Kjøkken, bad og garderobe for livet

Midt i Sentrum Sør finn du JKE Design. Å tre inn i butikken er litt som å komme heim. Stemninga er lun og varm, og du blir alltid møtt av ein smilande og imøtekommande Mindor Sellevold. JKE er kjent for sitt stilreine, nordiske design og sin høge snikkarkvalitet, og butikken i Førde sentrum er ikkje noko unntak.

Pikant: Mat, opplevingar og godt selskap i hjartet av sentrum sør

1. november tok Susanne Nyttingnes Kragseth over stafettpinnen på mat- og vinhuset Pikant. Sjølv om ho er relativt ny som dagleg leiar, er ho ikkje eit ukjent fjes i den populære restauranten. Ho begynte tilbake i 2020, og skulle eigentleg berre vere i tre månadar. Men så skjer livet, slik det ofte gjer, og no leiar ho restauranten som år etter år tronar på førsteplass over spisestadar i Førde på Trip Advisor.

Førde sin største endorfinfabrikk

I store lokale midt i sentrum sør held Spenst Førde til. Med sine 3 500 kvadratmeter er dei ein av Norges største Spenst-treningssenter, og det største senteret i vår region. Dei er ein del av Helsehuset Førde, og i tillegg til Spenst finn du også fysioterapeut, psykolog, lege, urolog og manuellterapeutar under same tak.

Sikkerheit og service

Vi kjenner alle til det. Systemet låser seg, alt er svart og lyden fungerer halvvegs akkurat når vi startar eit viktig Teamsmøte. Noko så typisk tenkjer du kanskje, men det slepp gjengen på Vest Rekneskap. Dei får alle sine IT-tenester levert frå Total Data.