Mindor og JKE Førde – løyser drøymekjøkkenet igjen
Då Sølvi Bente Stavø og mannen skulle planlegge nytt kjøkken i den nye leilegheita, var valet enkelt. For tredje gong gjennom åra fall valet på JKE Førde – og kjøkkenkonsulent Mindor.
– Når du har funne ein leverandør som verkeleg forstår deg og behova dine, kvifor byte? seier Sølvi Bente
Grunna flytting har paret kjøpt fleire kjøkken opp gjennom åra, og erfaringa har gjort dei trygge på kva dei ønskjer – og kva dei ikkje treng. Denne gongen var målet eit kjøkken som ikkje nødvendigvis var stort, men funksjonelt, sosialt og godt tilpassa kvardagen
Familien samlast rundt kjøkkenet – her blir både kvardag og helg ekstra hyggeleg.
Eit kjøkken som blir brukt
Kjøkkenet er integrert i stova, og blir flittig brukt – både til kvardags og når familien er samla. Då JKE Førde var på besøk for å sjå det ferdige kjøkkenet, var både dottera og to barnebarn til stades, og kjøkkenet var i fullt bruk.
– Kjøkkenøya er kanskje det viktigaste for oss. Der kan vi sitje og ete, prate og vere saman. Vi sit ofte her, fortel Sølvi Bente.
Steinplate på kjøkkenøya, god sitjeplass og smarte løysingar gjer at kjøkkenet fungerer like godt til matlaging som til samvær.
Kjøkkenøyen med steinplate er perfekt til både matlaging og samvær.
God rettleiing – og mot til å prøve noko nytt
Sjølv om paret har hatt lyse kjøkken tidlegare, valde dei denne gongen å gå for eit mørkare uttrykk i den nye leilegheita.
– I nybygget kjende vi at det var kjekt å prøve noko nytt. Vi landa på eit kjøkken i røkt eik. Det gir ei lun og eksklusiv stemning, seier ho.
Her spelte rettleiinga frå Mindor ei avgjerande rolle.
– Mindor er utruleg flink til å sjå løysingar og ta ideane mine raskt. Sjølv om vi enda opp med noko heilt anna enn før, forstod han meg med ein gong. Det gir tryggleik i prosessen.
Detaljane som gjer skilnaden
Blant favorittane i det nye kjøkkenet er Quooker (vasskran som kan gi kaldt, varmt og kokande vatn frå same kran), glasskap og ei romsleg kjøkkenøy med steinplate. I tillegg har kjøkkenet fått eit spisskammers som er smart løyst som eit eige rom, skjult bak det som ser ut som eit vanleg høgskap.
– Spisskammerset er eigentleg eit lite rom, men døra går i eitt med høgskapa, så det ser berre ut som eit skap. Det er både praktisk og veldig ryddig, fortel Sølvi Bente.
Spisskammeret er skjult bak døra som ser ut som eit høgskap – praktisk og ryddig.
Steinplata går heilt opp bak vasken og gir eit reint og heilskapleg uttrykk, medan gjennomtenkte lysløysingar løftar både funksjon og stemning.
– At det er lys i begge glasskapa, og at steinplata går i eitt bak vasken, gjer ein stor forskjell. Det er dei små detaljane som løftar heilskapen.
Glasskapa med lys og gjennomført steinplate gir kjøkkenet eit eksklusivt preg.
Ei investering for livet
For Sølvi Bente og mannen handlar kjøkkenval ikkje berre om utsjånad, men om funksjon, kvalitet og ei løysing som varer over tid.
– Vi er veldig fornøgde. Kjøkkenet blir brukt mykje, og det gjer kvardagen både enklare og kjekkare.
Ho er ikkje i tvil om kven ho vil anbefale vidare.
– Eg anbefaler JKE Førde på det sterkaste – og Mindor spesielt. Alt skjer på ein gong, og du blir ivareteken gjennom heile prosessen. Difor har vi brukt han fleire gonger, avsluttar ho.



