Kategorier


Arkiv

Brukte brørne som forsøkskaninar

Brukte brørne som forsøkskaninar

I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?


Etter psykologi-utdanning på  Universitetet i Bergen,  byrja Andrine Bruland i jobb som psykolog i 2011. Sidan har ho jobba med gruppeterapi i fengsel, gjort sakkyndige utreiingar for retten, jobba heime hjå familiar, og med par, barn, ungdom og vaksne, på skular, kontor og helsestasjonar. Ho har vidareutdanning i parterapi og spesialistutdanning i familieterapi. Nyleg vart ho sjølvstendig næringsdrivande, og tilbyr i tillegg til terapi, rettleiing på skular og arbeidsplassar, held førelesningar, og formidlar psykologi skriftlig.

I dag er ho blitt, etter eigen kalkulering, 29 år og 70 månadar, og har slått seg til ro i Bergen.

– Der eg bur med katten May (som i Brian (frå gruppa Queen, red.merk)), og mine to gutar på 13 og 8 år. Eg har også ein kjærast, og tre bonusjenter, seier ho.
Der nokon har ein klår tanke om kva dei skal bli når dei blir stor, hadde Andrine mange.

– Eg har hatt lyst til å bli sånn cirka alt gjennom oppveksten: Skodespelar, frisør, tannlege, forfattar, journalist, you name it. Men eg har alltid interessert meg veldig for menneske – og helst litt på avstand, seier ho.

– På skulen var eg mykje meir opptatt av å studere lærarane, enn av å høyre kva dei sa, i alle fall om ikkje temaet interessert meg veldig, og deretter få dei andre i klassen til å le ved å parodiere dei.

– Kvifor ta steget til sjølvstendig næringsdrivande?
– Dette er heilt fersk, så det er tidleg å seie at det har gått bra, men til no har det gått veldig bra! Dei siste fire åra har eg vore leiar og rettleiar for andre terapeutar, og det var nydelig å komme tilbake til direkte møter med klientane igjen. Og så er det viktig for meg å kunne styre dagen min sjølv. Her ligg alle moglegheiter opne, eg kan starte grupper, eller reise rundt og rettleie, det er berre fantasien som set grenser.



–  På skulen var eg mykje meir opptatt av å studere lærarane, enn av å høyre kva dei sa

Brukte brørne som forsøkskaninar
Interessa for menneske gav seg etterkvart utslag.

– Mamma hadde ei tjukk bok om barneoppdraging i bokhylla. Den leste eg med stor iver fleire gongar, og eg brukte gjerne brørne mine, som er 8 og 10 år yngre enn meg, som forsøkskaninar. Men det har gått ganske bra med dei altså, lovar ho.
– Eg trivdas i rolla som storesøster, og å vere den som kunne hjelpe når nokon var redd eller lei seg. Eg valte media og kommunikasjon på vidaregåande med tanke på å bli journalist, men så mista eg litt interessa for det undervegs. Kanskje vart det for mange reglar og fristar for skrivinga. Eg lånte nokre bøker om psykologi av tanta mi, som er sosionom, og syntes det var veldig spennande. Eg tok også psykologi valvag på vidaregåande, og tenkte at det ville vere fint å kunne jobbe med å hjelpe andre til å føle seg betre. Eg hadde ingen tru på at eg skulle kunne komme inn på studiet, men foreldra mine pusha meg til å prøve, og så gikk det av ein eller anna grunn, seier ho.  

web1.jpg

 Burde opna for fleire typar menneske
– Fortel om vegen frå du bestemte deg for dette, til du var ferdig utdanna?

– Løpet var litt annleis då enn det er no. Det var lett for kven som helst å komme inn på grunnkurs i psykologi, men derifrå til sjølve profesjonsstudiet var det loddtrekning mellom dei som fekk A i alle fag på grunnkurset. Eg trur eg fekk ein B, og brukte eit halvt år til på å ta om igjen det faget og få A. Deretter fekk eg plass i Bergen eit halvt år fram i tid. Det halve året brukte eg på å reise til Australia aleine og bli tjukk og blakk, fortel ho.
– Og så kom eg til Bergen i 2006, og byrja på det femårige profesjonsstudiet. Hadde inntaket her vore basert på karakterar frå vidaregåande, slik det er no, hadde eg aldri komme inn. Eg syns det er synd at ein må vere særs skuleflink i alle fag for å bli psykolog. Det er ikkje berre skuleflinke folk ein treng å møte når ein strevar med ting. Eg kunne ønske at det var meir opent for ulike typar menneske, og heller basert meir på eigenskapar som openheit, varme og evne til å ta andre sitt perspektiv.



Det er synd at ein må vere særs skuleflink i alle fag for å bli psykolog



Lite som har ein fasit  
Studie gav henne, som studium ofte gjer, auka innsikt om at ting ikkje alltid er så enkelt som at 1+1 =2.

– Studiet var enormt lærerikt og spennande, og det var ei fin tid sosialt. Eg trudde kanskje at eg skulle lære masse spennande samanhengar og løyndommar om menneskets psyke, men ein får i grunn berre ei økt forståing av at det er lite som har ein fasit. Livet på sida av førelesningane var også ein viktig del av utdanninga. Eg fekk barn, gifta meg, skilte meg og kom meg gjennom ein tøff depresjon i løpet av dei første åra på studiet, og eg er takksam for å ha med meg desse erfaringane i jobben min. Eg hadde også praksisplass i Bergen Fengsel på slutten, og det er noko av det eg har lært mest av. Menneske som gjer forferdelige ting, er som regel ikkje forferdelige menneske. Ein bør ikkje dømme medmenneske for handlingar gjort under gitte forhold, om ein ikkje sjølv har stått i dei same forholda, seier ho.  


Slapp ikkje heilt media
Den tidligare tanken om medieutdanning slapp ho, men ikkje skrivinga. Andrine har markert seg som debattinnleggsforfattar med stor slagkraft ved fleire høve, i tillegg til å ha vore spaltist i Fylkesmagasinet i ei årrekkje.

– Skriving har alltid vore ein del av meg. Eg har funne dagbøker, dikt og forteljingar frå eg var seks år. Eg drøymer framleis om å bli forfattar, og målet er å gje ut minst ei bok før eg døyr. Så det er berre å ta kontakt, seier ho og fortel kvifor.
– Det har vel kanskje med at eg alltid har blitt lest for, eller lest bøker. Eg var eineborn i 8 år, og hadde mykje tid og rom til å skape eit rikt indre liv. Eg tenker liksom litt i skriftleg form. Når eg sit på bybanen eller går tur, kan eg få scener til ei bok i hovudet. Om eg reagerer på ting, så er det lettare for meg å skrive det, enn å seie det. Det vere seg i form av eit debattinnlegg, eller ein SMS til den det måtte gjelde. Litt tilbake til det at eg gjerne observerer menneske litt frå avstand, og reflektera over dei, noko som passar fint både i skriftleg form og som psykolog, seier ho.



– Eg drøymer framleis om å bli forfattar

web_7966-kopi.jpg

Ein kan bli litt overvelda, i blant
– Kva er det beste med jobben din?

– Når du møter menneske som har eit negativt eller håplaust bilde av seg sjølv og sin situasjon, og du gjennom samtaler, små oppgåver og tilbakemeldingar, får sjå dei få gleda og mestringskjensla tilbake. Når dei kjem inn i time nummer fem med eit stolt smil, og seier ”eg fortalte det til kjærasten min, og det gjekk faktisk sjukt bra”, eller ”i går var eg inne i ein butikk for første gong på seks år”, det er den beste kjensla i heile verden. Eg elskar det, slår ho fast og deler den verste sida med jobben.

– Når ein føler at ein ikkje er til hjelp. Og eg kan nokre gongar bli litt overvelda av kor mykje drit som finst i verda, som folk må stå i. Særleg born. Men då gjeld det jo å tenke at det å kunne hjelpe nokon, er betre enn ingen, seier ho og deler korleis det påverkar ho å heile tida møte menneske i utfordrande/vanskelige livssituasjonar?

– Det kan på ein rar måte være litt fint. Livet er utfordrande og vanskelig, og eg blir glad og oppløfta av at folk vågar å dele det med nokon, og forsøker å finne måtar å takle det på. Eg syns vi skulle hatt fastpsykolog, på same måte som fastlege, og mykje lågare terskel for å ta kontakt. Eg kan også ofte bli fylt av stor takksemd over alt som ikkje har ramma meg, og alt det gode eg faktisk har. Men så er det litt krevjande av og til å bære deler av det eg får høyre og ta del i, særleg når det er vanskeleg å sjå løysingar. Det hender ofte at eg drøymer om klientane mine, eller tenker på dei utanom jobb, når eg veit at dei er ute og øver og strevar med sitt. Det er ein jobb som ein ikkje kan stemple inn og ut til bestemte klokkeslett, men slik er det jo i veldig mange andre yrker også, seier ho.



– Eg syns vi skulle hatt fastpsykolog



Ein må evne å sjå ulike perspektiv
– Kva eigenskapar krev yrket ditt?

– Eg trur det viktigaste som psykolog er at ein har god evne til å sjå ulike perspektiv, og kunne sette seg inn i korleis andre kan sjå og oppleve ting heilt annleis enn deg sjølv. Ein må være open og ikkje-dømmande. Og så må ein vere varm, og klare å finne noko å like ved absolutt alle. Ein må klare å lytte, masse, og bruke informasjonen på ein god måte, utan å blande inn sine eigne greier. Og eg trur det er ein stor fordel å ha gode, nære folk rundt seg på privaten, som kan gi deg litt omsorg og lytte til deg, seier ho og held fram.

– Eg meiner også eg at ein bør våge å dele dei refleksjonane ein gjer seg. Det er jo ulike retningar innanfor psykologi, og nokre stilar handlar om å berre reflektere tilbake til klienten det han eller ho seier, og la klienten komme fram til ting sjølv basert på dette. Då er eg meir fan av å berre kunne seie: ”Hallo i luken. Eg forstår at målet ditt er å beskytte tenåringen din, men held du fram med å snakke sånn til ho, så sluttar ho snart å komme heim i det heile teke”, slår ho fast.


Strikke-detox
– Kva gjer du på når du ikkje jobbar?

– Strikking er mi form for detox. Det set hjernen på pause, og gjev meg ro i sjela, så det er eg avhengig av. Elles er livet ganske todelt. Eine veka har eg gutane mine heime, og då går tida til fotballtrening, lekser, middag, og høgtlesing eller TV. Annakvar veke er eg og kjærasten utan barn. Då går vi tur, trenar, les bøker, diskuterer fag, spelar musikk. Vi er veldig glade i musikk begge to, og no kryssar vi alt vi har for at det skal bli festivalsommar i 2021, seier ho.

 
Vurderer du å kjøpe ny seng bør du lese dette

Vurderer du å kjøpe ny seng bør du lese dette

Prøvar å verkeleg leve – kvar dag

Prøvar å verkeleg leve – kvar dag