har vi gjort det over lang tid, og det gir oss unik kompetanse på senger og madrassar. Det kjem kundane til gode når vi skal finne rett seng til kvar person, i høve fastleik, stopping, soneinndeling og kva overmadrass ein skal velje, seier han.

 

Annonsørlenke

Du kan følgje Møbelringen Førde Varehus på Facebook

 
 
Anders Ole demonstrerer den nye regulerbare sengebotner til Wonderland.

Anders Ole demonstrerer den nye regulerbare sengebotner til Wonderland.

Innovasjon og utvikling i 52 år
Sunnarvik beskriv Wonderland som eit innovativ selskap, som ligg i forkant.

– Wonderland er eit norsk industrieventyr! Dei har teke dei rette grepa, i form av innovasjon og produktutvikling. Dei samarbeider med Møbelringen og innovative leverandørar som Plasto, som var med på å utvikle ein regulerbar sengebotn, som ein kan endre fastleiken til, seier Sunnarvik og demonstrerer med å hoppe på sengespilene, for å vise at dei fullt stramma tåler vekta av ein vaksen kar.

– Via fagkunnskap, forsking og høgteknologi har dei vidareutvikla produkta sine. Tradisjonelt sett har ein konkurrert med lågkostland i Baltikum i dette segmentet. Wonderland klarar å konkurrere på pris og leverer vesentleg betre produkt, med kortare leveringstid. Det har vi merka veldig no i koronatida. Kort leveringstida er ein fordel for norsk møbelindustri.

 
 
Marknadssjef i Wonderland, Kurt-Arild Dahle

Marknadssjef i Wonderland, Kurt-Arild Dahle

Wonderland – norskproduserte senger frå Romsdalen
På Åndalsnes, midt i den ville, vakre naturen i Romsdalen, produserer Wonderland norske kvalitetssenger. Det byrja i 1969, med produksjon av skumplast til møbel-bransjen.

– Vi vart ein del av møbel-klynga mellom Åndalsnes og Ålesund, og hadde frå start av sterkt fokus på å lage madrassar. Vår filosofi er å forstå menneske sitt behov for god søvn, og kva kroppen treng for å restituerer godt. I Wonderland ønskjer vi å bidra til at verda søv betre, og vår jobb er å lage dei beste sengene, fortel marknadssjef i Wonderland, Kurt-Arild Dahle.

Åndalsnes. Foto: Anunatak

Åndalsnes. Foto: Anunatak

Samarbeider med både søvnforskarar og Møbelringen, for å skape betre senger
Bak sengene til Wonderland ligg sterk satsing på forsking og utvikling.

– Vi har sterkt fokus på å forstå korleis folk søv, slik at vi kan lage og optimalisere senger slik at dei er best mogleg å sove i. Vi satsar på forsking og utvikling, og jobbar med søvnforskarar, for å lage senger som gir god søvn. Det er driven vår, seier han og held fram.

– I tillegg til innsikta vi får gjennom søvnforsking og vår eiga forsking, utviklar vi oss i tett samråd med kundane våre, altså forhandlarane av sengene. Det er også ein nøkkel til å lukkast. Vi har jobba tett med Møbelringen i mange år, og for tida til dømes eit samarbeid med dei, som går på dette med bærekraft, for å skape gode, framtidsretta løysingar.
Til saman blir dette til fantastiske senger, skapt i ei blanding av teknologi og handarbeid.
– Det ligg mykje forsking, utvikling og teknologi bak ei god seng. Og så krev det også mykje handverk. Til dømes har vi 30 dyktige handverkarar som sit her på Åndalsnes og syr. Totalt sysselset vi over 100 tilsette.

Det ligg mykje teknologi bak ei god seng. Men det sit også 30 tilsette og utfører handverk, for å skape sengene til Wonderland.

Det ligg mykje teknologi bak ei god seng. Men det sit også 30 tilsette og utfører handverk, for å skape sengene til Wonderland.

Eit industrieventyr
Wonderland har blitt ein av dei leiande sengeprodusentane i Skandinavia.

– Det har gått rett veg. Vi har for tredje år på rad over 300 millionar kroner i omsetnad, og vi bygger oss sakte og sikker oppover, seier Dahle, som fortel at dei merka koronaen når den trefte landet.
– I starten av koronaen måtte vi permittere. Så tok det av. Når folk ikkje fikk reise, investerte dei i hus og heim. Vi har hatt ein god periode, men det er ein spent situasjon, med stor uvisse framover. Men vestlendingar er robuste, og vi gjer dei tilpassingar vi må i framtida. Wonderland har investert mykje i teknologi og produktutvikling, og står på solid grunn, slik at du kan sove godt.

 
Skulle berre heim ein liten tur...

Skulle berre heim ein liten tur...

Brukte brørne som forsøkskaninar

Brukte brørne som forsøkskaninar