På tide med nytt kontorbygg for bedrifta di?
Innhaldssak AK Stang Eiendom
Er du på jakt etter eit moderne, fleksibelt og prisgunstig kontorlokale? Leit ikkje lenger; Firdavegen 12, det gamle Firda-bygget er ledig for utleige. Bygget var i mange år heimen til lokalavisa, og på det meste husa bygget over 50 menneske i arbeid. Firda Mediabygg, som bygget heiter, er organisert som eit eige aksjeselskap, eigd av AK Stang Eiendom AS sidan 2013. Bygningen vart reist av Avisa Firda i 1988, og inneheld eit trykkeri i 1. etasje og kontorbygg fordelt på to etasjar. No når Firda har flytta inn i Nynorskhuset, står det praktiske redaksjonslokale i 2. etasje klar til neste leigetakar. Her er 790 m² med kontorlokale ledig, og utleigaren kan skilte med 30 til 40 kontorplassar. Dette kan du gjere om til ditt eige!
Ingenting å sei på lokasjonen til bygget. Kort veg til sentrum og mange parkeringsplassar rundt lokalet.
Mykje for pengane
Ole André Reiakvam er dagleg leiar i Firda Mediabygg, og no på jakt etter neste leigetakar. – Her kan ein verkeleg få mykje for pengane. Dette er areal med mykje potensial, som vi kan tilby til ein god pris. Vi er fleksible, og kan leige ut alt saman til éin kunde, eller delar av lokalet til fleire. Då kan vi og bidra med å legge lokalet til rette akkurat sånn som kunden vil ha det. Dersom ein ønsker å endre noko er det enkelt å ta opp og ned veggar, måle og gjere endringar, forklarar han med et smil.
5 gode grunnar til at det er verdt å flytte inn i Firdavegen 12
Lokasjon, lokasjon, lokasjon
Firdabygget ligg sentralt til på Øyrane i Førde. Det er nært riksveg 5, og omtrent 500 meter frå Førde sentrum. Her er god tilkomst, og kjem du frå vest slepp du rushtrafikken i sentrum. I tillegg kan utleigarane skilte med fleire titals parkeringsplassar til dei tilsette.Prisgunstig
Utleigarane lovar eit gunstig prisnivå i dagens marknad. I tillegg er det moglegheit for ytterlegare tilpassingar til leigetakarens budsjett og behov.Forbetringar
Bygget er frå 1988, men det betyr ikkje at oppgraderingane har stått stille. Det er tatt grep for å gjere bygget meir praktisk og moderne. I 2014 var det gjort ombyggingar i 2. etasje, og det vart også gjort ombyggingar og tilpassingar til aktivitetssenter i 1. etasje i 2016. Sommaren 2018 og 2019 vart det bygd nytt inngangsparti og ein større del av fasaden i 2. etasjen vart skifta ut. Med betre isolering og nye vindauge får dei tilsette eit betre kontormiljø.Her er alt du treng
Bygget har mange mogelegheiter, og det er enkelt å endre på dei eksisterande løysingane. Arealet til leige har to inngangar, og ein heis til hovudinngangen. Med store vindauge skin sola inn store deler av dagen. Ein bruker mykje av dagen på jobb, og det er viktig med dagslys. Det har utleigarane stor forståing for; og kantina på bygget gir dei tilsette eit viktig og sosialt avbrekk i gode solforhold. Det kan gi betre trivsel og produktivitet. Og sjølvsagt har bygget fleire praktiske toalettfasilitetar.Rask innflytting
Lokalet er klart til bruk som det er i dag, men kan òg tilpassast med kort leveringstid
I si tid var redaksjonsavdelinga til Firda over 50 tilsette; men dei hadde god plass i Firdavegen 12.
Interessert? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Firdavegen 12 er ein god moglegheit for deg som ønskjer fleksible og prisgunstige kontorlokale. Enten du har ei stor bedrift eller er ein mindre aktør, kan vi finne ei løysing som passar deg. Lokala er klare for innflytting, og AK Stang Eiendom og Firda Mediabygg skal sørge for at du får mest mogleg verdi ut av arbeidsplassen din.
Kontakt Ole André Reiakvam for meir informasjon og uforpliktande vising:
Telefon: 952 96 648
E-post: oar@akstang-eiendom.no
Ole André Reiakvam kan hjelpe deg med fleksible og prisgunstige kontorlokale.